Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Vedlikehald av kommunale vegar

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. august 2013 kl. 08:31 av Hogne Høysæter
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 33000)

Kommunal vegdrift


2. Kven får tenesta

Alle trafikantar på kommunale vegar.


3. Korleis få tenesta

For å få vegtenestene må ein melda frå til driftsavdelinga ved teknisk etat.
Når ein har meldt inn ei sak skal ein ha tilbakemelding, eventuelt eit mellombels svar, innan 3 veker etter søknad/første skriftlege kontakt.


4. Kva omfattar tenesta

PRIORITERTE TENESTER

Tiltak på kommunale vegar som sikrar at trafikantane kan ta seg sikkert fram. Kvam herad har ikkje noko vedteken standard for vedlikehald av dei kommunale vegane og tiltak vert gjort på grunnlag av dei erfaringane som driftsavdelinga sit inne med. Driftsavdelinga arbeider med tilsyn, utbetring av registrerte skader på vegnettet og systematisk vedlikehald av vegnettet (herunder snøbrøyting, strøing og veglys).
Asfalteringsplan for Kvam Herad (prioriteringsliste over asfalteringsarbeid).
Akutte nødtiltak for å hindre skade på liv og helse.




GJENNOMFØRING

Tiltak, til dømes siktutbetring, drenering, reingjering, sikringskantar, asfaltlapping, kantklipping etc., vert gjennomført etter prioriteringar gjort av driftsavdelinga og etter asfalteringsplan som er vedteken av Kvam heradsstyre.
For snøbrøyting er det utarbeida instruks for den kommunale tenesta, der det går fram at veg som er open for vanleg ferdsel skal vera farbar for personbilar som er normalt utstyrt for vinterkjøring.
Minste snømengd før brøyting vert igangsett skal vera 10 cm på den snørikaste delen av roden. Ved våt og tung snø og ved særleg vanskelege kjøreforhold kan brøyting startast før. Ved snøfall om natta skal vegen normalt vera gjennombrøytt før morgontrafikken set inn (seinast 07.00). Ved store snøfall kan forseinkingar utover dette aksepterast. Ved brøyting og høvling vil det verta lagt igjen snø og is i private avkjørsler. Denne snøen og isen må den enkelte eigar av privat veg sjølv fjerna.
For veglysa langs vegane er det Kvam Kraftverk som utfører drift og vedlikehald på oppdrag frå Kvam herad.
Akutt-tiltak, til dømes ras, utgliding etc., vert vurderte i kvart enkelt tilfelle basert på risiko for liv og helse og materielle tap.




FORVENTNING TIL BRUKAR-MEDVERKNAD

Brukar melder frå til driftsavdelinga ved teknisk etat om veg-problem snarast mogleg
Brukar gjer enkle grep for å redusera skadeverknad i ein akuttsituasjon






5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg og forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Normalt ingen eigendel for brukar. Ved private tiltak i kommunal veg må følgjekostnader dekkast - t.d. ansvar ved graving i kommunal veg. Vilkår vert stilt i graveløyve som må innhentast.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Veglova av 21.06.1963
Vegtrafikklova av 18.06.1965 med forskrifter og vedtekter.
Plan- og bygningslova av 14.06.198,
Grannelova av 16.06.1961
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid


8. Når ting ikkje fungerer/hindrar gjennomføring

Store snøfall, flaumregn og liknande ikkje planlagde hendingar vil kunna føra til utsetting i leveranse av tenester


9. Klage

Klager som gjeld kommunal vegdrift skal rettast til driftsavdelinga ved teknisk etat.
Klager som gjeld brøyting på kommunale vegar skal i første omgang rettast til den brøyteansvarlege for den roden der det er problem. I neste omgang skal driftsavdelinga ved teknisk etat kontaktast.
Klager som gjeld manglande lys eller dårleg lys i eksisterande veglysnett skal rettast til Kvam Kraftverk. I neste omgang skal driftsavdelinga ved teknisk etat kontaktast.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Asfalteringsplan, oversikt over brøyteroder og brøyteansvarlege, samt brøyteinstruks, er utlagd i resepsjonen ved Kvam rådhus. Dei er også å finna på heimesida til Kvam herad; www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Rådhuset har opningstid 0900 til 1500, måndag til fredag.
Kvam herad, teknisk etat, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01
Epost: postmottak@kvam.kommune.no
Internettadresse: www.kvam.kommune.no
Kommunal brøytevakt mellom midten av november og midten av mars: 56 55 34 00. Vakttelefon heile døgeret i nemnde periode.
Utførande snøbrøyting: Søk på snøbrøyting på www.kvam.kommune.no eller kontakt rådhuset
Utførande veglys: Kvam Kraftverk AS, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 33 00, Fax: 56 55 33 01

Epost: hhoe@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no