Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Slamtøming

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. august 2013 kl. 08:31 av Lars Ese Ur
1. Tenestedefinisjon (Teneste nr. 35400)

Kommunal slamtømming


2. Kven får tenesta

Kommunal slamtømming er ei fellesordning der alle med septiktank/slamavskiljar pliktar å vera med.


3. Korleis få tenesta

Abonnenten kontaktar avgiftskonsulent i Kvam herad eller utførande entreprenør (Johnny Birkeland transport) direkte, og vert registrert. Abonnenten får første tømming når det er tømming i området.
Nye bustader vert registrerte av avgiftskonsulenten i samband med godkjenning av byggjemelding/ferdigattest. Eigar av bustad vert registrert som abonnent. Abonnenten får første tømming når det er tømming i området.
Det er høve til å søkja om endra gebyr, t. d når bustadhus berre vert nytta som fritidsbustad. Søknadsskjema i Fellessekretariatet.
Ingen søknadsfrist.
Sakshandsamingstid: Innan 3 veker.


4. Kva omfattar tenesta

Tømming av slamavskiljar for bustader og næringsdrivande: Kvart 2. år. Fritidsbustader får tømming kvart 4 år.
Det vert gitt skriftleg varsel til eigar 2 veker før tømming. Tømminga skal gjerast i det tidsrommet som er varsla. Dersom det vert oppdaga noko ekstraordinært med tanken ved tømming, skal eigar kontaktast.
Det kan ikkje forventast å få tømming flytta til ein dag det "passar" betre, men abonnenten kan kontakte utførande entreprenør (Johnny Birkeland transport) eller Kvam herad for informasjon og for spørsmål om flytting av tømmedag i særlege høve.
Abonnenten må sjølv syta for å gjera tanken klar i den perioden tømming er varsla. Dersom det ikkje var klart for tømming då slambilen kom (ikkje avgrave, ikkje tilkomst etc.), kan abonnenten ikkje krevje ny tømming utan ekstra kostnad.
Ved behov for ekstratømmingar grunna tette oppsamlingstankar, underdimensjonerte slamavkiljarar eller liknande, kan dette avtalast direkte med utførande entreprenør. Ekstratømmingar vert fakturerte av Kvam herad


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad

Satsar for gebyr vert fastsett årleg ved heradsstyrevedtak. Gebyr for slamtøming, utført 2. kvart eller 4.kvart år (fritidsbustad), vert fordelt som årleg avgift, og delt i 2 terminar, med forfall 01.04 og 01.10.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Forureiningslova av 13.03.1981.
"Forskrift for Kvam herad for innsamling av forbruksavfall, tøming av slamavskiljar mv og for avfallsgebyr" , vedtak i HST-sak 71/93, 09.12.1993.


8. Når ting ikkje fungerer

Problem med det tekniske utstyret på slambilen eller ekstraordinære tømmingar andre stader kan føra til endringar i oppsett rute. Entrepenøren pliktar då å utføra tømminga så snart råd er.


9. Klage

Klage som gjeld utføring av tømminga skal rettast til utførande entreprenør (Johnny Birkeland transport).
Klage som gjeld gebyr skal rettast til avgiftskonsulent i Kvam herad.
Klage som gjeld ordninga generelt skal rettast til Teknisk etat, driftsavdelinga.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Info på heimesidene til Kvam herad og Hordaland Miljørens AS.


11. Praktiske opplysningar

Utførande entreprenør:
Johnny Birkeland Transport AS , tlf. 57781170

Rådhuset har opningstid 0900 til 1500, måndag til fredag.
Adresse er: Kvam herad, teknisk etat, Grovagjelet 16, 5600 NORHEIMSUND
Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01
Epost: postmottak@kvam.kommune.no
Internettadresse: www.kvam.kommune.no


Epost: laesur@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no