Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Bygdeutvikling, kulturlandskap og miljø

Utskriftsvenleg side Lagt ut 20. august 2013 kl. 11:51 av Jan Tjosås
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 32910)

Rettleiing og handsaming i saker om bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar), landbrukslån og rentestøtte i Innovasjon Noreg, kulturlandskapsmidlar, tilskot til miljøtiltak og reglar som skal hindra miljøforureining frå landbruket.


2. Kven får tenesta

Alle som driv landbrukseigedom i Kvam (hovudregel: søkjer om produksjonstilskot). Reglane om miljøforureining gjeld alle som forureinar.


3. Korleis få tenesta

Søkjarar kan venda seg til Kvam herad, landbruksavdelinga for å få søknadsskjema, regelverk og rettleiing om utfylling.
Alle søknader må leverast på fastsett søknadsskjema. For ynskje om utbetaling, søknader om endringar o.l. er det ikkje søknadsskjema.
Søknader om bygdeutviklingsmidlar, landbrukslån i Innovasjon Noreg, ynskje om utbetaling, depotsaker, ferdigattestar o.l. vert sendt vidare til Innovasjon Noreg - Hordaland for handsaming, normalt innan 3 veker etter motteken søknad. Ingen søknadsfrist.
Søknader om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket(SMIL), og saker som gjeld utbetaling, ferdigattest o.l. vert sendt vidare til Fylkesmannens landbruksavdeling (FMLA) etter nærare gjevne fristar, normalt innan 3 veker etter innsending av søknad.
Søknader om tilskot til miljøtiltak og saker som gjeld utbetaling, ferdigattest o.l. vert sendt vidare til Fylkesmannens landbruksavdeling, normalt innan 3 veker etter innsending av søknad. Ingen søknadsfrist for tilskot til miljøtiltak.
Søknader om løyve til bygging av gjødsel- og siloanlegg, husdyrgjødselspreiing, bakkeplanering o.l. må formulerast skriftleg. Ikkje søknadsskjema.
Kontroll av miljøforureining kan utførast anten som ein del av den ordinære kontrollen av dei som søkjer produksjonstilskot, etter melding eller ved mistanke om forureining.


4. Kva omfattar tenesta

Kommunen tek mot og gjev tilråding i alle saker som gjeld tilskot til bygdeutvikling, kulturlandskap og miljøtiltak. Innovasjon Norge fattar vedtak om BU-midlar, heradet fattar vedtak om SMIL og Miljøtiltak.
Kommunen fattar vedtak i alle saker som gjeld miljøforureining.
Det kan ikkje forventast at næringsavdelinga fyller ut søknadsskjema, men me gjev gjerne rettleiing om korleis søknad bør utformast.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tenesta er gratis.
Tilskotsordningane har reglar for kor store tilskot som kan gjevast til kvart enkelt prosjekt og eigedom (sjå pkt. 7 og 10).


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Lov om jord, 12. mai 1995, §§ 3 og 18
Forskrift om bygdeutvikling
Forskrift om spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap
Forskrift om tilskot til miljøtiltak
Forskrift om husdyrgjødsel
Forskrift om silopressaft
Forskrift om anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt.


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, rettleiinga du får, måten arbeidet vårt elles vert utført på, tida det tek før søknaden din vert vidaresend eller liknande, kan du ta det opp med landbrukssjefen.


9. Klage

Klage på innhald i vedtak om BU-midlar, SMIL-midlar eller miljøtiltaksmidlar skal sendast til handsamingsorganet (dvs. Innovasjon Noreg eller Kvam herad).
Klage på miljøpålegg etc. skal sendast til Kvam herad.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon

Brosjyre: "Bygde-Norge i Fokus"
Brosjyre: "Veileder for søknader om fylkesvise BU-midler"
Forskriftshefte, med kommentarar: "Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap"
Forskriftshefte, med kommentarar: "Investeringsstøtte til miljøtiltak"
Forskriftshefte, med kommentarar: "Forskrift om husdyrgjødsel"
Forskriftshefte, med kommentarar: "Forskrift om silopressaft"
Forskriftshefte: "Forskrift om bakkeplanering"


11. Praktiske opplysningar

Landbruksavdelinga ligg i 3. etg på rådhuset.
Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.
Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01
Internett: www.kvam.kommune.no
E-post: postmottak@kvam.kommune.no

Epost: jatj@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no