Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Kommunal eigedomsdrift - interne brukarar

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. august 2013 kl. 11:23 av Tore Skeie
1. Tenestedefinisjon (teneste nr. 130*,213*, 221*, 222*, 232*, 233*, 241*, 261*, 262*, 263*, 310*, 333*, 335*, 339*, 370*, 373*, 375*, 380*.
  • Forvaltning, drift og tilsyn, vedlikehald, nybygg og utvikling og reinhald av offentlege bygg


    2. Kven får tenesta
  • For Drift og tilsyn og Reinhald reknar ein alle tilsette når dei nyttar bygg heradet driv. For
    Vedlikehald og Nybygg og utvikling reknar ein administrativ leiar i vedkomande bygg som mottakar av tenesta


    3. Korleis få tenesta
  • Drift og tilsyn og reinhald vert rutinemessig utført.
  • Vedlikehald og Nybygg og utvikling vert utført etter plan oppsett i samråd med administrativ leiar for bygget (November / desember kvart år).

    Feil og manglar skal førast i eigen journal som er tilgjengeleg i alle administrative einingar.
    Administrativ leiar (brannvernleiar?)er ansvarleg for å melda aktuelle tiltak vidare til bygningsansvarleg i sona. Dette skal gjerast ved å nytta V-PRO ARBEIDSBOK. Dette er del av Kvam herad sitt styrtings- og internkontrollsystem og dannar grunnlag for all drift- og vedlikehaldsplanlegging på heradet sine bygningar.

    Kvam herad er inndelt i 4 soner for det som har med kommunal eigedomsdrift å gjera.
  • Sone Øysetese/Ålvik: Driftsleiar Lars Knut Haukaas tlf 915 71 060
  • Sone Norheimsund/Strandebarm Driftsleiar Jostein Neteland tlf 977 17 037
  • Teknisk drift: Leiar teknisk drift Johnny Froestad tlf 456 74 122 Ved akutt situasjon kan det meldast direkte til 56 55 34 00.


    4. Kva omfattar tenesta
    Generelt
  • Alle bygg skal til ein kvar tid vera i ein slik stand at dei tilfredsstiller krav som lov og forskrifter set for bygningstypen med omsyn til varme, lys, utbetring av skader, reinhald, m.v.
  • (Helse Miljø, sikring og Miljøretta helsevern i barnehagar og skular)
  • Alle bygg skal ha eit handlager for forbruksmateriell


    Tekniske installasjonar:
  • Tekniske installasjonar skal til ein kvar tid vera i driftsmessig god stand. Varme og ventilasjonsanlegg skal verka optimalt etter den spesifikasjon som gjaldt då dei vart monterte.
  • Ved havari av teknisk anlegg vert utbetring starta med ein gong.


    Vedlikehald og utvikling:
  • Framdrift på vedlikehald og utvikling vert utført i samråd mellom Teknisk etat og administrativ leiar på den enkelte eining etter plan utarbeid på grunnlag av budsjetterte midlar. Nivået på vedlikehaldet er avhengig av tildelte ressursar


    Vedlikehald vert prioritert slik:
    1. Fysisk sikring av bygg
    2. Offentlege pålegg (Brannsyn og Internkontroll)
    3. Tiltak i samband med Helse Miljø Sikkerhet (HMS) og Miljøretta Helsevern i barnehagar og skular (MHBS)
    4. Anna


    Reinhald:
  • Reinhaldet vert gjennomført som ”behovsprøvd reinhald”. Arbeidet er lagt opp av faglært personell og moderne metodar er innført.
  • (Kjemikaliefritt / mikrofiber så langt dette er mogeleg)
  • Reinhald for Helse og sosialetaten vert organisert etter eigen avtale (Undet utvikling).
  • Heradet tek ikkje på seg ansvaret for reinhald i kommunale utleigehus.
  • Krav til reinhaldet er at det skal vera godt fagmessig utført. ”Godt fagmessig” vert vurdert av reinhaldsleiar i samråd med administrativ leiar for bygget.
  • (Norsk Standard INSTA 800, RENGJØRINGSKVALITET er lagt som grunnlag for det som gjeld kvalitet på arbeidet)


    Internkontroll:
  • Særkrav i samband med internkontroll på tekniske installasjonar vert fylgt opp ved rutinemessig gjennomføring og dokumentasjon overfor administrativ leiar på bygg.
    Dette gjeld:
  • Heis
  • Basseng
  • Brannvarsling med tilhøyrande funksjonar
  • Brannslokkingsapparat, sprinkling
  • Ventilasjonsanlegg
  • Elektrisk anlegg (Faste installasjonar)


  • Innemiljø:
  • Sjå eige perm ”Miljøretta helsevern for barnehagar og skular” og HMS.
  • Feil med teknisk utstyr skal førast i journal.


