Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Omsorgsheim i Marijampole, Litauen

Utskriftsvenleg side Lagt ut 18. juni 2014 kl. 10:31 av Jon Nedkvitne
Kvam herad har i fleire år hatt eit samarbeidsprosjekt med Marijampole kommune i Litauen. Både Lions Club og Røde Kors har vore aktive i fleire prosjekt, og Kvam herad i samarbeid med Lions, sokneråda og Røde Kors samla våren
2003 inn omlag kr 190 000 til etablering av ein omsorgsheim i Marijampole ved dør til dør aksjon.
Marijampole har omlag 70 000 innbyggjarar og det er i dag omlag 700 barn og eit stort tal eldre som har eit omsorgsbehov. Brutto budsjett for kommunen er på omlag kr 140 000 000,- medan Kvam med sine 8 500 inbyggjarar har eit budsjett på kr 340 000 000,-

Grunnlag:
Heimen skal omfatta 15 dagheimplassar for born og omlag 15 tidsavgrensa heildøgnsplassar for den same gruppa. Vidare skal ein i same bygning etablera omlag 15 -20 faste plassar for eldre.

For barna gjeld det omsorgssvikt på grunn av sosial fattigdom, fysisk og seksuelle overgrep, rusmisbruk og foreldre som av ymse grunnar ikkje maktar omsorg for borna. Overordna mål for heimen er samstundes å prøva å leggja tilhøva til rette slik at dei fleste kan koma attende til familien etter at ein har prøvt å ordna familietilhøva.

For dei eldre er det også snakk om svært streng prioritering. Det er berre dei som ikkje er i stand til å klara seg sjølv og som ikkje har familie eller andre som kan hjelpa, som vil kunna få plass. Dette er i hovudsak personar som i tillegg lever langt under fattigdomsgrensa.

Etableringsplan med kostnad:
Heimen skal etablerast i ein eldre bygning som ligg like ved sida av helsestasjonen. Bygningen som totalt er på omlag 700 kvadrat, treng vesentleg rehabilitering og er førebels kostnadsrekna til omlag 1.800 000 kr. Hovuddelen av dette må dekkjast frå Marijampole kommune. Det at vi frå norsk side har gått inn med hjelp til prosjektet er også med på å hjelpa det fram for tilskot både frå sentrale styremakter i Litauen og frå andre tilskotsordningar. Planen var at omsorgsheimen skal kunna takast i bruk innan utgangen av 2003. Dette har vorte noko forsinka, men arbeidet med rehabilitering starta opp hausten 2003. Prosjektet var først planlag å opna hausten 2004 men det har teke noko lenger tid å få det fullfinansiert slik at opning vart utsett til våren 2005.
Også dette vart for tidleg og opninga vart tilslutt
den 24 oktober 2005

Den 2. april 2003 vart det gjennomført ein innsamlingsaksjon i Kvam der Lions Club-ane, RødeKors, Sokneråda og Sanitetsråda deltok i aksjonen.
Saman med eit bidrag frå Kvam herad på kr 50 000 gav dette eit resultat tett oppunder kr 190 000,-.
Arbeidet med heimen er no starta opp og pengegåva frå Kvam vart overført til Marijampole kommune i Februar 2004.
Ordførar og kultursjef har i november 2004 vore på synfaring og det vert gjort eit svært fint restareringsarbeid på byggningane.Bygget er no på det næraste klart til å takast i bruk , men det er framleis bruk for meir midlar til dette prosjektet der det særleg vil vera trong for nytt inventar.
Lions klubbane i Kvam Samnanger og Fusa var den 29 april 2005 på vitjing til heimen i Marijampole med tanke på å kunna gje litt stønad til drifta av heimen i den første tida.
Sjølve bygningen var no ferdig restaurert og arbeidet var svært fint utført. Ofisiell opning var 24 oktober 2005 og Lionsklubbane i Kvam, Samnanger og Fusa overleverte ein buss som dei har fått frå GAIA. Denne var fylt med klær og anna utstyr til heimen.
Ordførar i Kvam saman med representantar frå Lionsklubbane deltok i opninga av heimen og overrekte bilete og kvar sin sjekk på kr 5000 til utstyr til heimen.
Prosjektet er såleis fullført i samsvar med planane og med svært vellukka resultat. Ved vitjing til heimen iden 26.mai 2006var alle bebuarane på plass og alt utstyr som trengst.
Imponerande flott og kombinasjonen med born og eldre har
fungert framifrå. Fleire born hadde fått "nye" besteforeldre. Prosjektet er dermed avslutta frå Kvam herad si side.


Epost: jone@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no