Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Feiing

Utskriftsvenleg side Lagt ut 21. oktober 2013 kl. 09:00 av Arthur Strømme
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 33820)
  • Feiing og tilsyn av piper og eldstader.


    2. Kven får tenesta
  • Alle heilårsbustader i Kvam herad som har pipe med eldstad og som har tilrettelagt tilkomst for feiing med godkjent stige/faste trinn på tak, i samsvar med krav frå Arbeidstilsynet, eller feieluke på loft.


    3. Korleis få tenesta (saksgang)
  • Eigarar av heilårsbustader er registrert på feielista og skal få feid pipa 1 gong i året utan å ta kontakt med feiaren.
  • Søknad om endring frå heilårsbustad til fritidsbustad, eller omvendt, skal sendast Kvam herad på skjema "Søknad om endring av feiegebyr". Skjema hjå Fellessekretariatet eller hjå avgiftskonsulenten.
  • Ingen søknadsfrist.
  • Sakshandsamingstid: Innan 3 veker etter motteken søknad.


    4. Kva omfattar tenesta:
  • Feiing og kontroll av eldstad og pipe.
  • Kvart år skal pipe, der eldstad er i bruk, feiast og sota skal fjernast i sotluka utan ulempe for eigar/brukar. Eigar/brukar skal få varsel om at arbeidet er utført, eller grunngjeving for kvifor det ikkje er utført.
  • Kontroll av eldstad/pipe skal gjennomførast kvart 4. år. Etter utført tilsyn skal eigar/brukar få dokumentasjon på at tilsynet er gjennomført med/utan merknader.
  • Eigarar av bygning har ansvar for at bygget er i samsvar med gjeldande bygge- og brannforskrifter og at piper og eldstader verkar i samsvar med føresetnadene. Har ikkje eigar lagt tilhøva til rette for at feiinga kan utførast forsvarleg, og i samsvar med krav frå Arbeidstilsynet om arbeid på tak, kan han/ho ikkje krevja feiinga utført. Eigar får i slike høve heller ikkje refundert feieavgifta.
  • Dersom pipa har mykje blanksot, vil ikkje denne kunne fjernast ved vanleg feiing, men må fresast eller brennast bort. Feiar kan utføre arbeidet, men kostnaden med dette vert ikkje dekka av feieavgifta. Eigar/brukar må sjølv gjere opp med den som utfører arbeidet.
  • Ved montering av ny eldstad skal eigar/brukar melda frå til heradet ved å nytta eit eige skjema. Det er ikkje lovfesta at montering av eldstad skal kontrollerast av brannvernet eller feiar, men eigar må sjølv syta for at monteringa er i samsvar med tilhøyrande rettleiingar og gjeldande forskrifter. Er det trong for kontroll av feiar, vert dette ei tilleggsyting som må gjerast opp med feiar. Men feiar vil, i alle høve i samband med tilsyn, vurdera/kontrollera tilhøva ved fyringsanlegget,og avdekka eventuell feilmontering. Dette kan medføra eit munnleg pålegg om retting, som heradet følgjer opp med skriftleg varsel til eigar.
  • Feiinga er å rekne som standardteneste. Heradet er pålagd å syte for feiing av piper og tilsyn av piper og eldstader mot fastsett avgift, som heradet krev inn. Feiinga i Kvam herad er på entreprise og det er privat feiar/firma som utfører arbeidet på oppdrag av heradet.
  • Eigar/brukar skal tilretteleggje tilkomst for feiar slik at arbeidet med feiinga kan gjennomførast på ein trygg måte. Der det må feiast frå taket, skal det, ved varsel om feiing, klargjerast stige frå bakken til takskjegget. NB. Set ikkje stigen opp før feiaren kjem, av omsyn til born som kan klatre i stigen.
  • Der det er skråtak (uavhengig av gradene og taktekkinga), og når det må feiast frå taket, skal det monterast faste trinn/stige på taket. Trinn/stige skal vera festa i bærande konstruksjonar. Er pipa høgare enn 1,2 m. over taket, skal det vera montert feieluke i pipa over tak eller montert plattform på taket, slik at feiaren får normal arbeidshøgd på 0,8 - 1,2 m. Ved feiing frå loft/øvste høgda må høgd til feieluke ikkje vera meir enn 1, 2 m, og avstand frå senter feieluke til topp pipe ikkje vera meir enn 5,0 m.
  • Har eigar/brukar fått melding om feiing og ynskjer å endra dato for feiing, må dette straks meldast (sjå varsellapp), slik at feiaren kan ta kontakt for ny avtale.


    5. Kva kan eg forventa av dei tilsette/entreprenør.
  • At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
  • At dei held teieplikta si.
  • At eg får fagleg og forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
  • Kva krav stiller heradet: Arbeidet skal verta utført fagleg og profesjonelt med minst mogeleg ulempe for eigar/brukar. Varsling om feiing eller tilsyn skal gjevast i god tid i førevegen slik at eigar/brukar får høve til førebuing. Dersom varsla feiing eller tilsyn ikkje kan gjennomførast som avtalt, grunna sjukdom eller anna fråvær, skal eigar/brukar som regel verta gjort kjend med dette snarast, eller få nytt varsel så snart feiar er attende i arbeid.


    6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
  • Satsane for gebyr for feiing og tilsyn vert årleg vedtekne av Kvam heradsstyre.
    Gebyr for feiing er delt i 2 terminar, med forfall 01.04 og 01.10


    7. Heimelsgrunnlag for tenesta
  • Forvaltningslova
  • Lov om brannvern av 14. juni 2002 nr.20 om brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver.
  • Forskrift av 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn, med endringer, sist ved lov av 22. august 2002 nr. 931.


    8. Når ting ikkje fungerer
  • Ved særleg dårlege vertilhøve kan det vera umogeleg å feie. Sjukdom, uhell og andre tilhøve kan hindra feiar i å feie når det er varsla. Dersom varsla feiing må utsetjast, pliktar feiar så snart råd er, å varsle om at feiinga er utsett. Når feiinga så kan utførast, skal det sendast ut nytt varsel. Dei områda der arbeidet vart utsett, skal takast først.


    9. Klage
  • Klager som gjeld den faglege utføringa av feiing, manglande feiing/frammøte og liknande, skal takast opp med feiaren direkte.
  • Klager som gjeld feieavgift skal takast opp med Kvam herad ved brannsjefen.
  • Spørsmål om klage kan rettast til Kvam herad v/Brannsjefen
  • Skriftleg klage stilast til Kvam herad, brannsjefen


    10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
  • Kvam herad, Fellessekretariatet eller hjå brannvernet.
  • Informasjon om fyring, omnar, branntekniske installasjonar: Kvam herad, brannvernet eller feiaren, eller hjå leverandørar innan piper og eldstader.
  • Internett, http://www.kvam.no , http://www.brannvernforeningen.no/.
    http://www.DSB.no (direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap), eller http://www.DiBK.no (Direktoratet for byggkvalitet).


    11. Praktiske opplysningar
  • Rådhuset ope 0900 til 1500, måndag til fredag.
  • Kvam herad, brannvernet, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
  • 56 55 30 00 , Fax, 56 55 30 01
  • Epost: postmottak@kvam.kommune.no
  • Internett: www.kvam kommune.no
  • Ansvarleg for ajourføring er Brannvernet.


    Epost: arthur.stroemme@kvam.kommune.no




  • ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

    ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


    FACEBOOK  Facebook

    Godkjent HTML 4.01 Transitional
    Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no