Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Miljøfarleg avfall

Utskriftsvenleg side Lagt ut 4. september 2013 kl. 09:22 av Erik Ødegård
Kva er miljøfarleg avfall? Korleis levera miljøfarleg avfall i Kvam?
Sprøytemiddel"Miljøfarleg avfall på avvegar". Nå er elektriske og elektroniske (også kalla ee-)produkt som og inneheld miljøfarlege stoff, samt PCB-haldige vindauge m.m definert i felles gruppe som miljøfarleg avfall.
Kvart år kjem meir enn 30 000 tonn slikt miljøfarleg avfall på avvegar. Landsdekkande undersøking (MMI) syner at hovudårsaka er manglande kjennskap. Dette vil me med dette gjera noko med i Kvam.

Korleis kvitta seg med miljøfarleg avfall i Kvam? Sjå nedanfor.

Spesialavfall er td.:
Maling, lim, lakk, white spirit, oljeprodukt, raudsprit, salmiakk, spylevæske, avfettingsmiddel, bonevoks, låsolje og andre bilpleiemiddel, sprøytemiddel, fotokjemikaliar, sølvpuss, neglelakk, blykorkar, kvikksølvtermometer og korrekturlakk.
Levér i Tolomarka eller til den årlege innsamlingsrunden. Hugs og at dei fleste bensinstasjonar/ verkstader tek gratis imot m.a. batteri og spillolje.

Elektrisk- og elektronisk avfall:
Elektriske omnar, lysarmatur, lampar, lysstoffrør, sparepærer, vaskemaskiner, kjøleskap, fryseboksar, komfyrar og kjøkkenmaskiner, TV-apparat, PC-ar, TV-spel, fjernstyrte bilar, bøker med lydefektar, leikar som blinkar eller bråkar og andre elektroniske leikar, ur, klokker, elektriske måleapparat, hårfønarar, elektroniske tannbørstar, mobiltelefonar, trådlause telefonar, elektroniske verkty, leidningar og kablar.
Lever gratis til ein butikk som sel omlag tilsvarande produkt som det du vil kvitte deg med, lever i Tolomarka eller til den årlege innsamlingsrunden.

Avgrens mengda elektronikk
Vi har fått ei rekke nyttige elektriske produkt som hjelper oss i kvardagen. Men vi får også tilbod om haugevis av unyttige produkt som berre er til for å more oss eller løyse problem vi ikkje har. Leikar som blinkar eller bråkar er som regel drivne av batteri. Kvart år vert det kasta 2000 tonn elektriske og elektroniske leikar i Noreg. Desse inneheld ca. 5 tonn bly, 4 tonn flammehemmarar, kadmium og kvikksølv. Julenisseluer som blinkar, bursdagskort med melodi, fjernstyrte bilar og haugevis med liknande leikar inneheld farlege stoff. Lever desse tilbake til leikebutikken når dei vert avfall, men prøv først og fremst å avgrense denne typen innkjøp. Den miljømedvitne borgar prøver også å avgrense mengda trådlause telefonar, mobiltelefonar og ei rekke unødvendige hjelpemiddel. Kor stor del av innbyggjarane har til dømes så store problem med å opne ein hermetikkboks at dei må ha ein elektronisk boksopnar?

PCB-haldige vindauge/rammer Gjeld normalt isolerglasvindauge produsert mellom 1965 og 1975 (importerte 1980). Produksjonsåret står som regel i aluminiumsramma mellom glasslaga. Er du usikker skal vindauget leverast som om det inneheld PCB.
Lever heile (med karm) i Tolomarka, gratis frå husstandar.
Les meir om handtering av vindauge/rammer som inneheld PCB under:
Tenester/Teknisk/Renovasjon og
www.sft.no

Miljøfarleg avfall er også:
Medisinrestar:
Lever til eit apotek.

Ammunisjon, sprengstoff, fyrverkeri:
Lever til politiet.

Vis ansvar! Kast ikkje miljøfarleg avfall i trilledunken og tøm ikkje i toalettet. Gifta vil etter ei tid renna ut i havet, vert der teke inn i næringskjeda, etter ei tid vil gifta hamna på våre eigne tallerkar.


Kjøp mindre farlege stoff
Det viktigaste ein kan gjere er å kjøpa mindre farlege stoff. Lus på rosebusker kan du bli kvitt ved å dusja med grønsåpevatn. Du treng ikkje Luseknekkar. Har du fått maling på hendene kan du fjerna dette med smør. Du treng ikkje White Spirit til dette. Hugs også at det ikkje er særleg bra å vaska hendene med løysemiddel. Ugras kan fjernast ved å bruka spade eller ved å strø grovsalt. Plant lauk innimellom gulrotplantar, bytt åkerlapp av og til og ei rekke liknande råd er med på å redusera giftmengda vi pøser ut i naturen. Her har ein mykje lærdom å hente hjå dei eldre. Av og til er det likevel naudsynt å ta i bruk gift. Då er det viktig at ein les brukarrettleiinga godt og at ein leverer restane til lovleg mottak. Sjå SFT sine gode tips til alternativ:
SFT - Miljøriktige val - enklare enn du tror

Epost: eroe@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no