

|
Sundag 19.05.2013:
14:00 Delvis open bowlinghall..
Ring Helge på 41163274 viss du vil bowle mellom kl 14 og 18 i dag. Vêret er for fint til å sitje på vakt i hallen og vente på gjester som kanskje ikkje kjem..



20:00 Star Trek..
Den banebrytende regissøren J.J. Abrams gir deg sommeren 2013 en eksplosiv actionthriller som bygger videre på Star Trek-universet.
Når mannskapet på Enterprise kalles tilbake hjem, oppdager de at
|  | Måndag 20.05.2013:
11:00 Friluftsgudsteneste på skuleplassen på Fykse ..
S.pr. Lars Arne Vik. Øystese sundagsskule. Mannskoret Laudamus og Heims musikklag tek del. Offer til 1.Sjøspeidargruppe..
11:00 Sundagsskuleavslutning på Fykse skule..
Me deltar på friluftsgudstenesta på skuleplassen på Fykse, og grillar etterpå!.
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Tysdag 21.05.2013:
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
15:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Kommunedelplan, reguleringsplan og utbyggingsplan
|
Lagt ut 16. mars 2009 kl. 15:03 av Bjørn Vik
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 30020)
Utarbeiding av reguleringsplanar og utbyggingsplanar (bebyggelsesplanar) Utarbeiding og rullering av kommunedelplan,
2. Kven får tenesta
Grunneigarar, naboar og brukarar i planområde som i samråd med Kvam herad ynskjer å lovfesta/regulera bruken av eit areal gjennom reguleringstiltak. Kva krav / vilkår vert sett for å motta tenesta? Utarbeiding av reguleringsplanar vert utført i område, vist i kommuneplanen, der det er :
Søkt løyve for større bygge og anleggsarbeid, også endra trafikkløysingar Ved attreising etter brann For område der interessentane ynskjer å lovfesta arealbruken
3. Korleis få tenesta
Tenesta er løpande, jamfør politiske prioriteringar. Handsamingstida vil variera mykje, etter omfang, innhald og samansetnad av planen Saksgangen er vist på http://www.kvam.kommune.no Planavdelinga er ansvarleg for sakshandsaming av private planframlegg. Off. planarbeid vil verta utført i samarbeid med rådmannen sin stab.
4. Kva omfattar tenesta
Saksførebuing for vedtak om oppstart av planframlegg, jfr http://www.lovdata.no/all/tl-19850614-077-006.html #20-1 og. http://www.lovdata.no/all/tl-19850614-077-006.html #23 og der føremålet er å samordna statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd og gje grunnlag for bruk og vern av ressursar, utbygging og å sikra estetiske omsyn. Kvalitetssikring av planframlegget med omsyn til særskilde krav til det einskilde byggetiltaket Å leggja til rette for at arealbruk og bygging vert til størst mogleg gagn for den einskilde og for samfunnet. Å sikra lovleg varsling av tiltaket til grunneigarar og andre partar. Kunngjering av vedtak i dei einskilde delar av planprosessen. Vurdering av innkomne merknader, innarbeiding av merknader i planen. Utarbeiding av saksdokument for politisk handsaming, der føremålet er stadfesting av planen.
Sakshandsamingstid: 12 veker til 1. gongs handsaming. Som brukar har du påverknad på planresultatet gjennom merknader innan kunngjorde fristar. Du må vera aktiv, ta kontakt og følgja opp prosessen innan fristane.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte. At eg får tenleg og tilstrekkeleg hjelp når eg ynskjer drøfta spørsmål om planen.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Sjå Kvam herad sine internettsider under menyvalet avgifter.
7. Heimelsgrunnlaget for tenesta
Lov- og plangrunnlaget er Forvaltningslova Plan- og bygningslov. Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven). Lov om jord (jordlova). Lov om brannvern m.v. Lov om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. Lov om havner og farvann m.v. Lov om vederlag ved oreigning av fast eigedom. Lov om viltet. Lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven). Lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven). Lov om kulturminner. Lov om offentlighet i forvaltningen (offentlighetsloven). Lov om naturvern. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven). Lov om skogbruk og skogvern. Veglov. Lov om rettshøve mellom grannar (grannelova). Lov om oreigning av fast eigedom. Lov om friluftslivet. Lov om avståing av grunn m.v. til drift av ikke mutbare mineralske forekomster. Lov om vassdragene. Lov om skjønn og ekspropriasjonssaker. Kommuneplan for Kvam, arealdelen, vedtak HST-sak 61/99, 28.09.1999 Kommunedelplan for Norheimsund Vest, vedtak HST-sak 95/52, 22.06.1995 Kommunedelplan for Kvamskogen, vedtak HST-sak 94/90, 20.12.1990 Alle gjeldande reguleringsplanar, disposisjonsplanar, utbyggingsplanar
8. Når ting ikkje fungerer
Avvik kan føra til lengre planprosess.
9. Klage
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, kontakt Kvam herad, plan- og eigedomsavdelinga Skriftleg klage på innhald i vedtak vert avgjort av fylkesmannen, sendt via Kvam herad. Klagefrist er 3 veker etter Kvam heradsstyre si stadfesting (eigengodkjenning) av planen.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du finn brosjyrar og informasjon i Miljøverndepartementet sin Veiledning for kommuneplanar T 1225 og reguleringsplanar T 1381. I planførebuinga kan det vera nyttig å bruka elektronisk planrettleiar som Statens bygningstekniske etat har lagt til rette på www.be.no. Annan og meir informasjon får du i fellessekreteriatet eller hjå sakshandsamar Meir info i fellessekreteriatet eller hjå sakshandsamar
11. Praktiske opplysningar
Opningstider rådhuset 09.00 – 15.00 mand - fred Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer: 56 55 30 00 - Fax: 56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no Ajourholdt av avdeling/ansvarleg person: plansjef
Epost: bjvi@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|