    Service:
  • FDVU yter fast service på ein rekkje områder. Eventuell ekstra tenester skal avklarast og tingast av administrativ leiar .
    I vedlagt skriv for:
  • ”forvaltning, drift og vedlikehald barnehagar og skular” og
  • ”forvaltning, drift og vedlikehald Helse og sosial ” er det summert opp kva tenesta omfattar.


    5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
    At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
  • At eg held teieplikta mi
  • At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåver som skal løysast


    Brukardialog:
  • Journal utlagt
  • Alle som er definert som brukarar av bygg har rett og plikt til å melda frå om feil og manglar på bygget


    Kva krav stiller heradet.
  • At alle brukarar tek ansvar for dei verdiar eigedomane representerer og at feil og manglar vert meld etter kvart som dei oppstår.


    Brukaren sitt ansvar:
  • Den enkelte arbeidstakar har plikt til straks å melda frå om oppstått skade (journal).
  • Ved skadar som skuldast vandalisme / uhell skal det meldast frå på vanleg måte.
  • Administrativ leiar i vedkomande bygg er ansvarleg for å fylgja opp med melding til lensmann og framsetjing av krav mot skadevaldar.
  • FDV bygg har ansvar for utbetring av skade.
  • Administrativ leiar i vedkomande bygg skal sortere ut dei tiltaka som vert ført i journal slik at berre aktuelle bestillingar kjem til avdelingsleiar for FDVU bygg


    6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
  • · Det er ikkje krav om innternleige for bruk av heradet sine bygg.


    7. Heimelsgrunnlag for tenesta
  • Forvaltningslova: Lov av 10.feb 1967
  • Plan og bygningslova 14.juni 1985 nr.77
  • Lov om brannvern m.v. 5.juni.1987 nr.26
  • Lov om brannfarlege varer samt væsker og gasser under trykk 21.mai 1971 nr.47
  • Lov om tilsyn med elektrisk anlegg og elektrisk utstyr. 24 mai 1929 nr.4
  • Lov om eksplosive varer. 14 juni 1974
  • Internkontrollforskriften 6.des.1966 nr. 1127
  • Arbeidsmiljølova 4.feb 1977 nr 4
  • Avhendingslova 3.juli 1992 nr.93
  • Grannelova 16.juni 1961 nr.15
  • Eierseksjonslova 23. mai 1997 nr.31
  • Forureningslova 13.mars 1981 nr.6
  • Forskrift for miljøretta helsevern i Barnehagar og skular 1.des 1995
  • Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstue m.v. 13. juni 1996|
  • Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr
  • Forskrift om sikkerhet ved arbeid i drift av lavspenningsanlegg med veiledning
  • Forskrift om elektriske lavspenningsanlegg med veiledning
  • Forskrift om innretning, drift og kontroll av heisanlegg


    8. Når ting ikkje fungerer
  • Avvik frå aksepterte normer etter HMS og MHBS skal meldast i journal. Ved akutt situasjon kan ein i tillegg til å føra journal ta kontakt med avdelingsleiar for sona direkte.( Sjå pkt.3)
  • Problem som har med forbruksmateriell på toalett etc. kan meldast reinhaldar på bygget

  • For problemer av generell karakter skal dette takast opp med administrativ leiar for bygget. Han / ho har ansvaret for å avklara saka vidare tenesteveg evt. med vedlikehaldssjef.


    9. Klage
  • Klager vert å melda som avviksmelding etter reglane i Kvam Herad sin IK - handbok.


    10. Brosjyrar, anna/meir informasjon
  • www.kvam.kommune.no


    11. Praktiske opplysningar
  • Teknisk etat ligg i 2. etg på rådhuset.
  • Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.
  • Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
  • Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01
  • E-post: postmottak@kvam.kommune.no
  • Internett: www.kvam.kommune.no


    Arbeidsdeling




    Forvaltning, drift og vedlikehald. Skular og barnehagar.

    Hovudaktivitet for FDV avdeling er oppfølging av vedlikehaldsplanar . Konf. Aktivitetsplan

    Ut over dette er det ein rekkje praktiske oppgåver som må utførast dagleg:


    Reglar for oppgåvedeling :

    Bos
    I prinsippet:
    - Den som produserer boset er ansvarleg for å få det fram til oppsamlingsplass.
    Kjeldesortering:
    - Reinhaldarane tek det som kjem i boskorga, også avfall frå sløyd / handarbeid.
    - Elevane / lærarane tek seg av det som skal sorterast ut. Papir, glas og mjølkekartongar.
    Vedlikehaldsleiar er ansvarleg for å laga til eit system som verkar utan at vedlikehaldspersonalet går inn i prosessen.

