

|
Laurdag 25.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Open dag med loppemarknad..
Storeteigen venelag og Bygdagnist inviterer alle til open dag på Storeteigen med stor loppemarknad og ulike aktivitetar og kulturinnslag på tunet.
Program:
Kl 10: Marknaden opnar
Kl 18: Marknaden
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
13:00 Symjing for alle..
Frå måndag 15. oktober 2012 vart det innført betaling for badande:
Born: Einskildbillett kr 25,- / sesongkort kr 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr 50,- / sesongkort kr 400,-
Ein betalar ikkje kont
14:00 Kakaokonsert..
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg k
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
ØIL-barnedisco..
Roger Vassnes.
20:00 Champions League Finale..
Kl 20.30 Bayern Munchen - Dortmond.
|  | Sundag 26.05.2013:
11:00 Klubbmeisterskap - årsmøte..
Klubbmeisterskap og årsmøte. Klubbmeisterskapet går over 6 seriar.
.
11:00 Friluftsgudsteneste på Åse i Strandebarm..
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KRIK. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552.
14:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
19:00 Kveldsgudsteneste i Øystese kyrkje..
S.pr. Lars Arne Vik. Song av Norheimsund og Øystese ungdomskor. Nattverd. Offer til ungdomskoret..
19:00 BRANN - Sarpsborg..
Kl 19. Seriekamp.
20:00 Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Skulefritidsordning
|
Lagt ut 20. august 2012 kl. 10:40 av Jarle Sortevik
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 21500 og 21501)
Skulefritidsordninga (SFO) skal gje born eit trygt og utviklande fritidstilbod i tilknyting til skule, barnehage eller fritidsheim.
2. Kven får tenesta
Born i 1. - 4. klasse og funksjonshemma born i 1. - 7. klasse kan få tilbod der SFO er oppretta.
3. Korleis få tenesta
Søknad om opptak vert skriven på eige skjema og skal sendast den enkelte barneskule i februar kvart år. Tilbod om SFO-plass og søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisa, i barnehagane, i skulane og på heimesidene til Kvam herad (www.kvam.kommune.no/). Søknadsskjema får ein ved å venda seg til barnehagen, til den barneskulen der ein ynskjer opptak eller til Kvam rådhus, fellessekretæriatet. Søknadsskjemaet finn ein og på heimesidene til Kvam herad (www.kvam.kommune.no/)
4. Kva omfattar tenesta
Innhald: Innhaldet i skulefritidsordninga skal ta utgangspunkt i borna sin trong for omsorg og leik, og det skal fremja sosial læring. I tillegg til kulturaktivitetar skal fysisk aktivitet, frileik, oppleving og undring knytt til natur- og uteområde vera ein viktig del av dagen. Det vil vera naturleg å trekkja inn musikk- og kulturskule og frivillige lag alt etter kva tilbod som finst. Leike- og opphaldsareal: Leike- og opphaldsareala ute og inne skal høva til føremålet og vera tilpassa den aktiviteten som vert driven. SFO skal kunna nytta skulen sine fellesareal ute og inne, og inventar og utstyr på lik linje med skulen. Opningstider: Skulefritidsåret startar og sluttar samstundes med skuleåret for elevane. Innanfor denne ramma organiserer rektor i samråd med det utvida samarbeidsutvalet, opningstida i SFO. SFO har stengt i skulen sin sommarferie, i romjula, påskeveka og skulen sine kurs- og planleggingsdagar, men er open i haust- og vinterferien. Opningstida kan tilpassast behova og vert avgjort ved kvar skulefritidsordning. Måltid: Matordninga vert avgjort ved den enkelte SFO etter samråd med foreldremøtet kvar haust.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At dei er glad i å arbeida med born. At arbeidet med borna vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg og trygg måte. At born og føresette vert møtt på ein respektfull og høfleg måte. At dei held teieplikta. At personalet i SFO og skulen utvekslar nødvendig informasjon til beste for barnet.
6. Kva kan forventast av dei føresette
At dei tilsette får alle opplysningar som er nødvendige for å gje borna eit best mogleg SFO-opphald. At borna har med merkte byteklede i samsvar med ver og årstider. At borna har med nistemat der dette er avtalt. At SFO-personalet får melding dersom borna vert borte frå SFO. At SFO-personalet får melding dersom andre enn dei føresette som skal henta barnet. At borna vert henta innan opningstida til SFO.
7. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Foreldrebetaling: SFO nyttar dei betalingssatsane som til ei kvar tid er vedtekne av heradsstyret. (Jf. Kvam herad sine heimesider) Mat: SFO kan tilby enkel matservering mot ekstra betaling. Matordninga vert avgjort av rektor ved den enkelte skule etter råd frå foreldremøtet. Søskenmoderasjon: Det vert ikkje gjeve søskenmoderasjon.
8. Heimelsgrunnlag for tenesta
Dei kommunale skulefritidsordningane vert drivne i samsvar med lov og forskrifter om skulefritidsordninga og kommunale og lokale retningslinjer. Opplæringslova av 17/7-98, § 13.7 Forvaltningslova av 2/10-67 Forskrift om Miljøretta helsevern i barnehage og skule Forskrift om "Sikkerhet ved lekeplassutstyr"
9. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd, kan du eller foreldrekontaktane ta det opp med leiar ved SFO. Dersom du framleis ikkje er nøgd, så ta problemet opp med rektor ved skulen. Neste instans er skulesjefen.
10. Klage
Det kan klagast dersom du etter søknad ikkje har fått plass i SFO. Klage skal sendast rektor som kan gjera om vedtaket eller senda klagen vidare til heradet.
11 Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Retningslinjer for skulefritidsordninga i Kvam Retningslinjer for SFO ved den enkelte skule Den enkelte skule/SFO sin informasjonsfaldar Skuleruta Sjå også heimesida til Kvam herad; www.kvam.kommune.no
12. Praktiske opplysningar
Rådhuset har opningstid: kl. 09:00 - 15:00, måndag til fredag. Kvam herad, skulekontoret, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01 Telefon til den enkelte skulefritidsordninga: Sjå Kvam herad si heimeside E-post: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no
Epost: jarle.sortevik@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|