Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Frådeling av eigedomar, kartforretning

Utskriftsvenleg side Lagt ut 11. februar 2013 kl. 13:21 av Bjørn Vik
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 30030 nr 32510)

Frådeling frå private og kommunale eigedomar


2. Kven får tenesta

Heimelshavar til (eigar av) eigedom i Kvam som ynskjer å dela eigedom. For rask sakshandsaming er det viktig at heradet mottek rett og fullstendig søknad, gjerne med "aktivt" nabovarsel , og at ev. dispensasjon frå gjeldande planar og evt veglova m.v. er innhenta.


3. Korleis få tenesta

Skjema, kart, nabooppgåve og rettleiing om utfylling får de ved å kontakta fellessekretariatet/sakshandsamar. Denne delen av tenesta er gratis. Rettleiing og skjema er også å finna under menyen tenester -> plan- og byggesak -> delingssak på internett: www.kvam.no

Ingen søknadsfrist. Frådelingsaker skal handsamast innan 12 veker. Ved oversitjing av fristen vert del av sakshandssamingsgebyret attendebetalt, jf forskrift. Delegerte saker vert handsama fortløpande. Krev sakstypen politisk avgjerd (dispensasjonar, klagesaker og prinsippielle saker) vert sakshandsamingstida lengre, på grunn av møteplan for Kvam næring, plan, og bygningsutval. Det er ikkje fristar knytt til dispensasjonsøknader, men Kvam herad prøver å ha maksimal 5 måneds handsamingstid.



4. Kva omfattar tenesta

Sakshandsamar vurderer:

Sakstypen
Tilhøve til gjeldande lovverk
Tilhøve til gjeldande planar
Tilhøve til naboeigedommar
Kven har uttalerett i saka (partar)
Om ein skal innhenta uttale frå andre styresmakter

Viss søknad om frådeling ligg innan eit LNF-område, vert saka også handsama etter jordlova.

Søkjar skal ha raskt svar med stadfesting på motteken søknad (sakshandsamingstid, sakshandsamar). Søkjar får skriftleg melding når det er gjort vedtak i saka.

Når det føreligg vedtak om frådeling, vil kommunen føreta naudsynt varsling om kartforretning til dei som er partar i saka, og gjennomføra kartforretningen. Kommunen føretek oppmåling av parsellen og merkar av grensene. Det vil så verta utarbeid matrikkelbrev over eigedomen, som vert sendt til tinglysing. Matrikkelbrevet vert levert i løpet av 16 veker etter at godkjent frådeling føreligg. Sakshandsamar kan kontaktast ved evt. spesifikke ynskje om tidspunkt.

Skal den frådelte eigedomen overdragast til annan eigar, skal det skrivast ut skøyte. Der Kvam herad sjølv ikkje er heimelshavar til eigedomen, er dette eit privatsrettsleg tilhøve. Søkjar kan venda seg til Statens kartverk Hønefoss, tlf. 32 11 88 00, for nærare opplysningar om skøyte og tinglysing.

Ved heimelsoverdraging for ubygd tomt til føremål bustad- og fritidsbustad på inntil 2 da, og for areal med påståande bygning inntil 100 da, skal det søkjast konsesjon eller det kan det leverast "Eigenfråsegn om konsesjonsfritak" til Kvam herad. Informasjon om konsesjon/konsesjonsfritak kan du få ved å kontakta fellsesekreteriatet.



5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

- At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
- At dei held teieplikta si.
- At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.



6. Kostnad

Søknad om deling av eigedom kan utløyse fleire tenester:
- vedtak om deling jf. Plan- og bygningslova §20-1 m)
- evt. vedtak om omdisponering og deling jf. Jordlova §§ 9 og 12
- oppmålingsforretning med markarbeid
- matrikulering og tinglysing.

Heradet krev gebyr for tenestene, jf. årleg fastsette gebyrsatsar ved heradstyrevedtak. Sjå gjeldande satsar på internett-sida til Kvam herad: www.kvam.no



7. Lov- og plangrunnlaget er

2008.06.27 nr 71 Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven).

2000.11.24 nr 82: Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven)

1995.05.12 nr 023: Lov om jord (jordlova).

2002.06.14 nr 20: Lov om brannvern m.v.

1985.06.14 nr 068: Lov om oppdrett av fisk, skalldyr m.v.

2009.04.? nr 051: Lov om havner og farvann m.v.

1981.03.13 nr 006: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).

2005.06.17 nr 101: Lov om eigedomsregistrering (Matrikkelloven)

1978.06.09 nr 050: Lov om kulturminner.

2006.05.19 nr 16: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

2009.06.19 nr 100; Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven)

1967.02.10 nr 10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).

1965.05.21 nr 23: Lov om skogbruk og skogvern.

1963.06.21 nr 023: Veglov.

1961.06.16 nr 015: Lov om rettshøve mellom grannar (grannelova).

1957.06.28 nr 016: Lov om friluftslivet.

1940.03.15 nr 003: Lov om vassdragene.


Kommuneplan for Kvam, arealdelen, vedtak HST- sak 058/06 13.06.06

Kommunedelplan for Norheimsund Vest, vedtak HST-sak 014/03 11.02.03

Kommunedelplan for Kvamskoqen. vedtak HST-sak 94/90, 20.12, 1990

Gjeldande reguleringsplanar, disposisjonsplanar og utbyggingsplanar for det aktuelle område.



8. Når ting ikkje fungerer

Heradet kan ikkje innfri forventningane i søknaden når tiltaket kjem i konflikt med gjeldande lovverk, statlege retningsliner, naboar sine rettar og juridisk bindande planar.


9. Klage

Om du ikkje nøgd med måten du vert møtt på, kontakt Teknisk eining ved byggjesak og geodata. Skriftleg klage på innhald i vedtak vert avgjort av fylkesmannen, sendt via Kvam herad. Klagefrist er 3 veker frå motteken melding, jf. Forvaltningslova § 29.


10. Informasjon:

Generell informasjon om frådeling er å finna under tenester -> plan- og byggesak -> delingssak på Kvam herad sine internettsider: www.kvam.no Ytterlegare informasjon kan du få ved å kontakta fellessekreteriatet eller sakshandsamar.


11. Praktiske opplysningar

Opningstider rådhuset 09.00 – 15.00 mand - fred
Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 30 00 - Fax: 56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Internett: www.kvam.kommune.no

Kontaktinformasjon:
Trond Inge Brakestad , sakshandsamar, 56 55 30 81
Bjørn Vik Leiar byggjesak og geodata, 56 55 31 86/975 52 515


Epost: bjvi@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no