Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Vassforsyning

Utskriftsvenleg side Lagt ut 27. august 2013 kl. 08:30 av Lars Ese Ur
1. Tenestedefinisjon (Teneste nr. 34000 og 34500)

Kommunal vassforsyning


2. Kven får tenesta

Dersom det er kommunal vassleidning i området, kan i utgangspunktet alle som vil, knyta seg til denne. Kostnaden med å knyta seg til, vil normalt falla på den som ønskjer tilknyting.
Kvam herad kan krevja at abonnentar knyter seg til kommunal vassforsyning dersom avstand til kommunal vassleidning er mindre enn 125 m, i særlege tilfelle også der avstanden er større.


3. Korleis få tenesta

Søknad om tilkopling på særskilt skjema, "Søknad om sanitærabonnement". Søknadsskjema hjå autorisert røyrleggjar eller hjå Kvam herad, avgiftskonsulenten. Her vil ein også få kart og andre opplysningar om søknadsprosessen.
Ingen søknadsfrist. Søknad skal vera godkjend og tilknytingsavgift betalt før tilknyting finn stad.
Sakshandsamingstid ved komplett søknad: Innan 3 veker.


4. Kva omfattar tenesta

Tenesta omfattar distribusjon av drikkevatn i kommunalt leidningsnett i Ålvik, Norheimsund, Øystese, Strandebarm (Fosse til Oma), Mundheim (Salbuvika) og Kvamskogen (Tokagjel til Måvotno).
Kvam heradsstyre har gjennom "Hovudplan for vassforsyning" vedteke 6 overordna mål for kommunal vassforsyning: Nok vatn, godt vatn, sikker vassforsyning, tilfredsstillande forsyning innanfor økonomisk forsvarlege rammer, rett kjeldeval og vatn til alle andre.
Kvam herad skal arbeida for å få godkjenning for alle dei kommunale vassverka i kommunen. Heradet vil også tilby rettleiing til private vassverk for å få desse godkjent. Nærare omtale av rutinar og drift av dei ulike vassforsyningsanlegga er å finna i dokumenta "Drifts- og beredskapsplan for vassforsyninga" og "Aktivitetsstyrande handbok for vassforsyninga" som skal utarbeidast i samband med godkjenning av dei ulike vassverka. Vassverka på Skålheim og i Strandebarm har i dag slik godkjenning.
Av mål for desse vassverka kan nemnast:
Vasstrykk til abonnent minimum 2 bar, trykk mellom 3 - 6 bar (rettleiande).
Drikkevatnet skal oppfylla minstekrava i "Forskrift om vassforsyning og drikkevatn m.m.",
Dersom brotet fører til problem for industri, institusjonar m.v. som er avhengige av vatn, skal leidningsbrot reparerast omgåande.
I bustadområde skal leidningsbrot reparerast snarast mogeleg, innanfor normal arbeidstid.
Ved avbrot over 10 timar skal alternativ vassforsyning, til dømes ved tankbil, setjast i verk.
Abonnenten er ansvarleg for at tilkopling til kommunal vassleidning er fagmessig utført slik at det er mogeleg å stengja av vatnet og at leidning ligg frostfritt. Abonnenten må ha skisse av kvar utvendig stoppekran er plassert. Heradet bør få dette innteikna på kart.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At eg får fagleg og forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Kvam er delt i 2 avgiftsområde: 1. Heile Kvam unnateke Kvamskogen. 2. Kvamskogen
Årsgebyr kan reknast etter areal på bygning eller etter forbruk, (vassmålar). Satsane for gebyr og tilknytingsavgift vert fastsett årleg ved heradsstyrevedtak.
Gebyr for vassforsyning er delt i 2 terminar, med forfall 01.04 og 01.10. For forbruk målt ved vassmålar har heile gebyret forfall 01.12.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Forskrift om vassforsyning og drikkevatn m. m. av 1 januar 1995.
Plan- og bygningslova av 14.06.1985, §§ 65 og 66.
Sak 50/99 i Kvam heradsstyre: Tilknytingskrav etter PBL §§65 og 66, retningslinjer. Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid,
Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgjevinga,
"Drifts- og beredskapsplan" og "Aktivitetsstyrande handbok" for Kvam vassverk, Norheimsund-Øystese, og for Kvam vassverk Strandebarm.


8. Når ting ikkje fungerer

Leidningsbrot og lekkasje kan medføra dårleg trykk eller at vatnet vert heilt borte. Leidningsbrotet eller lekkasjen må då lokaliserast og utbetrast, dette kan ved einskilde høve ta noko tid.
Ved lengre straumbrot vil trykkaukestasjonar falla ut, slik at vatn ikkje kan leverast i enkelte trykksoner. Det kan oppstå feil på teknisk utstyr som pumper, ventilar etc, dette kan føra til driftsforstyrringar.


9. Klage

Klager som gjeld vassleveransen skal rettast til Teknisk etat, driftsavdelinga.
Klager som gjeld gebyr skal rettast til avgiftskonsulenten i Kvam herad.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Info på heimesidene til Kvam herad og i gebyrhefte.
Utdrag frå "Drifts- og beredskapsplan" er å finna på heimesidene til Kvam herad.,


11. Praktiske opplysningar

Rådhuset har opningstid 0900 til 1500, måndag til fredag.
Adresser er: Kvam herad, teknisk etat, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 30 00, Fax: 56 55 30 01
Teknisk vakt utanom kontortid: 56 55 34 00
Epost: postmottak@kvam.kommune.no
Internettadresse: www.kvam.kommune.no

Epost: laesur@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no