

|
Tysdag 21.05.2013:
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Onsdag 22.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Trivselskafe..
Velkomen til trivelig og sosialt samvær kvar onsdag mellom kl 11 og 14 på Trivselskafeen.
Enkel servering.
Varm mat, kaffe og kaker.
Kr. 50,-
Ta gjerne med handarbeid..
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|  | Torsdag 23.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
19:00 1 bane reservert - Kleppetrening..
.
20:00 Kompani Orheim (Gratis framsyning i samband med kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt?»)..
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Brann- og ulukkesberedskap
|
Lagt ut 16. mars 2009 kl. 13:44 av Bjørn Johansen
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon ( teneste nr 33900)
Brann, ulukkeberedskap og akutt forureining på sjø og land.
2. Kven får tenesta
Innbyggjarar og dei som oppheld seg i Kvam og trafikantar som oppheld seg innafor grensene til Kvam herad. Nabokommunar har etter brannloven krav til bistand ved behov, dersom eiga kommune ikkje mistar si beredskap.
3. Korleis få tenesta
Alle akutte ulukker og hendingar der menneske, dyr og materielle verdiar er trua, skal meldast til Interkommunal Vaktsentral Brann tlf. 110. Alternativt kan brann og ulukker meldast til: Politi tlf. 112, AMK tlf. 113. Normalt vil alle nødnumre bli varsla samtidig ved behov. Akutt forureining på sjø og land skal meldast nødnummer 110! Hugs fyljande når du ringje eit nødnummer: 1: Kven ringje! 2: Kva har skjedd! 3: Kvar har det skjedd!
4. Kva omfattar tenesta
Innsats for å berga menneske, dyr og materielle verdiar frå brann og andre akutte ulukkeshendingar. Vidare skal vi søkje å redusere skadeomfang under brann og andre ulukker. I førsteinnsatsen skal brannvernet gjera det som er mogeleg med tilgjengelege ressursar for å redusere skadeverknadene etter brann (restverdiredning). Innsatstidene skal vera i samsvar med krav i forskrift, og brannvernet skal vera på brann-/skadestaden innan 10 minuttar i tettstader med brannfarleg busetnad og institusjonar, sjukehus, sjukeheim, aldersheim og liknande. I tettstaden elles er det krav om innsatstid på 20 minuttar, og til spreidd busetnad, 30 minuttar. Ved melding om større brann skal førsteinnsatsen vera på minimum 2 mannskap og 1 befal. Innan 10-15 minuttar etter førsteinnsatsen, skal det normalt vera 12-14 mannskap på staden. Innsatsen kan verta avgrensa grunna manglande trykk/vassføring i leidningsnettet. Som ein kompensasjon for slike høve er det ei vanntankvogn på ca. 14m3. Skadelidne kan ikkje forventa at brannvernet tek ansvar for gjenverande verdiar etter brann/ulukke, t.d. vakthald for vern mot innbrot, tjuveri eller liknande. Tenester utanom utrykking ved brann og andre akutte ulykkeshendingar, vert vurdert ut frå kost/nytte og må ikkje vera til hinder for dei lovpålagde oppgåvene.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte. At dei held teieplikta si. At eg får fagleg forsvarleg fagleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast. Kva krav stiller heradet? Kvam herad har ansvar for at brann- og redningsmannskapa sine kvalifikasjonar og kompetanse er oppdatert ved opplæring og kontinuerlege øvingar, samt dei krav som er sette fra sentralt hald. Kvam herad har ansvar for at brannvernet har tilstrekkeleg og tidsmessig utstyr, klar til bruk ved utrykning. Brukaren sitt ansvar: Brukar som oppdagar eller får vita om brann og ulukker, pliktar straks å varsla dei som er utsett for fare og dessutan brannvernet ved å ringa nødnummer 110. Brukar må sjølv gjera den innsats som er mogeleg med tilgjengelege ressursar for å avgrensa skadane utan å setja sitt eige liv i fare, og ellers fylgje den rettleiinga som innsatsmannskap gjev.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Ingen eigenbetaling for beredskap/utrykkingar, med unntak av falsk/unødig alarm, oppgåver utanom dei lovpålagde eller at brukar med vitande og vilje er årsak til brann/ulukke. Ved forureining er forureinar (eller dennes forsikringsselskap) erstatningspliktig i henhald til "Lov om forureining. Brannvernet har ikkje midlar for å gje tilskot til tryggingstiltak for einskildpersonar eller grupper.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Forvaltningslova Lov om brannvern av 14. juni 2002 nr. 20. om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff, og om brannvesenets redningsoppgaver. Forskrift av 26 juni 2002 nr. 729 om organisering og dimensjonering av brannvesen. Forureiningsloven av 13. mars 1981, nr. 6.
8. Klage
Dersom brukar meiner at han/ho ikkje har fått tenesta han/ho har krav på, kan det sendast klage. Spørsmål om klage kan rettast til Teknisk eining, v/Brannsjefen. Skriftleg klage skal stilast til Kvam heradsstyre, men sendast brannsjefen
9. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Fellesekretariatet i Kvam rådhus. Internett. www.dsb.no , www.brannvernforeningen.no, www.kvam.kommune.no Meir info hjå: Brannvernavdelinga i Kvam herad. Er du i tvil om noko, ring 94 84 81 10 som er vakttelefonen for Kvam brann- og redningsteneste! Her skal du få hjelp og rettleiing!
10. Praktiske opplysningar
Kvardagar, måndag - fredag frå kl. 0900 til kl. 1500. Adresser, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer. 56 55 30 00, Fax, .56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no
Epost: bjjo@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|