Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Forvaltning av landbruksareal

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. september 2014 kl. 10:43 av Jan Tjosås
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 32910)

Forvaltning av landbruksareal omfattar frådeling, omdisponering, konsesjon, bu- og driveplikt, vanhevd, vegbygging, og uttale til reguleringsplanar, kommunedelplan og kommuneplan o.l. som gjeld disponering av areal som kan nyttast i landbruksmessig samanheng.


2. Kven får tenesta

Alle som søkjer om gjennomføring av tiltak som medfører omdisponering og endring av arealbruken i område som kan nyttast i landbruksmessig samanheng.
Alle som eig eller skal overta landbrukseigedom i heradet.


3. Korleis få tenesta

I samband med bygging på landbrukseigedom, frådeling av areal frå landbrukseigedom, reguleringsplanar som vedrører landbruksareal o.l. sender ein søknad til Kvam herad, planavdelinga, som koordinerer arbeidet med slike saker. Handsamingstid i landbruksavdelinga er 6 veker.
Innspel til kommuneplan og kommunedelplanar skal sendast til planavdelinga eller kommuneplanleggjaren i Kvam, som koordinerer arbeidet med slike saker. Handsamingstid i landbruksavdelinga er 6 veker.
Søknader om konsesjon, fritak frå bu- og driveplikt, bygging av landbruksveg. o.l., sender ein til landbruksavdelinga. Det skal nyttast faste søknadsskjema. Ingen søknadsfrist. Handsamingstid i landbruksavdelinga er 6 veker. Søknadsskjema får ein i Fellessekretariatet.


4. Kva omfattar tenesta

Kommunen handsamar alle saker som gjeld forvalting av landbruksareal.
Kommunen har ansvar for å fylgja opp dei som eig landbrukseigedom i høve til oppfylling av bu- og driveplikt, at jordbruksarealet vert forsvarleg drive o.l., og kan sjølv gjera undersøkingar for å avklara om lovbestemte krav vert stetta
Spesielle og prinsipielle saker vert handsama politisk.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Omdisponering etter jordlova § 9: Kr. 1000-2000.-
Frådeling etter jordlova § 12: Kr. 1000-2000.-
Konsesjonshandsaming: Kr. 1500-4000.-


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Forvaltningslova
Lov om jord, 12. mai 1995, §§ 3 og 18
Lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom
Forskrift om landbruksvegar
Forskrift om gebyr for konsesjon og jordlov


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, rettleiinga du får, måten arbeidet vårt elles vert utført på, tida det tek før søknaden din vert handsama og vidaresend eller liknande, kan du ta det opp med landbrukssjefen.


9. Klage

Klage på innhaldet i vedtak skal sendast til Kvam herad. Administrative vedtak kan gjerast om av heradsstyret, eller sendast vidare til Fylkesmannen i Hordaland, som er klageorgan. Klagefrist: 3 veker etter at du vart kjend med vedtaket. Nærare om klagerett o.l. vil gå fram av vedtaket, og av brevet der du vert gjort kjend med vedtaket.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon

www.odin.dep.no/ld/norsk/ eller ta kontakt med fellessekretariatet.
www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Næringsavdelinga ligg i 3. etg på rådhuset.
Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.
Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Internett: www.kvam.kommune.no

Epost: jatj@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no