    Utskifting lyspærer og lysrør:
    - Vedlikehaldspersonalet tek seg av vanskelege lamper og større utskiftingar.
    - Reinhaldarane / brukarane registrerer og melder frå om utbrente lysarmatur.
    I bordlamper etc. skifter den enkelte brukar sjølv.
    Føresetnad: handlager

    Oppstilling av stol og bord:
    - Ved mindre møte skal møtesal ordnast til av dei som står for møtet.
    - Ved konsertar og større møte har driftsleiaretter avtale ansvaret.
    Opprydding skal gjerast av dei same som har ordna til lokalet.

    Låsing og sløkking:
    - Ytterdører / klasserom skal alltid vera låste utanom ordinær arbeidstid.
    - Den som sist forlet eit lokale er ansvarleg for at det er rydda, at stolar og bord er på plass, lyset sløkt, vindauge lukka og dører låst.
    - I Øystese (avvikla i Norheimsund)er det tilsynsordning, det er ein føresetnad at dei som er med på dette berre unntaksvis skal vera tvungen til å gå inn i bygningane.
    Rapporteringsordning?


    Flagging:
    - Vurdere eigen sak i samband med flagging. Inntil vidare ingen endring i rutinar.

    Reinhald:
    - Omorganiseringa av reinhaldet føreset at det vert laga ein reinhaldsplan for kvar skule / barnehage.
    - I samband med oppsetting av denne planen skal det avgjerast:
    * kven som har ansvar for kva: Reinhaldarar / elevar / lærarar
    (Innemiljø er eit felles ansvar)
    * kven som er med og styrer reinhaldet
    * kven om er tilsett som reinhaldarar og kor stor stilling den enkelte har.
    * kven som tek seg av kva slag bos
    * kor handlager for lysmiddel er og kven som fyller på.
    * kven som skiftar lysmiddel
    * anna?

    Snørydding:
    - Vedlikehaldsleiar er ansvarleg for å leiga inn maskinell brøytehjelp.

    Ved større snødett er vedlikehaldspersonellet opptekne med å ta unna snøen på dei mest utsette stadene.

    Strøing:
    - Det er uråd å koma rundt og strø alle stader. Einaste gjennomførbare ordning er at det vert sett ut kassar med strøsand og at brukarane sjølv strør. FDV avdeling organiserer etterfylling etter avtale. På stader med mange menneske må det strøast maskinelt.

    Innemiljø
    - Først og fremst brukarane sitt ansvar. Det bør setjast ned ei eiga prosjektgruppe som skal syta for planmessig registrering av det fysiske innemiljøet.


    Inventar:
    - Skal kjøpast ferdig montert og utpakka. Når det ikkje er mogeleg å få levert ferdig montert utstyr kan FDV personell montera etter avtale.

    Nedslitt / øydelagt inventar :
    - Kritisk vurdering av om det løner seg å reparera.
    - FDV personell reparerer etter avtale. Eigar tek kostnadene.
    Gjeld også utstyr i idrettshallar.

    Maskiner T.d. sløydutstyr og anna elektrisk utstyr.
    - Kritisk vurdering av om det løner seg å reparera.
    - FDV reparerer etter avtale. Skule / barnehage tek kostnadene.

    Vandalisme / uhell:-
    - Ved skader på bygningar skal årsaka til skaden vurderast.
    - Dersom uhell skuldast urimeleg framferd skal skadevaldar gjera opp for skaden.
    - Ved hendeleg uhell tek FDV avdeling kostnaden.
    - Behov for utbetring bør meldast inn med opplysningar om årsakssamanheng og kven som skal betala skaden.
    - Ansvar for etterforsking har rektor.
    - Melding til forsikringsselskap berre etter spesiell vurdering, grunna høg eigenandel.

    Kontakt brukar/FDV
    - Ved behov for hjelp er det viktig at meldingane vert gjeve på ein måte som ikkje forstyrrar FDV personale i planlagt arbeid.

    Ved kvar skule / barnehage er det rektor / styrar eller ein denne har peikt ut som skal registrera behov og melda vidare til vedlikehaldsleiar i sona.

    Kontakt mellom vedlikehaldsleiar og rektor / styrar bør avtalast direkte mellom partane. Skriftleg melding er ofte å føretrekkje. t.d. faks. Ved akutte behov kan vedlikehaldsleiar som regel nåast over mobiltelefon.

    Faste frammøtedagar på dei enkelte bygga er ikkje ynskjeleg. Basseng vert kontrollert i samsvar med krav i Bassengforskriftene.

