Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Arbeidsmiljøpris

Utskriftsvenleg side Lagt ut 16. august 2013 kl. 11:26 av Kari Sagen
Kvam herad deler kvart år ut ein arbeidsmiljøpris til ein arbeidsplass som har utmerka seg i høve til å fokusera på trivsel og godt arbeidsmiljø:

ARBEIDSMILJØPRIS



Arbeidsmiljøutvalet vedtok 1.2.2002 fylgjande retningsliner for tildeling av arbeidsmiljøpris i Kvam herad:

1. Føremålet med arbeidsmiljøprisen i Kvam herad er å setja fokus på det førebyggjande arbeidet med helse-, miljø- og sikkerhet (HMS) ved å premiera verne- og arbeidsmiljøtiltak som viser innsats og resultat ut over "vanleg HMS-arbeid".

Med verne- og arbeidsmiljøtiltak meiner vi tiltak som rettar seg mot eitt eller fleire av følgjande punkt:
- Tiltak for å fremja gode samarbeidstilhøve og eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Evne til å løyse sine eigne arbeidsmiljøvanskar på den einskilde arbeidsplass
- Tilrettelegging i høve fagleg og personleg utvikling hjå dei tilsette
- Gje meiningsfylt arbeidssituasjon for den einskilde arbeidstakar

2. Prisen vert delt ut ein gong årleg, etter annonsering på alle avdelingar og tenestestader i Kvam herad. Personalavdelinga har ansvar for at dette vert gjort. Innkomne framlegg skal leggjast fram som sak i arbeidsmiljøutvalet (AMU), som avgjer kven som skal få prisen.

3. Arbeidsmiljøprisen har totalt ein verdi på kr. 15.000,-
Inntil 1/5 av summen skal brukast til eit kunstnarleg uttrykk som skal plasserast synleg på tenestestaden med inskripsjon som syner mottakars namn, årstal og at det er ein arbeidsmiljøpris frå Kvam herad. Resten av summen skal nyttast til vidare HMS-arbeid på den tenestestaden som har fått prisen. Kostnaden skal dekkast sentralt.

4. Alle tilsette, tenestestader, avdelingar og grupper som er tilsett i Kvam herad samt medlemer av AMU kan koma med grunngjeve framlegg til kandidatar innan 31/12 årleg.



LUKKA TIL MED ARBEIDSMILJØARBEIDET PÅ AVDELINGA DI - DET ER GOD INVESTERING !

Epost: kari.sagen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no