Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

SFO - retningsliner for skulefritidsordninga i Kvam

Utskriftsvenleg side Lagt ut 20. august 2012 kl. 10:42 av Jarle Sortevik
MÅL: Skulefritidsordninga (SFO) skal gje born i 1. - 4. klasse og funksjonshemma born i 1. - 7. klasse eit trygt og utviklande fritidstilbod i tilknyting til skule, barnehage eller fritidsheim.

1) INNHALD I SFO:


Dei kommunale skulefritidsordningane vert drivne i samsvar med lov og forskrifter om skulefritidsordninga og kommunale og lokale retningsliner.
Innhaldet i skulefritidsordninga skal ta utgangspunkt i borna sin trong for omsorg og leik, og det skal fremja sosial læring. I tillegg til kulturaktivitetar skal fysisk aktivitet, frileik, oppleving og undring knytt til natur- og uteområde vera ein viktig del av dagen. Det vil vera naturleg å trekkja inn musikk- og kulturskule og frivillige lag alt etter kva tilbod som finst.

Aktivitetstilbod frå frivillige organisasjonar og enkeltpersonar.


Det er ein føresetnad at rektor og skulefritidsordninga sitt faste personell planlegg, styrer og gjennomfører aktivitetstilboda i sin krins. Aktivitetstilbod frå frivillige organisasjonar og/eller enkeltpersonar kan gå inn som ein del av tilboda i SFO. Desse skal vurderast av det utvida samarbeidsutvalet før dei vert sette i verk.

2) EIGARTILHØVE


Kvam herad eig skulefritidsordningane i Kvam, og heradsstyret har det overordna ansvaret for å skapa gode rammevilkår for skulefritids-ordningane i samsvar med dei lokale tilhøva ved dei ulike krinsane.
Heradsstyret skal godkjenna SFO sine leike- og opphaldsareal, og vedta kommunale og lokale retningsliner for organisering, rammer for drift og kriterium for opptak.

3) ORGANISASJON, STYRING OG BEMANNING


Rektor har det overordna pedagogiske, administrative og økonomiske ansvaret for SFO i samsvar med retningsliner gjevne av heradsstyret

I større ordningar (med 15 born eller fleire) vert det tilsett dagleg leiar. Denne bør til vanleg ha pedagogisk utdanning. Ordningar som har mindre enn 15 born, skal leiast av ein person med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller ein assistent. Høgste tal deltakarar i ei gruppe er sett til 28. Er det meir enn 14 born per dag i gruppa, kan det etter behov tilsetjast ein assistent i tillegg til gruppeleiar/pedagogisk leiar.

4) OPPTAK


Søknad om opptak vert skriven på eige skjema og skal sendast den einskilde barneskule i februar kvart år. Tilbod om SFO-plass og søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisa, i barnehagane i skulane og på heimesidene til Kvam herad (www.kvam.no)
Skulane informerer føresette til barn som det kan søkjast SFO-plass til. I tillegg kan ein få søknadsskjema til skulane eller til Kvam rådhus, fellessekretæriatet. Søknadsskjemaet finn ein og på heimesidene til Kvam herad (www.kvam.no)
Administrasjonssjefen har opptaksmynde.

Førerett til opptak i prioritert rekkefylgje:
* Funksjonshemma elevar frå 1. til 4. klassesteg
* elevar i 1. klasse
* elevar i 2. klasse
* elevar i 3. klasse
* elevar i 4. klasse
* funksjonshemma elevar i på mellomsteget kan få tilbod om plass dersom dei har nytte av det.
Elles gjeld som hovudprinsipp at yngre elevar går føre eldre elevar.

5) VILKÅR FOR Å OPPRETTA ELLER OPPRETTHALDA SFO


Heradet er pliktig til å ha eit skulefritidstilbod, (jfr. § 13-7 i opplæringslova). Kvam heradsstyre har gjort vedtak om at SFO i regelen kan opprettast eller oppretthaldast dersom 10 eller fleire born melder seg på ved den ulike ordninga den enkelte dag tilbodet er ope.

6) FAMILIEFRITIDSORDNING


Dersom svært få born melder behov om fritidsordning, kan det gjerast avtale med ein heim i krinsen om å skipa ein familiefritidsordning. Fritidsleiar må då ta på seg tilsyn og aktivitetsleiing. Familiefritids-ordninga skal godkjennast av administrasjonssjefen og må vera sjølvfinansiert.
Det kan ikkje skipast familiefritidsordning med tilskot frå stat og kommune berre for familien sine eigne born (Jfr. punkt 5).

7) FRITIDSORDNING I BARNEHAGEN


Dersom det ikkje let seg å skipa fritidsordning i tilknyting til skule eller heim, kan det skipast fritidsordning for 6 og 7-åringar i barnehagen. Ekstra bemanning må vurderast i dei ulike tilfelle. Ordninga må vera sjølvfinansiert (Jfr. punkt 5).

8) OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIING AV PLASS


Opptaksperioden er normalt lik skuleåret, eller resten av skuleåret dersom ein søkjer om plass etter at SFO har starta opp om hausten. Oppseiing av SFO-plass kan setjast i verk først frå den første i månaden, minimum ein månad frå den dato rektor har motteke skriftleg oppseiing. Ved oppseiing etter 1. april, må det betalast for resten av driftsåret. Ved auke i tal dagar barnet er i SFO inne i opptaksperioden, vert ny betalingssats rekna frå den dagen endringa skjer.

