Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Kommunal trafikksikring

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. august 2013 kl. 08:33 av Lars Ese Ur
1. Tenestedefinisjon

Kommunal trafikksikring - 33401
Trafikksikring tiltak - P60011 (prosjekt)


2. Kven får tenesta

Alle trafikantar på kommunale vegar.


3. Korleis få tenesta

For å få trafikksikringstiltak må ein melda frå til driftsavdelinga ved teknisk etat.
Når ein har meldt inn ei sak skal ein ha tilbakemelding, eventuelt eit mellombels svar, innan 3 veker etter søknad/første skriftlege kontakt. Sakshandsamingstid inntil 2 månader. For skiltsaker kan normal handsamingstid vera opptil 6 månader.


4. Kva omfattar tenesta

PRIORITERTE TENESTER

Tiltak på kommunale vegar definerte i Trafikksikringsplan for Kvam 2012-2015 som fysiske strakstiltak og fysiske langsiktige tiltak.
Akutte nødtiltak for å hindra skade på liv og helse langs kommunale vegar.
Andre fysiske tiltak som fell inn under prioriterte satsingsområde: Utbetring av ulukkespunkt, siktbetring langs veg og i kryss og avkøyrsler, gang og sykkelvegar (særleg skulevegar), tiltak for å redusera fartsoverskridingar (sei-frå aksjon, skilting, fartsdempande tiltak) innanfor dei budsjett- og ressursmidlar som er tilgjengelege




GJENNOMFØRING

Fysiske strakstiltak og fysiske langsiktige tiltak framgår av Trafikksikringsplanen for Kvam, planperiode 2012-2015. Gjennomføring er avhengig av løyvde midlar.
Akutte nødtiltak vert prioriterte innan dei ressursar som teknisk etat rår over.
Andre fysiske tiltak vert sett i verk ut frå ei samla risikovurdering av innmelde behov og innan dei ressursar etaten har til rådvelde.




FORVENTNING TIL BRUKARMEDVERKNAD

Brukar følgjer gjeldande regelverk (t.d. veglov, vegtrafikklov og trafikkreglar).
Brukar gjennomfører tiltak på eigedom for å betra sikt (plassering og utforming av gjerde og vegetasjon mot veg som sikrar god sikt ved avkøyrsler og kryss).
Brukar seier frå om uforsvarleg åtferd i trafikken til den det gjeld eller til politiet.






5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At eg får fagleg og forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Normalt ingen eigenbetaling.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Veglova av 21.06.1963
Vegtrafikklova av 18.06.1965 med forskrifter og vedtekter.
Plan og bygningslova av 14.06.1985
Grannelova av 16.06.1961
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid


8. Når ting ikkje fungerer/hindrar gjennomføring

Gjennomføring av trafikksikringsplanen er avgrensa til vedtekne økonomiske rammer.


9. Klage

Klager som gjeld kommunale trafikksikringstiltak skal rettast til Kvam herad, teknisk etat.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Kommunal trafikksikringsplan ligg i resepsjonen ved Kvam rådhus, og er også tilgjengeleg på heimesida til Kvam herad.


11. Praktiske opplysningar

Rådhuset har opningstid 0900 til 1500, måndag til fredag.
Adresser er: Kvam herad, teknisk etat, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01
Internettadresse: www.kvam.kommune.no
Epost: postmottak@kvam.kommune.no

Epost: laesur@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no