    Teknisk etat 27.08.2013
    Hogne Høysæter, Teknisk sjef
    Tore Skeie, Leiar Forvaltning, drift og vedlikehald bygg.





    Sjukeheimar og trygdebustader.

    Hovudaktivitet for FDV avdeling er oppfølging av vedlikehaldsplanar . Konf. Aktivitetsplan 97
    Ut over dette er det ein rekkje praktiske oppgåver som må utførast dagleg:


    Framlegg til oppgåvedeling :

    Bos
    I prinsippet:
    - Den som produserer boset er ansvarleg for å få det fram til oppsamlingsplass.
    - Vedlikehaldsleiar i sona er ansvarleg for å laga til eit skikkeleg system for fjerning av bos som fungerer utan at vedlikehaldspersonalet går inn i prosessen.

    Vaktmeistertenester i trygdebustad:
    - Trygdebustadene er vanlege bustader som vert leigd ut til Kvam herad sine innbyggjarar. Leigetakar er sjølv ansvarleg etter husleigelova for ein rekkje tilhøve.
    Hovudregel er: Vaktmeistertenester inngår ikkje i husleiga. Alminneleg slit og elde er huseigar sitt ansvar. Leigetakar er ansvarleg for skader på husvære, manglande nyklar, utslitne pakningar, knuste vindauge, skifting av batteri i brannvarslar o.s.b. Snømåking, strøing, framsetting av bos m.m. er ikkje tenester som inngår i husleiga.

    Utskifting lyspærer og lysrør: (Gjeld også fellesareal i trygdebustader)

    Vedlikehaldspersonalet tek seg av vanskelege lamper og større utskiftingar.
    Pleiepersonell skiftar der dette er enkelt og melder elles frå til driftsleiar om utbrente lamper. Lag lister slik at ting kan utbetrast rasjonelt.
    Føresetnad: handlager

    Varemotak Ikkje vedlikehaldsoppgåve. Kjøp varene på vilkår av at dei vert levert plassert i hyller og emballasje fjerna!!! Innkjøpsansvarleg har ansvaret for at varene kjem på plass i hyllene.

    Flagging:
    Flagging ved sjukeheimane skal utførast av dei som er på vakt.
    Flagging ved trygdebustadene skal utførast av leigetakarane.

    Snørydding:
    Leiande vaktmeister er ansvarleg får å leiga inn maskinelt brøytehjelp.
    Ved større snødett er vedlikehaldspersonellet opptekne med å ta unna snøen på dei mest utsette stadene. Prioritering er vanskeleg. Ingen har tolmod til å venta .

    Strøing:
    Det er uråd å koma rundt og strø alle stader. Einaste gjennomførbare ordning er at det vert sett ut kassar med strøsand og at brukarane sjølv strør. Etterfylling på Sandven for dei som er mobile.

    Innemiljø:
    Først og fremst brukarane sitt ansvar. Det bør setjast ned ei eiga prosjektgruppe som skal syta for planmessig av registrering av det fysiske innemiljøet.
    Viktig: HMS vernerundar.

    Inventar:
    Nye ting: Regel: Skal kjøpast ferdig montert og utpakka. Dersom vedlikehaldspersonell har kapasitet kan dei etter avtale montera opp nytt utstyr.

    Nedslitt / øydelagt inventar : Kritisk vurdering av om det lønner seg å reparera.
    FDV reparerer innimellom andre oppgåver når / dersom dei har tid.
    Helse
    sosial tek kostnadene. (I prinsippet også for arbeidstida)

    Maskiner
    Oppvaskmaskinar, vaskemaskinar, bekkenspylar . Kritisk vurdering av om det lønner seg å reparera.
    FDV behjelpeleg med å reparera / bestella servicefolk. Helse
    sosial tek kostnadene. I prinsippet også for arbeidstida dersom arbeid vert utført av FDV personell.

    Kontakt brukar / FDV
    Ved behov for hjelp er det viktig at meldingane vert gjeve på ein måte som ikkje forstyrrar FDV personale i planlagt arbeid.

    Ved kvar sjukeheim er det soneleiar / avdelingsleiar som skal registrera behov og melda vidare til leiande vaktmeister i sona.

    Kontakt mellom driftsleiar og rektor / styrar bør avtalast direkte mellom partane. Skriftleg melding er å føretrekkje. t.d. faks. Ved akutte behov kan driftsleiar som regel nåast over mobiltelefon.

    Faste frammøtedagar på dei enkelte bygga er ikkje ynskjeleg (Gjeld ikkje der det er basseng )



    Epost: tore.skeie@kvam.kommune.no




  • ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

    ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


    FACEBOOK  Facebook

    Godkjent HTML 4.01 Transitional
    Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no