Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Brannførebyggjande arbeid

Utskriftsvenleg side Lagt ut 21. oktober 2013 kl. 09:03 av Arthur Strømme
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 33810, 33811)

Branntilsyn og informasjon om bygningar i Kvam herad


2. Kven får tenesta

Eigarar og brukarar av særskilde brannobjekt - bygningar, område m.v. - der det er særleg fare at liv eller verdiar kan gå tapt under ein brann.


3. Korleis få tenesta

Eigarar av objekt som er usikre på om deira objekt/bygg kjem inn under desse føresegnene, kan få informasjon hjå Kvam herad, brannvernavdelinga. Eigar av nytt objekt, definert som særskilt brannobjekt, vil få skriftleg varsel om at brannsjefen vil registrera bygget i tråd med føresegnene, etter at mellombels bruksløyve/ferdigattest er motteke. Eigarar av særskilde brannobjekt som er registrerte, vil få varsel om tilsyn.
Ingen søknadsskjema.
Ingen søknadsfrist.
Sakshandsamingstid: Dersom det ikkje føreligg klager, innan 6 veker etter registrering. Føreligg det klager, vert det sendt ut informasjon om handsamingstida.
Når eit bygg skal registrerast - etter § 13 i Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvernets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernlova), sender brannsjefen førehandsvarsel til eigar. Dersom det ikkje kjem merknader, eller merknadene ikkje vert tekne til fylgje, vil brannsjefen gjera einskildvedtak om registrering.


4. Kva omfattar tenesta

Brannteknisk inspeksjon og branntilsyn i dei særskilde brannobjekta. Føremålet er å sjå til at desse er sikra mot brann etter gjeldande føresegner og føra tilsyn med tilhøve som har innverknad på redning og sløkking.
Gje informasjon for å sikra at tryggingstiltak skal bli mest mogeleg i samsvar med lover og forskrifter.
Tilsynet vert gjennomført som ein systemrevisjon/verifikasjon. Eigar vert gjort merksam på eventuelle avvik frå krav til brannsikring og på andre tilhøve som er naudsynlege å påpeika for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og skal få rådgjeving korleis desse kan rettast. I etterkant av tilsynet vert det sendt rapport til eigar med minst 1 månads frist for tilbakemelding. Av tilbakemeldinga skal det gå fram når og korleis avvik og merknader vil verta retta/fylgd opp.

Brannobjekta er delt opp i følgjande risikogrupper:

a) "Bygninger og områder hvor brann kan medføre tap av mange liv".
b) "Bygninger, anlegg, opplag, tunneler og lignende som ved sin beskaffenhet eller den virksomhet som foregår i dem, antas å medføre særlig brannfare eller fare for stor brann, eller hvor brann kan medføre store samfunnsmessige kosevenser".
c) "Viktige kulturhistoriske bygninger og anlegg".

Tilsynet skal gjennomførast minst 1 gong kvart år for brannobjekt type a) og b), og minst kvart 4. år for brannobjekt type c).

Tilsynet kan erstattast med:
- eigenmelding frå objekteigar når det er dokumentert at branntryggleiken i objektet er tilfredsstillande og det ikkje har vorte gjort vesentlege endringar sidan førre tilsyn
- eit satsingsområde der brannvernet berre fører tilsyn med eitt eller fleire fastsette brannverntiltak for ei utvald gruppe av objekt type a).






Informasjon som vert gjeve under tilsynet vert rekna som tilstrekkeleg for å dekke krava i forskrifta. Eigar/brukar kan ikkje forventa at brannvernet skal finne konkrete løysingar og/eller tilrå einskilde firma som kan utføre/levere tenester. Brannvernet kan heller ikkje stå for gjennomføring av øvingar som eigar/brukar, i tråd med kravet i forskrifta, sjølv har ansvar for.
Eigar/brukar pliktar å setja seg inn i dei lover og forskrifter som gjeld for brannvernarbeidet og skal førebu seg på ein fullstendig gjennomgang av tryggingstiltaka ved brannobjektet. Eigar/brukar skal gje tilsynspersonellet tilgang til dei opplysningane dei treng for å føreta ei risikovurdering, og i tillegg gje tilgang til dei område som er naudsynte for å kunne føreta ein heilskapleg vurdering av objektet. Eigar/brukar må sjølv informera/kalla inn dei tilsette som naturleg bør ta del under eit tilsyn.
Eigar/brukar av særskild brannobjekt skal syta for at objektet er bygd, utstyrt, vedlikehalde og nytta i samsvar med krava i brannforskriftene, og på eige initiativ, m.a. gjennom internkontroll, føreta dei branntryggingstiltak som er naudsynlege.






5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At eg får fagleg og forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Tilsynsrapport/pålegg er offentlege dokument. Brannvernet har elles teieplikt i samsvar med gjeldande regelverk og sakshandsaminga skal vera i samsvar med forvaltningslova.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tenesta er gratis


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Lov om brannvern av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig gods, og brannvesenets redningsoppgaver.
Forskrift av 26. Juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn, med endringar, sist ved lov av 22. august 2002 nr. 931.
Internkontrollforskrifta

8. Når ting ikkje fungerer

Dersom brukar meiner at han/ho ikkje har fått den tenesta han/ho har krav på, kan det sendast klage. Det er høve til å klaga på branntilsynspålegg og einskildvedtak gjeve i kraft av Lov om vern mot brann, eksplosjon m.v.


9. Klage

Spørsmål om klage kan rettast til Kvam herad v/ brannsjefen.
Skriftleg klage skal stilast til Kvam herad, brannsjefen.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Fellesekretariatat i Kvam rådhus.
Internett: www.dsb.no, www.brannvernforeningen.no, www.kvam.no
Brannvernavdelinga i Kvam herad


11. Praktiske opplysningar

Opningstider; måndag - fredag frå kl. 0900 til kl. 1500
Adresser; Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer 56 55 30 00, Fax 56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Internettadresse: www.kvam.no

Epost: arst@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no