Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Barnehage

Utskriftsvenleg side Lagt ut 13. august 2013 kl. 13:39 av Nita Aamelfot
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa (teneste nr. 20100/21100)
  • Barnehagen er eit pedagogisk tilbod.
  • Barnehagen skal ha eit godt miljø med vekt på leik, læring og samver med andre barn og med vaksne.


2. Kven får tenesta
  • Barn under skulepliktig alder, 0-6 år. Barn er definert som barnehagane si brukargruppe.
  • Føresette er å rekna som barnehagane si interessentgruppe.
  • Opptaksperioden går frå barnet får plass i barnehagen og fram til veke 28 det året barnet skal ta til på skulen.
  • Når føresette har teke imot barnehageplass, har dei samstundes godkjend lover og vedtekter som gjeld barnehagen, kommunale retningsliner og planer knytt til barnehagen og til ei kvar tid gjeldande foreldrebetaling.


3. Korleis få tenesta
  • Søknad skal skrivast via Internett på eit skjema ein finn på Eining for barnehage si heimeside; http://www.kvam.no/barnehage/
  • Ein kan vende seg til bibliotek eller fellessekretariatet i Kvam herad for hjelp til å senda søknaden.
  • Ein kan søkje om plass i 3 barnehagar, der ein prioriterer etter ønskje.
  • Søknadsskjemaet skal sendast til Kvam herad.
  • Det er kontinuerleg opptak ved barnehagane.
  • Søknadsansiennitet og prioritet på ventelista gjeld såleis frå den dato søknaden er motteken.
  • Ansiennitetsprinsippet kan berre fråvikast for barn med førerett, jf. pkt. III i vedtektene. I april/mai får nye føresette melding om barnehageplass frå nytt barnehageår
  • Heradet sender melding om motteken søknad saman med vedtekter og serviceerklæring.
  • Det er eit hovudopptak i mars. Deretter er det kontinuerleg opptak etter fastsette retningsliner, og styrar sender melding om opptak så snart det er ledig plass.
  • Når ein har fått tilbod om plass må ein skriftleg takka ja innan 2 veker frå utsendingsdato. Dersom ein ikkje har fått 1. ønskje må ein på svarslippen gje melding dersom ein ønskjer å stå på venteliste der.
  • Opptent ansiennitet fell bort dersom ein takkar nei til plass i den barnehagen ein har som 1. ønskje.
  • Dersom ein ikkje har fått 1. eller 2. ønskje oppfylt kan ein krevje at dette vert grunngjeve skriftleg.
  • Søkjar har rett på informasjon om talet på søkjarar til barnehagen, aldersfordeling og korleis grupperinga er i høve til opptakskriteria. Opningstid og dagar er ulike mellom barnehagane og kan variera frå år til år. Tilbodet vert tilpassa lokale behov og kommunal økonomi.


4. Kva omfattar tenesta
  • Heimen og barnehagen skal saman skape eit godt barnehagemiljø som sikrar barna individuell og gruppevis omsorg og utvikling. Barnehagen skal gje støtte, stimulering, rom for utfalding, læring, etisk rettleiing og estetisk utvikling, oppmode til toleranse og omsorg for andre.
  • Barnehagane tilbyr integrert læring innan 7 fagområde;
    "Kommunikasjon, språk og tekst", "Kropp, rørsle og helse", "Kunst, kultur og kreativitet", "Natur, miljø og teknikk", "Etikk, religion og filosofi", "Nærmiljø og samfunn" og "Tal, rom og form".
  • Brukarmedverknad gjev barn rett til å påverka eigen kvardag og dei skal ha høve til å ta del i planlegging og vurdering i samsvar med alder og modning.
  • Ved spesielle behov kan barnehagen etter søknad gje tilbod om utvida bemanning eller utstyr. Det kan vera utarbeiding av tiltaksplanar, tilpassing av utstyr og medisinering (under rettleiing av foreldra, jmf. retningsliner ved medisinering i barnehagane)
  • Heradet har ein kollektiv ulykkesforsikring som gjeld direkte på veg frå heimen og til barnehagen og omvendt, og under turar barnehagen arrangerer.

  • Kva kan ikkje forventast av tenesta:

    • Ein kan ikkje alltid få innfridd ønskje om dagar.
    • Ein kan ikkje nytta barnehageplassen per år:
      • 5 planleggingsdagar og 2 kursdagar i året.
      • Jul og nyttårsaftan.
      • Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagen
        klokka 12.


