
|
Du er her: Startside / tenester /
Private planframlegg, reguleringsplanar og utbyggingsplanar
|
Lagt ut 16. mars 2009 kl. 15:13 av Bjørn Vik
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 30020)
Sakshandsaming av private planframlegg: reguleringsplanar og bebyggelsesplanar
2. Kven får tenesta
Dei som ynskjer å lovfesta/regulera bruken av eit areal gjennom reguleringstiltak. Kva krav / vilkår vert sett for å motta tenesta ?
Innsending av framlegg plan med føresegner, evt. søkja om om endring av føremål i gjeldande plan.
Vilkår for det vidare planarbeidet og handsamingsmåten følgjer av vedtak i Planutvalet
For å sikra reguleringsplanane god kvalitet brukar heradet miljøverndepartementet sin Veileder for reguleringsplaner og utbyggingsplaner. Alternativt kan ein følgja opplegget til ByggSøk Plan (www.be.no) for utvikling av planforslag. Oppstart må vera annonsert i to aviser. Søkjar kan og be om oppstartsvedtak hjå planutvalet, jfr. pbl. 27-1 andre ledd.
3. Korleis få tenesta
Kontakt planavdelinga. Handsamingstida er 12 veker til 1. gongs handsaming frå komplett planframlegg er sendt til heradet.
4. Kva omfattar tenesta
Handsaming av innkomne planframlegg, jfr Plan- og bygningslova § 30, der føremålet er å samordna statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd og gje grunnlag for bruk og vern av ressursar, utbygging og å sikra estetiske omsyn. Kvalitetssikring av planframlegget med omsyn til dei særskilde krav til det einskilde byggetiltaket og å leggja til rettes for at arealbruk og bygging vert til størst mogleg gagn for den einskilde og samfunnet. Sikra lovleg varsling av tiltaket til grunneigarar og andre partar. Utarbeiding av saksdokument for raskast mogeleg politisk handsaming, der føremålet er stadfesting av planen Kunngjering av vedtak i dei einskilde delar av planprosessen. Sakshandsamingstid:
1. gongs handsaming snarast råd etter at tilfredstillande planmateriale er motteke eller seinast innan 12 veker etter at komplett planframlegg er motteke. Etter 1. gongs handsaming og før eigengodkjenning i Kvam heradsstyre, kan det ikkje påreknast tidsfristar, då særlovsstyresmaktene skal ha saka til uttale og kan krevja lengja frist.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte. At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Gebyr fastsett årleg ved heradsstyrevedtak. Gebyret er differensiert etter storleiken på planområde
7. Heimelsgrunnlaget for tenesta
Forvaltningslova Plan- og bygningslov. Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven). Lov om jord (jordlova). Lov om brannvern m.v. Lov om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. Lov om havner og farvann m.v. Lov om vederlag ved oreigning av fast eigedom. Lov om viltet. Lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven). Lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven). Lov om kulturminner. Lov om offentlighet i forvaltningen (offentlighetsloven). Lov om naturvern. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven). Lov om skogbruk og skogvern. Veglov. Lov om rettshøve mellom grannar (grannelova). Lov om oreigning av fast eigedom. Lov om friluftslivet. Lov om avståing av grunn m.v. til drift av ikke mutbare mineralske forekomster. Lov om vassdragene. Lov om skjønn og ekspropriasjonssaker. Kommuneplan for Kvam, arealdelen, vedtak HST- sak 058/06 13.06.06 Kommunedelplan for Norheimsund Vest, vedtak HST-sak 014/03 11.02.03 Kommunedelplan for Kvamskoqen. vedtak HST-sak 94/90, 20.12, 1990
8. Når ting ikkje fungerer
Avvik kan føra til at planprosessen tek lengre tid.
9. Klage
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, kontakt Plan og eigedomsavdelinga Skriftleg klage vert avgjort av fylkesmannen, sendt via Kvam herad. Klagefrist er 3 verker etter Kvam heradsstyre si stadfesting (eigengodkjenning) av planen.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du finn brosjyrar og informasjon i Miljøverndepartementet sin Veiledning for reguleringsplanar T1226(gul bok), og i veiledaren "Plan og kart etter plan- og bygningsloven" som finnes på Miljøverndepartementet sine internettsider. (www.regjering.no) Annan og meir informasjon får du i fellessekreteriatet eller hjå sakshandsamar Meir info i fellessekreteriatet eller hjå sakshandsamar
11. Praktiske opplysningar
Opningstider rådhuset 09.00 – 15.00 mand - fred Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefonnummer: 56 55 30 00 - Fax: 56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no Internettadresse: www.kvam.kommune.no Ajourholdt av avdeling/ansvarleg person: plansjef
Epost: bjvi@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|
|
 |
 |
| |
 |
ARILD M. STEINE RÅDMANN
 |
ASBJØRN TOLO ORDFØRAR
 |
|
|
| |
|
|