Søknad om auke eller reduksjon i tal dagar barnet er i SFO i opptaksperioden, vert avgjort i kvart enkelt tilfelle av rektor etter samråding med dagleg leiar eller tilsvarande personell i mindre ordningar (sjå punkt 3).
Opptak ved uteståande krav for barnehageplass, sjå pkt. 9.

9) FINANSIERING


Skulefritidsordninga er ei frivillig ordning som vert finansiert ved statstilskot, foreldrebetaling og kommunale midlar.
Foreldrebetaling skal inntektsførast, og utgiftene til løn m.m. skal belastast den enkelte skulefritidsordning. Rektor skal driva tiltaket innan den gjevne økonomiske ramma for si ordning.

Foreldrebetaling:


SFO nyttar dei betalingssatsane som til ei kvar tid er vedtekne av heradsstyret. Sjekk menyvalet Avgifter på www.kvam.no

Mat:


SFO kan tilby enkel matservering mot ekstra betaling. Matordninga vert avgjort av rektor ved den enkelte skule etter råd frå foreldremøtet. Leiaren i ordninga gjer innkjøp og held rekneskap. Matpengar vert fakturerte av Kvam herad saman med foreldrebetalinga.

Betalingsmåte:


Foreldra får tilsendt utfylt innbetalingskort med forfall den 20. kvar månad. Ved for sein betaling vert purrebrev sendt etter 2 – to- veker. For skriftleg purring vil det bli lagt inn kr. 50,- i purregebyr. Rente ved sein betaling er 12% p.a. jfr. "Lov om renter ved forsinket betaling" av 17.12.76 og "Lov om om inkasso" av 13.05.88 nr 26 med forskrift fastsett av kgl.res. av 14.07.89.
Ved manglande betaling vert krava innfordra ved tvang. Dersom krava ikkje er betalt innan 2 -to- veker etter at purrebrev er sendt, vil Kvam herad seia opp plassen barnet har i SFO jfr. tvangsfullbyrdelseselova §§ 4-18 og 13-2a.
Ny plass i SFO vert ikkje tildelt før avgifta er betalt, eller det ligg føre ei betalingsordning som økonomisjefen kan godkjenna. Betaling for barnehageplass(ar) og SFO vert sett i samanheng. I praksis vil dette seia at dersom føresette ikkje har betalt for barn i barnehage, vil ikkje føresette sitt/sine barn få plass i SFO.

Syskenmoderasjon:


Det vert ikkje gjeve syskenmoderasjon.

Foreldrebetaling ved sjukdom:


Foreldrebetaling kan etter søknad reduserast til 50% dersom barnet er borte frå skulen/SFO samanhengande meir enn ein månad på grunn av sjukdom, og dette vert dokumentert med lækjarattest. Den første fråversmånaden, rekna frå motteken søknad, vert likevel betalt etter vanlege satsar.

Permisjon frå SFO:


Administrasjonssjefen kan gje permisjon frå SFO ved brå endring i barnet sin livssituasjon.
Permisjon etter desse vilkåra vert gjeve etter skriftleg søknad frå føresette og med dokumentasjon. Den første fråversmånaden rekna frå motteken søknad vert likevel betalt etter vanlege satsar.

10) LEIKE- OG OPPHALDSAREAL


Leike- og opphaldsareala ute og inne skal høva til føremålet og vera tilpassa den aktiviteten som vert driven. Det er ynskjeleg at skulefritidsordninga har sin eigen base og tilgang til smørjekjøken.
Dersom tilhøva ikkje ligg til rette for eigen base, kan ordninga organiserast i rom ved sambruk med skulen. Elles skal skulefritidsordninga kunna nytta skulen sine fellesareal ute og inne, og inventar og utstyr på lik linje med skulen elles.
Storleiken på areala skal koma fram i dei ulike ordningane sine lokale vedtekter. Heradsstyret har godkjenningsmynde. Ved godkjenning skal det m.a. leggjast vekt på gruppestorleik og borna sitt behov for tryggleik og fri leik og utfalding.

11) OPNINGSTIDER:


Skulefritidsåret startar og sluttar samstundes med skuleåret for elevane. Innanfor denne ramma organiserer rektor i samråd med det utvida samarbeidsutvalet opningstida i sin krins. Skulefritidsordninga har stengt i skulen sin sommarferie, i romjula, påskeveka og skulen sine kurs- og planleggingsdagar, men er open i haust- og vinterferien. Opningstida kan tilpassast behova i dei ulike krinsane.

Før skuletid:


SFO kan ha ope frå klokka 07.00 - 08.30 etter behov. Ordninga kan setjast i gang dersom den er sjølvfinansiert. Morgonopning skal så langt råd er bera seg økonomisk og krev ekstra foreldrebetaling:
Det vert ikkje oppretta SFO-tilbod for 1 dag per veke.
Minste tal brukarar for å setje i gang eller halde oppe morgonopning: 10 brukarar * (sjå merknad nedanfor).

Etter skuletid:


Ordninga er open frå skuleslutt til seinast kl. 16.00 - jfr. øvst i dette punktet.
Det vert ikkje oppretta SFO-tilbod for 1 dag per veke.
Minste tal brukarar for å setje i gang eller halde oppe etterm.opning: 10 brukarar. * (sjå merknad nedanfor).
Ved mindre enn 10 barn pr. dag, skal opning vurderast særskild.


Søknadsskjema om SFO-plass som pdf-dokumentSøknadsskjema om SFO-plass


Epost: Jarle.Sortevik@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no