  • Dei kommunale barnehagane er stengde i veke 28,29,30 og 31.

  • Kva vert forventa av føresette:
    • gjera seg kjend med dei kommunale vedtektene og barnehagen sine planar, rutinar og skriftleg informasjon.
    • overhalda opningstida
    • sjølv passe på at barna har føremålstenlege og merka klede.
    • halde barnet sin garderobeplass ryddig
    • gje melding om fråvære/sjukdom
    • gje melding dersom barnet kjem seinare enn vanleg
    • ta kontakt med personalet ved henting og bringing
    • gje barnehagen melding dersom andre enn føresette skal hente barnet.
    • betala avgifta til fastsett dato
    • Føresette må i ulik grad delta i dugnadsarbeid og tilstellingar.
    • Føresette pliktar å gje barnehagen naudsynt informasjon om tilhøve ved barnet si helse som tilsette må ta særleg omsyn til, jfr. Vedtekter for Kvam herad, pkt. XII.


5. Kva kan ein forventa av dei tilsette
  • Brukarane skal møte tilsette som syner interesse, engasjement for den einskilde og som gjev fysisk og psykisk omsorg.
  • Brukarane og interessentane skal møte tilsette som syner respekt, er anerkjennande, inkluderande og får dei til å føla at dei høyrer til i barnehagen.
  • Brukardialog: Barnehagane skal finne tenlege metodar der barn får vera med å vurdera og utvikla barnehagen.
  • Interessentdialog: Føresette har rett på informasjon, rettleiing og samtalar gjeldande eige barn og forhold som rører ved barnet. Felles interessentundersøking vert sendt kvar haust og barnehagane kan utføre eigen undersøking kvar vår. Felles interessentundersøking vert gitt ut av KS, Kommunenes Sentralforbund. Det vert halde foreldresamtalar: foreldremøte, møte i Samarbeidsutvalet og foreldrerådsmøte.

  • Krav heradet stiller til tilsette:
    • er løysingsorientert
    • held seg fagleg oppdatert
    • har kjennskap til og arbeider i tråd med barnehagen sitt heimelsgrunnlag, sjå punkt 7.
    • er rusfri
    • er pliktoppfyllande
    • Alle tilsette har teieplikt.


  • Barnehagen har opplysningsplikt overfor sosialtenesta og barnevernet. Ved nytilsetjing skal den tilsette levere politiattest.


6. Barnehagesats
  • Pris vert fastsett av Stortinget.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta
  • Lov om barnehage med forskrifter.
  • Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.
  • Kommunale vedtekter og meldingar.
  • Forskrift for miljøretta helsevern i barnehage og skule.
  • Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr.
  • Forvaltningslova.
  • Lov om vern mot smittsame sjukdomar. (Smittevernloven)
  • Lov om barn og foreldre (Barnelova)


8. Når ting ikkje fungerer
  • Dersom ein opplever at ein ikkje får den hjelpa ein treng, må ein først kontakte styrar.
  • Dersom ein ikkje klarar å retta opp i forholda, kan ein kontakte leiar for barnehage og skule i kommunen. Ein kan og ta kontakt med ein representant i samarbeidsutvalet.


9. Klage
  • Klage på opptakskode skal sendast til Eining for barnehage innan 3 veker frå motteke brevet "Melding om motteken søknad". jf. § 28 i forvaltningslova.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
  • Barnehagen sin årsplan kan ein få ved å venda seg til barnehagen.
  • Kommunale vedtekter kan ein få ved å venda seg til Kvam herad, fellessekretariat eller heimesida: http://www.kvam.no
  • om barnehage og Rammeplan for barnehagen kan kjøpast gjennom Akademika As, telefon 22188123, offpubl@akademika.no eller ein finn dei hjå Kunnskapsdepartementet; http://odin.dep.no/kd/norsk/tema/barnehage/bn.html


11. Praktiske opplysningar
  • Leiar for barnehage og skule: Nita Aamelfot
  • Adresse: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
  • Telefonnummer: 56 55 30 00 Fax: 56 55 30 01.
  • E-post: postmottak@kvam.kommune.no
  • Internettadresse: http://www.kvam.no/barnehage/


    Epost: nitaam@kvam.kommune.no
    Heimeside: http://www.kvam.no/barnehage/




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no