Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Arbeidsmiljø

Utskriftsvenleg side Lagt ut 20. juni 2014 kl. 10:26 av Kari Sagen
Kvam herad ynskjer å ha fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet i organisasjonen.
Arbeidsmiljøet er ein viktig faktor for å få til ein effektiv organisasjon med god tenesteproduksjon. Dette arbeidet gjer seg ikkje sjølv, men krev at dei enkelte avdelingane set av tid til å drøfta arbeidsmiljøtema.

Dette kan gjerast ved blant anna å ha fora på arbeidsplassen der HMS er tema, slik at spørsmål/samtale om det psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen jevnleg får fokus. Personalmøte er eitt forum der felles arbeidsmiljø skal vera tema, medan den årlege medarbeidersamtalen kan gje rom for den enkelte si oppleving av trivsel på arbeidsplassen. Kvam herad har avtale om Inkluderande arbeidsliv frå 01.04.03, og årsakssamanhengen mellom arbeidsmiljø og sjukdom er eit fokusområde i denne avtalen.

KVAR TILSETT HAR EIT EIGE ANSVAR FOR SJØLV Å BIDRA TIL AT ARBEIDSPLASSEN ER EIN GOD STAD Å VERA og ARBEIDA.

I tillegg har kvar leiar eit overordna HMS-ansvar for sine tilsette. Systemarbeid, utvikling og effektivitet i organisasjonen har best tilhøve når den enkelte medarbeider kjenner seg sett og verdsett.

Sjå IK-handboka kap.2 om generelle prinsipp for handsaming av arbeidsmiljøsaker.

Kvam herad har avtale med bedriftshelseteneste om bistand i arbeidsmiljøspørsmål. Avtalen gjeld alle tilsette og arbeidet vert organisert med utgangspunkt i ein årsplan der fokusområde vert avtala.

NAV Arbeidslivssenter bistår også i spørsmål som gjeld arbeidsmiljø og inkluderande arbeidsliv. Kontaktperson for Kvam herad er Gro Skjønsberg - mobil 455 07 455

Epost: kari.sagen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no