
|
Du er her: Startside / tenester /
Arbeidsmiljøutval
|
Lagt ut 1. mai 2013 kl. 17:23 av Kari Sagen
|
|
Alle verksemder med meir enn 50 tilsette er etter arbeidsmiljølova pålagt å ha arbeidsmiljøutval.
|
|
Arbeidsmiljøutvalet er representert med like mange representantar frå arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida. Arbeidsgjevarsida er vald frå det politiske miljø med tre representantar og to representantar frå administrasjonen. Rådmannen og HR-sjef møter som representant for administrasjonen. Bedriftshelsetenesta har uttalerett, men ikkje stemmerett i utvalet. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har møte omlag 4 gonger årleg, avhengig av saker.
Arbeidsmiljøutvalet skal arbeida for gjennomføring av eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og følgja utviklinga i spørsmål som vedkjem arbeidstakaren si helse, velferd og tryggleik.
Medlemer i arbeidsmiljøutvalet 2011-2015:
Arbeidsgjevarrepresentantar: 1. Medlem Sølvi Berge, H med personleg vara: Bjørgulv Hauger, Frp. 2. Medlem Atle Naterstad, Ap med personleg vara: Anne Marie B. Berge, Krf 3. Medlem Elisabeth Aarekol, Sp med personleg vara: Eirik Brunborg, KTL
4. Rådmann Arild Steine 5. HR-sjef Kari Sagen
Arbeidstakarrepresentantar: Ragnhild Rykkje - Fagforbundet - leiar frå januar 2011 Svein Sekse - Utdanningsforbundet Trude B. Buene - Norges Juristforbund (Akademikerne) Lillian Kvamsøy - Hovudverneombod Kari Svellingen Nygård - Norsk Sjukepleiarforbund
Informasjon om vedtak i Arbeidsmiljøutvalet ut i organisajonen, går direkte til verneomboda og gjennom linjeleiarane.
Dersom du har synspunkt og ynskjer å ta opp saker i Arbeidsmiljøutvalet, kan du ta kontakt med ein av representantane.
For meir informasjon om arbeidsmiljøutvalet sjå IK-handboka kap.3. og Arbeidsmiljølova §§ 7-1 og 7-2.
Epost: kari.sagen@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|
|
 |
 |
| |
 |
ARILD M. STEINE RÅDMANN
 |
ASBJØRN TOLO ORDFØRAR
 |
|
|
| |
|
|