

|
Onsdag 22.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Trivselskafe..
Velkomen til trivelig og sosialt samvær kvar onsdag mellom kl 11 og 14 på Trivselskafeen.
Enkel servering.
Varm mat, kaffe og kaker.
Kr. 50,-
Ta gjerne med handarbeid..
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.



20:00 PREMIERE: The Great Gatsby..
Nyinnspilling av den verdenskjente boka til F. Scott Fitzgerald med Leonardo DiCaprio og Carey Mulligan, fra den verdenskjente regissøren av Romeo og Julie og Moulin Rouge, Baz Luhrmann.
11 år. Kr
|  | Torsdag 23.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
19:00 1 bane reservert - Kleppetrening..
.



20:00 Kompani Orheim (Gratis framsyning i samband med kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt?»)..
|  | Fredag 24.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
17:00 Hallen reservert..
Olav Tjosås leiger hallen frå 17 til 19.
Vakt: Finn.



20:00 PREMIERE: Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Produksjonstilskot
|
Lagt ut 30. april 2013 kl. 14:34 av Jan Tjosås
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 32910)
Handsaming og vidaresending av søknader om produksjonstilskot, avløysartilskot og liknande ordningar under jordbruksavtalen
2. Kven får tenesta
Dei som driv landbruksføretak i Kvam herad, og er meirverdiavgiftspliktige innan landbruksverksemd. Føretaket må vera registrert i Einingsregisteret, og må gje opp organisasjonsnummeret sitt på søknaden. Den meirverdiavgiftspliktige omsetnaden må overstiga 20 000,- kroner i året. Det skal drivast vanleg jordbruksproduksjon, med plante- og/eller husdyrproduksjon på bruket.
3. Korleis få tenesta
Produksjonstilskot, avløysarrefusjon for ferie- og fritid og økologisk landbruk:
Søknadsskjema vert sendt direkte frå Statens landbruksforvalting til alle som søkte ved føregåande søknadsrunde. Nye søkjarar får skjema og forskriftshefte ved å venda seg til landbruksavdelinga. Rettleiing om utfylling får ein ved Kvam herad, landbruksavdelinga. Søknadsfristar: 20. januar og 20. august.
Avløysarrefusjon ved sjukdom, svangerskap o.l.:
Søknadsskjema, forskrifter og rettleiing får ein ved Kvam herad, landbruksavdelinga. Søknadsfrist: 3 månader etter siste dag med avløysar
Katastrofetap (avlingssvikt, vinterskader og tap av dyr på beite):
Søknadsskjema, forskrifter og rettleiing får ein ved landbruksavdelinga. Søknadsfrist: Vinterskader på eng: 15. juli, avlingssvikt og tap av dyr på beite: 1. november
Tilskot til organisert beitebruk:
Søknadsskjema vert sendt direkte frå Fylkesmannen si landbruksavdeling til dei beite- og sankelaga som søkte ved førre søknadsrunde. Nye søkjarar får skjema og forskrifter ved Kvam herad, landbruksavdelinga. Her får ein også rettleiing om utfylling av skjema. Søknadsfrist: 1. november
Tidlegpensjon for jordbrukarar:
Søknadsskjema, forskrifter og rettleiing får ein ved landbruksavdelinga. Ingen søknadsfrist
4. Kva omfattar tenesta
Godkjende søknader om produksjontilskot, avløysarrefusjon til ferie og fritid og økologisk landbruk vert sendt vidare til Fylkesmannen si landbruksavdeling etter oppsette fristar. Søknader med manglar vert enten returnerte eller avslått innan 3 veker etter søknadsfristen. Godkjende søknader om avløysarrefusjon ved sjukdom, svangerskap m.m. og søknader om tidlegpensjon vert sendt vidare til Fylkesmannen si landbruksavdeling innan 1 månad etter at søknaden er komplett. Godkjende søknader om katastrofetap og søknader tilskot til organisert beitebruk vert sendt vidare til Fylkesmannen si landbruksavdeling etter oppsette fristar. Fylkesmannen avgjer desse sakene. Svar på søknader vil som regel vera i form av brev frå Statens landbruksforvalting eller Fylkesmannen si landbruksavdeling, evt. utbetaling utan brev.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Tenesta er gratis. Tilskotssatsane for dei enkelte ordningane finst i eigne forskriftshefte, rettleiingshefte og på Internett, sjå pkt. 7 og 10.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Forvaltningslova Lov om jord, 12. mai 1995, §§ 3 og 18 Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket Forskrift om samdrift i mjølkeproduksjon Forskrift for gjødslingsplanlegging Forskrift om tilskott til avløysing Forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald Forskrift for katastrofeordningen i planteproduksjon Forskrift om tidligpensjon til jordbrukere Forskrift om tilskudd til organisert beitebruk
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, hjelpa du får til skjemautfylling, handsamingstida eller liknande, kan du ta det opp med landbrukssjefen.
9. Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, må du senda skriftleg klage til kommunen innan 3 veker etter at du vart gjort kjend med vedtaket. Klagerett og saksgang vil elles gå fram av vedtaket. Klageorgan er Fylkesmannen si landbruksavdeling når kommunen har gjort vedtak. Når Fylkesmannen si landbruksavdeling har gjort vedtak, er Statens landbruksforvalting klageorgan.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon
Forskriftshefte: "Produksjonstilskudd i jordbruket" Rettleiingshefte: "Produksjonstilskudd i jordbruket" Brosjyre "Tidligpensjonsordningen for jordbrukere" Brosjyre "Erstatning for avlingssvikt" Brosjyre "Tilskudd til økologisk landbruk" Forskrift om tilskudd til organisert beitebruk Forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald http://www.slf.dep.no
11. Praktiske opplysningar
Utviklingseininga, Næringsavdelinga ligg i 3. etg på rådhuset. Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00. Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01 Internett: www.kvam.kommune.no E-post: postmottak@kvam.kommune.no Sakshandsamar for ovannemnde ordningar er sekretær ved landbruksavdelinga
Epost: jatj@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|