Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Geodataproduksjon

Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. februar 2013 kl. 11:45 av Bjørn Vik
1. Tenestedefinisjon
Etablering og drift av heradet sitt kartgrunnlag og geodetisk grunnlag.
Distribusjon av kart og matrikkeldata via www.infoland.no , http://kart.kvam.no
samt direkte leveranse frå heradet på digitalt eller analogt format.
Oppmålingsforretning etter matrikkellova for eksisterande og nye eigedomar og melding til tinglysing.
Adresseforvalting og anna sakshandsaming etter matrikkellova.

2. Kven får tenesta
Målgrupper for kommunen sitt kartgrunnlag er alle med behov for kart til offentleg og privat sektor.
Alle som ber om oppmålingsforretning eller adresser til gamle eller nye bustad/hytteeigedomar m.m. samt ynskjer tilleggsareal, utføre ei grensejustering m.m.

3. Korleis få tenesta
Det må søkjast om frådeling av nye eigedomar, tilleggsareal m.m. på eige skjema.
Søknadsskjema ligg tilgjengeleg på rådhuset og kan lastast ned frå heimesida.
Heradet startar arbeidet med oppmålingsforretning når søknad om frådeling er ferdig handsama.
Same skjema må og nyttast i samband med oppmålingsforretning for eksisterande eigedomar, grensejustering, avtale om grense m.m. Desse forretningane kan gjennomførast utan søknad. Ved samanslåing må ein nytta eit eige skjema.

Meir utfyllande informasjon ang. eigedomsforhold kan du finne på Statens kartverk sine heimesider, www.statkart.no.

4. Kva omfattar tenesta
• Oppmåling, oppmålingsforretning og melding til tinglysing, jf matrikkellova.
• Produksjon av temakart etter kunden sitt behov.
• Produksjon òg temakart frå ulike datakjelder.
• Rådgjeving i tilknyting til kart og oppmålingsforretning m.m.
• Leverast på digitalt og analogt format.
Kartkvalitet føl gjeldande SOSI standard.

5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
• Å bli møtt på ein respektfull og høfleg måte
• Teieplikta vert halde
• Fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast

6. Fristar for sakshandsaming
Kommunen skal straks matrikkelføre:
• Opplysningar om framsett krav for jordskifteretten
• Melding om avtale eller vedtak om erverv av grunn til offentleg veg eller jernbane.
Innan 6 veker skal kommunen matrikkelføre;
• Samanslåing
• Avtale om eksisterande grense
• Samla fast eigedom
• Sak for jordskifteretten og andre rettsinstansar
• Krav om retting, endring eller tilføying av opplysingar
Tidsfristar og varsling i oppmålingssaker.
Innan 16 veker etter motteke rekvisisjon eller etter at nødvendig vedtak/løyve ligg føre, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretning og matrikkelføring. Fristen kan utsettast, men maksimal lenging av frist er 2 år.
Fristen vert forlenga;
• for å gjennomføre nødvendig tinglysing.
• ved klage
• ved usikker, omtvista grense får partane 4 veker frist til å verta einige
• for å sikre oppmøte frå partane
• dersom oppmåling ikkje kan skje vinterhalvåret jf vinterforskrifta HST sak 123/10. godkjent den 14.12.2010.
• maksimal lenging av frist er 2 år
• ved behov for supplering av opplysningar frå rekvirent
Godkjend frådeling må gjennomførast innan 3 år etter vedtak er fatta.
Kommunen skal varsle om oppmålingsforretning 2 veker før forretninga. Kortare frist kan avtalast.

7. Brukaren sitt ansvar
Brukaren må gje nødvendige opplysningar skriftleg for å sikre effektiv saksgang.

8. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Gebyr for oppmåling og oppmålingsforretning står i Kvam herad sitt gebyrhefte. Gebyr for oppmåling, temakartproduksjon m.m. vert belasta etter medgått tid.

9. Heimelsgrunnlag for tenesta
2010.09.03 nr. 56 Lov om infrastruktur for geografisk informasjon (geodataloven)
2005.06.17 nr 101: Lov om eigedomsregistrering (Matrikkelloven)
2008.06.27 nr 71 Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven).
2006.05.19 nr 16: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
1967.02.10 nr 10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).

Gjeldande planar framgår av http://kart.kvam.no

10. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, måten arbeidet vert utført på, sakshandsamingstida eller liknande, kan du ta det opp med eining for byggjesak og private planar.

11. Klage
Ønskjer du å sende skriftleg klage, kan du gjere dette til Kvam herad, 5600 Norheimsund.

12. Brosjyrar, anna/meir informasjon
Fellessekretariatet i Kvam rådhus.
Internett – www.kvam.kommune.no

13. Praktiske opplysningar
Opningstider rådhuset: Kvardagar, måndag – fredag frå kl. 0900 til kl. 1500.
Adresser, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer. 56 55 30 00, Fax, 56 55 30 01
Telefonnummer til geodataavdelinga:
Heidi Ørjansen geodataansvarleg 56 55 86 99 (oppmålingsforretning, temakart),
Harald Måge landmåler 56 55 31 71 (oppmåling, oppmålingsforretning, samanslåing)
Magne Laupsa landmålar 56 55 31 95 (oppmåling, adressering, oppmålingsforretning)
Magnar Dalatun landmålar 56 55 31 96 (oppmåling, oppmålingsforretning, temakart)
Olav E Sandven Teknikar 56 55 31 79 (kart, nabolister, planar).
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Internett: www.kvam.kommune.no

Epost: bjorn.vik@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no