Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Geirr Tveitt (1908 - 1981)

Utskriftsvenleg side Lagt ut 30. april 2013 kl. 12:57 av Frank Tangen
Geirr Tveitt vart fødd 19. oktober 1908 i Bergen, der faren arbeidde som lærar. Familien kom opprinneleg frå Norheimsund i Kvam herad og her var Geirr dei fleste av somrane i barne- og ungdomstida. Gjennom somrane i Norheimsund kom han tidleg i kontakt med den rike folkemusikktradisjonen i dette området, noko som i stor utstrekning kom til å prega hans komposisjonar. Tveitt var på alle måtar oppteken av sine røter heile livet.
Han vart døypt Nils, men som ung mann valde han å ta det gamle norrøne namnet Geirr (spyd). Han hadde sin barndom både i Lofthus i Hardanger og i Drammen, men kvar sommar returnerte han til slektsgården i Kvam. Her opplevde han, frå tidleg alder, Hardanger sine rike folkemusikktradisjonar. Musikalsk opplæring fikk han både på piano og fiolin. Det var likevel ikkje før i hans ungdomsår på Voss at han bestemte seg for å bli komponist. Tungt inspirert av den tids viktigaste norske komponist, Christian Sinding.

I 1928 drog Geirr Tveitt til Leipzig for å studere komposisjon og piano. Etter berre to års studie vart hans to-delte invensjoner utgitt av Breitkopf og Härtel. Like etter vart hans Pianokonsert nr. 1 oppført av Leipzig symfoniske orkester. Geirr reiste frå Leipzig etter fire år. I 1932, 1933 og 1935 studerte han periodevis i Paris, der han lærte komposisjon og orkestrering av m.a. Honegger og Villa-Lobos. I Wien fekk han opplæring under oversyn av Egon Wellesz før han busette seg i Oslo. Hans periode i hovudstaden fram til andre verdskrig vart ei grøderik tid som komponist. Framføringa av balletten Baldurs drøm i Oslo i 1938 var eit absolutt klimaks. Dette massive verket, bygd på ei norrøn legende, vart seinare framført i Paris og truleg og i Covent Garden. Partituret forsvann på tragisk måte under bombinga av London under den andre verdskrigen.

I 1942 flytta Geirr Tveitt tilbake til Hardanger der han tok til å systematisere si samling av folkemusikk. Eit hav av turar langs Hardangerfjorden resulterte i avskriving av meir enn tusen folketonar (i følgje Tveitt sjølv). Han arrangerte hundre av dei, både for piano og orkester. Heldigvis fanst det kopiar av dei første femti pianoversjonane og fire suiter (kvar med 15 folkemelodiar for orkester) då den tragiske brannen på slektsgården i Norheimsund fann stad i 1970. Desse arbeida har seinare blitt rekna som Geirr Tveitt sitt hovudverk. Spesielt dei orkestrale versjonane har motteke mykje ros.

I åra som kom turnerte Tveitt mykje i Europa som pianist og komponist. Mellom dei mest framtredande hendingar var hans konsert i Paris i 1947 med første framføring av Sonate nr. 1, nokre Hardangertonar samt dei meir moderne verk som Sonate nr. 29 og Pianokonsert nr. 4. Dette vart ein stor suksess. Sju år seinare returnerte han til Paris for sin første framføring av Pianokonsert nr. 5. Suksessen her vart ikkje mindre. Fleire pianoresitalar der han spelte sin eigen musikk saman med musikk av Grieg, Chopin og Liszt ga han eit rykte som ein pianovirtous. Som komponist møtte han derimot aukande misnøye frå pressa i sitt heimland. Den nasjonale stilen han representerte vart sterkt kritisert.

Frå 1960 og framover brukte komponisten mykje av si tid i Oslo, der han delvis jobba som produsent for radio. I denne perioden laga han ein god del songar, ofte skrive på ein augneblink sin inspirasjon. Mange av desse songane vart laga for radioprogram han sjølv produserte, m.a. om norske forfattarar som Hamsun og Wildenvey. Uansett, brannen som øydela hans slektsgård og som øydela rundt 80% av hans musikalske produksjon tok frå Geirr Tveitt viljen til å leva. Geirr Tveitt, ofte omtala som Noregs musikklivs "ustoppelege fossefall", døydde som ein redusert mann. Etter ein periode med sjukdom sovna han inn 1. februar 1981.

Eit stort arbeid er nedlagt for å oppspore kopiar av Geirr Tveitts arbeider som kan ha eksistert då brannen skjedde. Rekonstruksjonen av nokre av hans verk er ein pågåande prosess. Det er difor umogleg å sei kor mykje komande generasjonar vil oppdage av hans musikk.

Geirr Tveitt var ein særs produktiv komponist. Han arbeidde raskt og brukte sjeldan skisser. Han var like impulsiv som rask, og han endra sine arbeid stadig vekk. Ofte rett før musikarane skulle på scena. Han skreiv musikk i alle format, frå stubbar til konsertar og frå ballett til opera. Han var ein sterk tilhengar av nasjonal tilhøve i musikken, og spesielt hans tidlege arbeid vitnar om det. Fleire arbeid er og programorienterte. Inspirasjonen han fekk frå Hardanger var viktig for han, og det var ofte ein tur i dei omkringliggjande fjella som sette i gang produksjon av nye komposisjonar. Folkemusikktema var likevel ikkje så integrert i hans arbeid som i tilfellet med Grieg. Tveitt var nøye med å respektere andre kjelder. Han var faktisk så ivrig til å fortelje offentleg om andre kjelder at ein har begynt å lure på om noko av Hardangertonane faktisk er laga av han sjølv. Det er likevel ikkje tvil om at størstedelen av Tveitt sin musikk er inspirert av folkemusikk.


Kjelde: Naxos 8.554258-59N

- Den årlege musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund, har Geirr Tveitt som inspirasjonskjelde.

Epost: frta@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no