

|
Laurdag 25.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Open dag med loppemarknad..
Storeteigen venelag og Bygdagnist inviterer alle til open dag på Storeteigen med stor loppemarknad og ulike aktivitetar og kulturinnslag på tunet.
Program:
Kl 10: Marknaden opnar
Kl 18: Marknaden
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
13:00 Symjing for alle..
Frå måndag 15. oktober 2012 vart det innført betaling for badande:
Born: Einskildbillett kr 25,- / sesongkort kr 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr 50,- / sesongkort kr 400,-
Ein betalar ikkje kont
14:00 Kakaokonsert..
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg k
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
ØIL-barnedisco..
Roger Vassnes.
|  | Sundag 26.05.2013:
11:00 Klubbmeisterskap - årsmøte..
Klubbmeisterskap og årsmøte. Klubbmeisterskapet går over 6 seriar.
.
11:00 Friluftsgudsteneste på Åse i Strandebarm..
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KRIK. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552.
14:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
19:00 Kveldsgudsteneste i Øystese kyrkje..
S.pr. Lars Arne Vik. Song av Norheimsund og Øystese ungdomskor. Nattverd. Offer til ungdomskoret..
19:00 BRANN - Sarpsborg..
Kl 19. Seriekamp.



20:00 Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|  | Måndag 27.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Forvalting av skogressursar
|
Lagt ut 28. januar 2013 kl. 14:25 av Jan Tjosås
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon
Fremja skogproduksjon, skogreising og skogvern, ved å tilretteleggje for rasjonell skjøtsel og drift. Det skal vidare leggast vekt på fleirbruk, og då særleg livsmiljø og mangfaldet i naturen.
2. Kven får tenesta
Dei som eig skogeigedom i Kvam (og i høve til økonomiske saker: er registrerte i skogfondregisteret). Alle innbyggjarane i Kvam er kundegruppe når det gjeld fleirbruks- og miljøspørsmål. Dette kan gjelda både enkeltpersonar og organisasjonar.
3. Korleis få tenesta
Tilskot til skogsbilvegar og inn- og utbetaling vedrørande skogfond:
Ta kontakt med næringsavdelinga.
Kontroll og oppfylgjing:
I samband med kontroll av utført arbeid, plikthogst, o.l. tek heradet ofte direkte kontakt med skogeigar. Synfaring er ofte naudsynt.
Søknader om skogsvegar:
Det vil normalt verta svara innan fire månader, dersom søknaden ikkje omfattar offentlege tilskot. Større vegprosjekt har ofte 1-2 års planleggings- og søknadstid, med mykje kontakt med søkjar.
4. Kva omfattar tenesta
Forvalting av statlege tilskot til skogsvegar og miljøvenleg drift i område med vanskelege driftstilhøve. I samband med forvaltinga, vert det til ei viss grad gjeve hjelp og rettleiing til planlegging av tiltak, utfylling av søknadsskjema/avrekning, og gjennomført kontroll av utført arbeid. Det vert elles vist til skogeigarlaget sine tilsette som også kan hjelpa til med utforming av søknader. Inn- og utbetalingar vedrørande skogfond. Skogeigarane er pålagd avsetning til skogfond til framtidige kultur-, utbyggings- og planleggingstiltak i skogen. Det vert vanlegvis innbetalt midlar til skogfondskontoen i samband med avrekning frå omsetnadsledd, man kan også betalast inn direkte ved direkte omsetnad av vyrkje. Det vert gjeve rettleiing i samand med søknader om bygdeutviklingsmidlar til juletre-/pyntegrøntproduksjon, vidareforedling av skogsvyrkje og utvikling av utmarksnæringar. For hogst og andre tiltak i vernskog, som ligg opp mot fjellgrensa, gjeld særlege reglar, som vert forvalta av kommunen. Omdisponering av ungskog til anna føremål, krev også søknad, og vert forvalta av kommunen. Overordna planlegging i skogbruket vert utført i tråd med statlege føringar. Liknande også overvaking av miljøstatus med tanke på luftforureining i skogen, og framskaffing av andre statistikkopplysingar. Bygging av skogsvegar kan krevja ulike former for handsaming. Det må i fyrste omgong søkjast om løyve til bygging. Dette vert vurdert opp mot økonomiske, tekniske, miljø, og kulturminnemessige omsyn. Sakshandsamingstid: 4 månader.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Staleg tilskot: 40-60% av kostnaden.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om skogbruk, 21. mai 1965 ca 40 forskrifter i medhald av denne lova Konsesjonslova Odelslova Plan og bygn lov Friluftslov Viltlov Naturvernlov Vassdragslov
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, hjelpa du får til skjemautfylling handsamingstida eller liknande, kan du ta det opp med landbrukssjefen.
9. Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, må du senda skriftleg klage til kommunen innan tre veker etter at du vart gjort kjend med vedtaket. Klagerett og saksgang vil elles gå fram av vedtaket. Klageorgan er Fylkeslandbruksstyret når kommunen har gjort vedtak.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon
"Strategiplan for skogbruket i Hordaland" www.slf.dep.no
11. Praktiske opplysningar
Landbruksavdelinga ligg i 3. etg på rådhuset. Opnngstid er måndag - fredag kl. 9.00 - 15.00. Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Epost: jatj@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|