Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Vilt- og fiskeforvaltning

Utskriftsvenleg side Lagt ut 3. september 2014 kl. 08:41 av Jan Tjosås
1. Tenestedefinisjon (teneste nr: 36020)
  • Forvalting av vilt- og ferskvassfisk


    2. Kven får tenesta
  • Alle grunneigarar som har jakt- og fiskerettar som dei ynskjer å utnytta.
  • Jegerar og fiskarar som ynskjer at vilt- og fiskeressursane i heradet skal forvaltast forsvarleg, ut frå både biologiske og næringsmessige vinklingar.


    3. Korleis få tenesta
  • Grunneigarlag, hjortevald og liknande organisasjonar vender seg til vilt- og fiskeforvaltinga for godkjenning av driftsplanar, avskytingsplanar, o.l.
  • Kvam herad, vil også i einskilde høve setja i verk tiltak, i tråd med tilrådingar og pålegg frå overordna (statlege) styresmakter.
  • Saker som skal handsamast av vilt- og innlandsadministrasjonen vert tekne opp til handsaming i tråd med jakt- og fisketidsavgrensingar, eller etter behov.
  • Handsamingstida vil variera, om saka treng rask avklaring eller om den kan venta til ei samla vurdering av vilt- og fiskeressursane skal gjennomførast.


    4. Kva omfattar tenesta
  • Handsaming av vilt- og fiskeforvaltingssaker som krev avklaring i Vilt- og innlandsfiskeadministrasjonen. I hovudsak er dette: driftsplanar for vilt og fisk, avskytingsplanar for hjortevilt, avgrensing av hjortevald, tildeling av fellingsløyve.
  • Kvam herad, landbruksavdelinga , tek også mot og vidaresender søknader om tilskot til ulike vilt- og fisketiltak.
  • I noko grad vil kommunen også vera initiativtakar i samband med gjennomføring av tiltak som skal betra kvalitet og tilgang til vilt og fiskeressursar.
  • Handsaming av ulike høyringsuttalar om endring av lover og forskrifter
  • Det kan ikkje forventast at kommunen utarbeider søknader, vedtekter, forvaltingsplanar eller liknande.


    5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
  • At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
  • At dei held teieplikta si
  • At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


    6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
  • Tenesta er gratis.


    7. Heimelsgrunnlag for tenesta
  • Forvaltningslova
  • Lov om viltet av 29.05.1981
  • Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 01.08.1989
  • Forskrift om jegerprøven av 20.12.1985
  • Laks- og innlandsfiskelova av 15.05.1992
  • Fiskesjukdomslova av 13.06.1997


    8. Når ting ikkje fungerer
  • Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, rettleiinga du får, måten arbeidet vårt elles vert utført på, eller liknande, kan du ta det opp med landbrukssjefen.


    9. Klage
  • Klage på innhald i vedtak i Vilt- og innlandsfiskeadministrasjonen skal sendast Kvam herad. Fylkesmannen si miljøvernavdeling er klageorgan.


    10. Brosjyrar, anna/meir informasjon
  • Jakt i Norge
  • Skyteprøven for storviltjegere
  • Praktiske råd om skyting for storviltjegere
  • Informasjon om jakt og jakttider
  • Fri ferdsel i norsk natur
  • Sportsfiske i Norge
  • http://www.odin.dep.no/md/norsk/
  • www.kvam.kommune.no


    11. Praktiske opplysningar
  • Landbruksavdelinga ligg i 3. etg på rådhuset.
  • Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.
  • Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
  • Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01
  • Internett: www.kvam.kommune.no
  • E-post: postmottak@kvam.kommune.no


    Epost: jatj@kvam.kommune.no




  • ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


    FACEBOOK  Facebook

    Godkjent HTML 4.01 Transitional
    Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no