Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

PPT - Pedagogisk Psykologisk Teneste

Utskriftsvenleg side Lagt ut 13. august 2013 kl. 13:52 av Beate Gauden Lid
1. Tenestedefinisjon (tenestenr. 20210, 21110, 21320)

PPT er sakkunnig instans i høve vurdering av barns behov for spesialundervisning i skule/bhg. PPT skal delta i kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skule og barnehage. PPT skal hjelpa føresette, barnehage og skule med å leggja til rette for utvikling og opplæring til born og unge med særlege behov.


2. Kven får tenesta

Målgruppa til PPT er born i alder 0-16 år som har særlege behov. Føresette og tilsette i skule og barnehage kan be om råd og drøfta problem når dei er usikre på utviklinga til barnet.


3. Korleis få tenesta

* Føresette tilviser barnet skriftleg til PPT i samarbeid med barnehage eller skule.
* Når andre enn føresette ynskjer at barnet skal få hjelp frå PPT, må føresette samtykkja skriftleg.
* Hovudkontakt i saka vert tildelt på inntaksmøtet onsdagar, innan 2 veker etter at saka er tilvist PPT.
* Innan 6 månader frå tilvising vert kartleggingsarbeidet med barnet/eleven oppsummert i ei sakkunnig vurdering, dersom det var bestillinga. Rettleiing kan ta til innan 1 mnd.
* Tilvisingsskjema ligg på Kvam Herad si heimeside.


4. Kva omfattar tenesta

PPT er sakkunnig instans og utfører kartlegging/testing for å avklara behov for eventuelle tiltak. PPT skal utarbeida sakkunnig vurdering dersom barnet ikkje har tilfredstillande utbyte av ordinær undervisning/tilbod.PPT ynskjer eit tett samarbeid med føresette. PPT skal gje sakkunnig tilråding, men det er skulen/kommunen eller andre instansar som gjer vedtak.

PPT skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja betre til rette for born og elevar med særlege behov. PPT skal driva rådgjeving til fagpersonale og føresette, ha samarbeid med andre etatar i førebyggjande arbeid, eller hjelpa til med å ordna behandling hos andre. Skuleåret 13/14 arbeider PPT i 100% med TIDLEG INNSATS ute i skulane, for å auke deira kompetanse i høve å avdekke og hjelpe born tidleg innan særskildt lese/skrive- og språklege vanskar.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At du vert møtt med forståing og respekt.
At tilsette held teieplikta si.
At dei tilsette har fagleg kompetanse.
At PPT held gjensidige avtalar og samarbeider .
Det kan bli noko ventetid ved sjukdom og om sommaren, men akutte tilhøve vil bli tekne hand om.


6. Pris / kostnad

Tenesta er gratis.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Opplæringslova, § 5-6 der det står at alle kommunar skal ha ei PP-teneste.
Forvaltningslova av 2/10-67
Lov om helsepersonell mv. av 2/7-99


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom føresette ikkje er nøgd med oppfylgjinga frå PPT, kan vedkomande ta kontakt med hovudkontakt eller kontorleiar. Ein ynskjer å løysa saka på lavaste nivå og bruka tenesteveg.


9. Klage

Eventuell skriftleg klage skal sendast til PPT med kopi til Oppvekstsjefen.

10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Informasjon om PPT finst på Kvam herad si heimeside. Internettadresse: www.kvam.kommune.no under Tenester/helse og velferd/PPT.
Brosjyrar vert utleverte til borna i barnehagane og utvalde klassesteg og skal vera utlagde m.a. ved helsestasjonane, legekontor, NAV og i resepsjonen i rådhuset.


11. Praktiske opplysningar

Kontoret er ope måndag-fredag kl. 0830 -1530.
Adresse: PPT for Jondal og Kvam,
Postadr.: Rådhuset, 5600 Norheimsund
Besøksadr.: Grovabrotet 8, 4 etasje, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 30 50/56 55 30 00 Fax: 56 55 79 80
E-post: beate.gauden.lid@kvam.kommune.no
Ajourført 13/8-2013 av Beate Gauden Lid

Epost: beate.gauden.lid@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no