Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Skogen i Kvam

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. august 2013 kl. 08:50 av Jan Tjosås

Nøkkeltal:


Samla landareal 616 km2, medrekna 32 km2 ferskvatn.
Skogareal er om lag 200 km 2 eller godt 32 %.

Arealoversyn
Av dette arealet er ca 30 000 da vernskog i produktiv skog og 40 000 da vernskog i fjellskog. Vernskog: Jamfør § 32 og 33 i skoglova. Skogområde med visse vilkår for m.a. hogst. Naturreservat og vernskog utgjer 36,5 % av det totale skogarealet.
Det økonomisk drivbare arealet har ca 75 % vegdekking. Det er framleis trong for ein del skogsvegbygging i Kvam.

Skoggrensa er om lag 700 m.o.h.

Kubikkmasse i drivbar skog:


Gran 350 000 kbm
Furu 250 000 "
Lauvskog 200 000 " Sum 800 000 kbm.
Årleg tilvekst ( alle treslag ) 30 000 kbm
Årleg balansekvantum 20 000 kbm ( optimal hogst innafor ramma
av bærekraftig utvikling )

Skogsvegar:


Skogsbilvegar og andre private bil vegar gjennom skog 40 km
Skogstraktorvegar og andre private traktorveg gjennom skog 100 km


Skogen som næring og grunnlag for næringsliv


Tradisjonelt har inntektene i frå skogen vore viktig i Kvam. Skogen gav grunnlag for båtbygging og ei lang rekkje ferdigprodukt som vart eksportert ut av heradet.
I dei seinaste åra, særleg frå 1950- talet og til no, har diverre foredlingsverdien gått gradvis attende. Men det er teikn i tida på at denne trenden snur seg. Trevirke er unik byggematrial. Det er mellom anna aukande interesse for å gå tilbake til eldre byggeformer, t.d. lafting, grindverksbygg, ukanta bord både utvendig og inne o.s.v.


Primærproduksjonen:



Hogstkvantum:


Statistikken bygger i utgangspunktet på registrert omsetning gjennom skogavgiftssystemet.
I tillegg kjem uregistrert sal, særleg av ved, og eige forbruk på gardane av tømmer og ved.
Eige forbruk på gardane vert rekna til ca 2000 kbm pr år.
I tida frå 1987 til 1995 var hogsten aukane, i gjennomsnitt totalt ca 8000 kbm pr år.
I tida 1996 til 2001 har hogstkvantumet gått ned til ca 6000 kbm pr år.
Med å ta all skog i bruk, ( jamfør balansekvantum) kunne hogsten aukast til 20 000 kbm pr år. Relativt sett er verdien av primærproduksjonen beskjeden, dei siste åra
ca kr 2 mill. (potensielt kr 6 mill.)
Foredlingsverdien, transport og andre lokale ringverknader gir ein effekt på ca 3,
dvs ei 3-dobling.
Juletre og pyntegrønt er også ei nisje som er i framgang. Årleg sal ca 2000 tre ?

Vidareforedling:


Det er 3 møbelfabrikkar i Kvam. ( med omlag 50 arb.plasser ) Desse kjøper alt virke utafor heradet. 3 verksemder produserar vindauger/dører/ trapper, vidare Hardanger Fartøyvernsenter og Djupevåg båtbyggeri. Desse brukar ein god del lokalt vyrke, tilsaman godt 30 arbeidplassar.
Vidare er det 15 sagbruk, dei fleste små gardssagbruk. Den største er Gravdal sag, dei kjøper om lag 800 kbm tømmer for året og har 3 arbeidsplasser.
HORDATRE er salsorganisasjon for sagbruka. Hordatre tek på seg å skaffa spesielle kvalitetar til husbyggarar og andre og på den måten har dei auka foredlingsverdien av tømmeret.
Innafor vidareforedling er det mange utfordringar, bruk av trevirke er eit stort mangfald, det er berre fantasien som set grenser.


Skog og miljø.


Skogen er ein viktig miljøfaktor, både for folket og for alle andre skapningar som er ein del av økosystemet som har skognaturen gir. Det gjeld livsmiljø for plantar og dyr, og av dette er jakt og fiske ein ressurs som får stadig aukande verdi.

Hjort


Hjorteviltet i Kvam har hatt ei eventyrleg utvikling.
Frå 1965 til 1977 vart det felt gjennomsnittleg 30 dyr pr år
Frå 1978 til 1993 " " " " 70 "
Frå 1994 til i dag har det auka jamt, dei tre siste åra ( 2008-2011 ) 325-415 dyr pr år.

