

|
Måndag 20.05.2013:
11:00 Sundagsskuleavslutning på Fykse skule..
Me deltar på friluftsgudstenesta på skuleplassen på Fykse, og grillar etterpå!.
11:00 Friluftsgudsteneste på skuleplassen på Fykse ..
S.pr. Lars Arne Vik. Øystese sundagsskule. Mannskoret Laudamus og Heims musikklag tek del. Offer til 1.Sjøspeidargruppe..
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Tysdag 21.05.2013:
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Onsdag 22.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Trivselskafe..
Velkomen til trivelig og sosialt samvær kvar onsdag mellom kl 11 og 14 på Trivselskafeen.
Enkel servering.
Varm mat, kaffe og kaker.
Kr. 50,-
Ta gjerne med handarbeid..
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.



20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Kommunal avløpsteneste
|
Lagt ut 4. februar 2013 kl. 10:00 av Hogne Høysæter
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (Teneste nr. 35000 og 35300)
Kommunal avløpsteneste
2. Kven får tenesta
Dei som kan knytast til kommunal avlaupsleidning, eventuelt via leidningsanlegg i privat eige. Kvam herad kan krevja at abonnentar knyter seg til dersom avstand frå kommunalt leidningsanlegg er mindre enn 125 m, i særlege tilfelle også der avstanden er større. Alle med innlagt vatn skal ha kommunal slamtøming dersom dei ikkje er tilkopla avlaupsleidning der anna ordning for reinsing inngår.
3. Korleis få tenesta
Søknad om tilkopling på særskilt skjema: "Søknad om sanitærabonnement". Skjema hjå autorisert røyrleggjar eller hjå Kvam herad, avgiftskonsulenten. Hjå avgiftskonsulenten får du også kart, prisar og opplysningar om søknadsprosessen. Ingen søknadsfrist. Søknad skal vera godkjend og tilknytingsavgift skal vera betalt før tilknyting finn stad. Sakshandsamingstid ved komplett søknad, sak: Innan 3 veker.
4. Kva omfattar tenesta
Transport og handsaming av avløpsvatn i kommunalt leidningsnett. Kvam herad har leidningsnett for avløp i Norheimsund, Øystese, Strandebarm, Tørvikbygd, Omastrand, Ålvik, Mundheim og på Kvamskogen. Reinsing av avløpsvatn skal som minimum gjennom slamavskiljar (ofte privat) før transport gjennom leidningsanlegg til godkjent resipient. Kvam herad har fleire større slamavskiljarar, samt 2 silanlegg (Norheimsund og Øystese). Tenesta skal byggja på »Kommunedelplan avløp 2006 - 2014», vedteken i heradsstyre 12 desember 2006, og val som er gjort i denne. Tenesta skal som eit minimum stetta dei krav som Fylkesmannen set til utsleppsløyve for Kvam herad. Private leidningsanlegg må vera av ein slik kvalitet at innlekking av framandvatn ikkje skjer. I så fall vil dette ha negativ verknad på kapasiteten i avløpssystemet. Der eksisterande hovudleidningar, bygd som fellessystem, vert separert, må også dei private ta kostnaden med tilsvarande separering av sine anlegg.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte. At eg får fagleg og forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Kvam er delt i 2 avgiftsområde: 1. Heile heradet, unnateke Kvamskogen. 2. Kvamskogen. Årsgebyr kan reknast etter areal på bygning eller etter målt vassforbruk (vassmålar). Gebyr for avløp er delt i 2 terminar, med forfall 01.04 og 01.10. For forbruk målt ved vassmålar har heile gebyret forfall 01.12. Satsane for årsgebyr og tilknytingsgebyr vert fastsett årleg ved heradsstyrevedtak.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Forvaltningslova Forureiningslova av 13.03.1981 Plan- og bygningslova av 14.06.1985 §§ 65 og 66. HST -sak 50/9 : Tilknytingskrav etter PBL §§65 og 66, retningslinjer. "Utsleppsløyve for Kvam herad" gjeve av Fylkesmannen i Hordaland, datert 26.09.1994. Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid av 06.12.1996 Forskrift om internkontroll av 17.12.1999
8. Når ting ikkje fungerer
Leidningsbrot kan medføra nedsett kapasitet eller tiltetting. Leidningsbrot må då lokaliserast og utbetrast. Ved lengre straumbrot vil pumpestasjonar falla ut, noko som vil medføra overløp frå stasjonen. I periodar med store nedbørsmengder kan det på fellessystem eller utette seperatsystem renna inn så store mengder vatn at det vert kapasitetsproblem. Store deler av leidningsnettet er fellessystem, dvs. direkte påverka av nedbørsmengda. Det kan oppstå feil på teknisk utstyr som pumper, ventilar etc, dette kan føra til driftsforstyrringar.
9. Klage
Klager som gjeld avlaupstenesta skal rettast til Teknisk etat, driftsavdelinga. Klager som gjeld gebyr skal rettast til avgiftskonsulenten i Kvam herad.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Info på heimesidene til Kvam herad og i gebyrhefte.
11. Praktiske opplysningar
Rådhuset har opningstid 0900 til 1500, måndag til fredag. Kvam herad, teknisk etat, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01 Teknisk vakt utanom kontortid: 56 55 34 00 Epost: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no Ajourført 18.11.01 av driftsavdelinga teknisk etat, Kvam herad
Epost: hhoe@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|