Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Kvam bibliotek

Utskriftsvenleg side Lagt ut 17. juni 2014 kl. 14:17 av Ragna Helene Vestrheim
1. Tenestedefinisjon

Kvam bibliotek. Bibliotek- og informasjonsteneste i Kvam herad. (Kostra-teneste 37000/37010).


2. Kven får tenesta

Materialet til biblioteket skal stillast til rådvelde for alle som bur i landet. Alle som skal låne må ha gyldig lånekort. Misleghald av lånereglementet kan føre til tap av lånerett.


3. Korleis få tenesta

Møt opp på ein av Kvam bibliotek sine avdelingar eller lån e-bok direkte på nettet via biblioteket sine nettsider. Biblioteka tek bestilling, rettleiing via telefon og e-post, men vi sender ikkje materiale til heimeadresser.


4. Kva omfattar tenesta

Kvam bibliotek har tre avdelingar:
Hovedbibliotek i Norheimsund
Bibliotekfilial i Strandebarm og Ålvik.

Biblioteka sine samlingar skal i fylgje Lov om folkebibliotek stille bøker og anna eigna materiale gratis til rådvelde. Materialet skal vere allsidig, aktuelt og ein skal vektlegge kvalitet.
Brukarane pliktar å fylgje Lånereglementet for Kvam bibliotek. Lånereglementet skal sikre at biblioteka sitt materiale vert handsama på ein god måte, og at det vert returnert biblioteket i rett tid.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
Brukar kan vente at dei bibliotektilsette gjer sitt
beste for å rettleie i biblioteket sine samlingar.
Brukarane kan vente at bibliotekpersonalet gjer ein
innsats for å skaffe materiale/informasjon som er
tilgjengeleg frå andre bibliotek i landet, dersom
dette er ynskjeleg.
Brukarar har medverknad m.o.t. tenestetilbodet til
biblioteket. Alle kan kome med ynskjer om innkjøp og
nye/endra tilbod. Biblioteket skal utvikle seg innan
pålagde rammer gjennom Lov om folkebibliotek,
gjeldande bibliotekplan og brukarane sine behov.
Ressursane til bibliotektenesta set grenser for
tilbodet.
Brukaren kan vente å verte møtt på ein høfleg og
respektfull måte.

Brukaren sitt ansvar
Det vert venta at biblioteket sine brukarar fylgjer biblioteket sine reglar, og at dei syner høveleg framferd.


6. Erstatningsansvar

Erstatningsansvar. Frå 01.01.2004 må lånarar betale ved for seint innlevert materiale etter andre påminning. Tapt eller øydelagd materiale må erstattast.



7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om folkebibliotek (Lov 1985-12-20-108)
Lånarar har krav på vern om personopplysningar, sjå Forvaltningslova og Lov om personregister og vedteke budsjett.
Dei bibliotektilsette har teieplikt.


8. Klage /Når ting ikkje fungerer

Forslag til endringar/ klage på biblioteket sine tenester kan ein gje til dei tilsette ved biblioteket.


9. Brosjyrer, anna/meir informasjon:

Informasjon om opningstider ved biblioteka:
http://www.kvam.no og http://www.kvam.no/bibliotek
hardangerbiblioteka.no
Vend deg til ditt nærmaste bibliotek for meir opplysningar.


10. Praktiske opplysningar

Opningstider Hovudbiblioteket, Norheimsund

Måndag: 10.00-16.00
Tysdag: 12.00-19.00
Onsdag: 10.00-16.00
Torsdag: 12.00-19.00
Fredag: 10.00-16.00
Laurdag: 10.00-14.00
Adresse: Postboks 13, Høganæsgården, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 17 99 Fax: 56 55 22 00
E-post: bibliotek@kvam.kommune.no.
http://www.hardangerbiblioteka.no/bibliotek/kvam-bibliotek
Kvam bibliotek, hovudbiblioteket i Norheimsund,


Opningstider Strandebarm bibliotek

Måndag: 15.00-18.00
Tysdag: 12.00-15.00
Torsdag:15.00-18.00
Adresse: Strandebarm skule, 5630 Strandebarm
Telefonnummer: 56 55 68 81
E-post: strandebarm.bibliotek@epost.kvam.no


Opningstider Ålvik bibliotek

Tirsdag:15.00-19.00
Fredag: 10.00-14.00
Adresse: Torget, 5614 Ålvik
Telefonnummer: 56 55 34 99
E-post: alvikbibliotek@kvam.kommune.no

Biblioteka har redusert opningstid om sommaren. Sjå oversyn på biblioteket sine heimesider: http://www.kvam.no/bibliotek/

Epost: rhve@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.kvam.no/bibliotek




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no