Rekreasjonsverdien eller opplevingsverdien av jakta gir minst ei fordobling av kjøtverdien. Hjortejakt er i så måte med på verdiskapinga i utmarksnæringa, t.d. som eit ledd i gardsturisme.

Elg


Elgen er på veg inn i heradet. Hittil har det ikkje vore jakt på elg.

Småvilt.


Haren hoppar i alle skogar, men gir relativt lite jaktutbyte for tobeinte jegerar.
I enkelte område er det rikt med storfugl og orrfugl. ( Jerpe er her ikkje ). Grunneigarlaga har vanlegvis freda skogshønsene, men "fotosafari" er interessant for mange. I sume område er det jakt i mindre omfang.

Artsmangfald.


Skognaturen i Kvam er særs varierande.
Generelt høyrer området til den sørvestlege naturlege barskog ( boreo-nemorale).
Serleg ytre deler av Kvam er prega av furudominert skog, men samstundes skog med rikt artsmangfald og særs høge bonitetar. Likeins finn ein rike edellauvskogområde i heile Kvam. Ask,eik,alm og gråor kan vera dominerande treslag, men også innslag av barlind, lind, svartor og andre meir sjeldne arter. Av den grunn er det lagt ut 6 naturreservat etter Naturvernlova. Fire edellauvskogreservat, eit spesielt med tanke på barlind og Geitaknottane som er kombinert reservat spesiell med tanke på salamander og kongebregne.
Botanisk er Kvam særs interessant, til dømes med sjeldne arter som blåveis og malurt.
Skogen gir grunnlag for ei lang rekkje sopp, mose og plantearter, med rikt på mikroorganismar og insekter, som vidare gir grunnlag for pyramiden mot fuglar, større dyr og rovdyr.


Miljø for innbyggarane i Kvam.


Verdien av skogen som rekresjonsområde er av aukande interesse.
I den samanheng vert det lagt vekt på tilrettelegging for ålmenta.
Bilveg inn i skogen som er open for ferdsel, med eller utan bomavgift, gir lettare tilgang. Men elles er opne og ryddige stiar i skogsmarka viktige. I skogsmarka er og ofte kulturminne som kan vera av verdi å sjå, og å vita noko om.
Ein vil i den samanheng særskild peika på Berge Landskapsvernområde
Om skog og miljø er det enno mykje som ikkje er oppdaga, og som gir skogfovaltarane nye utfordringar. Omgrepet fleirskogbruk gir grunnlag for både opplevingsgleder og kjelde til økonomisk vekst.



Utfordringane framover.


Primært er det ønskje om at skogen i Kvam blir brukt, dvs at produksjonspotensiale blir betre utnytta. Men vidare er lokal vidareforedling og produktutvikling viktig for å auka verdiskapinga.
Ålmenta må godta at ein del av skogarealet må drivast intensivt med planteskogbruk.
I samråd med miljøforvaltninga i Hordaland og miljøorganisasjonane er om lag 20 % av den produktive skogen best eigna for kulturskog med gran. Gran gir i gjennomsnitt dobbel så stor produksjon pr dekar som furu, og over dobbelte i høve til bjørkeskog. Granskogen gir eit økonomisk fundament for tradisjonell skogsdrift i heradet. ( 20 % i Kvam tilseier om lag 30 000 dekar). Men innan kulturskogen skal det likevel vera fleirbruksomsyn. I motsetning til tidlegare er det fleire omsyn å ta. I den samanheng skal "Standarder for et bærekraftig norsk skogbruk " følgjast opp.

På alle område, frå primærproduksjon til skogsdrift, økonomisk tenking og omsyn til mangfald og fleirbruk, krev auka kunnskap. Mange skogeigarar i Kvam har kurset "Levende skog ". Kvam har fått stempelet som miljøsertifisert skogbruk, jamfør ISO standard 14001. På basis av denne sertifiseringa kan alt skogsvyrke frå Kvam garanterast å vera basert på miljøvenleg og berekraftig skogbruk.

Det har aldri vore så mykje skog her i historisk tid. Skogen representerar verdifull
biomasse ( solenergi) av alle treslag. Kan vi i tillegg få fram god kvalitetsproduksjon og kvalitetsprodukt, t.d. ved betre skogskjødsel, er det med å trygger det langsiktige ressursgrunnlaget for fastland-Noreg.

Landbrukskontoret

Epost: jatj@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no