Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Pleie og omsorg i heimen

Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. februar 2014 kl. 09:52 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon: teneste nr.:25400 heimesjukepleie

For å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege, kan pleie- og omsorgstenesta i Kvam herad gje tilbod om heimesjukepleie til dei som bur i eigen heim, i trygdebustad eller omsorgsbustad.


2. Kven får tenesta

Personar som ikkje sjølv greier personleg stell eller som treng noko hjelp til dette.


3. Korleis få tenesta

Søknad om heimesjukepleie skal rettast til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg, (sjå pkt. 11.) Søknadsskjema kan du få ved å kontakta forvaltarkontoret, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på rådhuset. Du kan også muntleg ta kontakt med dei.
Sakshandsamar kjem på heimebesøk snarast råd og seinast innan 14 dagar, for på eit fagleg nivå vurdera behovet av tenesta.
Du vil snarast og seinast innan 14 dager få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram::

- Om heimesjukepleie er innvilga, om kor mykje hjelp, kva type hjelp og kor lenge du får hjelp.
- Om heimesjukepleie er avslått. Det er høve til å søkja på nytt, dersom situasjonen endrar seg






4. Kva omfattar tenesta

Heimesjukepleie er ei heildøgns-teneste som vert organisert sonevis på dagtid,kveldstid og natt.

Det er redusert bemanning i helger og på høgtidsdagar


Du kan få hjelp til:

Bistand og hjelp ved personleg stell (morgon, middag, kveld, natt og elles ved behov)
Hjelp til å stå opp/leggje deg
Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk
Hjelp ved forflytting
Hjelp ved måltids situasjonar
Tilsyn og fagleg vurdering etter behov
Utrykking ved bruk av tryggleiksalarmer
Formidling av hjelpemiddel -behov
Hjelp ved ulike medisinske tiltak som:
Handtering av medikament, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking m. m
Det kan ytast hjelp til ein verdig livsavslutning i eigen heim, i nært samarbeid med pårørande og lege.


Forpliktingar for brukar:

Brukar må sjølv betala for medisin, elastiske bind og strømper.
Pleie og omsorgstenesta er i utgangspunktet ansvarleg for bandasjemateriell. Unntak for dette gjeld når bandasjemateriell vert godtgjort frå folketrygda.Brukar bør ved oppstart av behandlinga ta kontakt med trygdekontoret for å avklara eventuell refusjon.
Pleie- og omsorgstenesta held hanskar, munnbind og anna utstyr for dei tilsette.






5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si .
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Heimesjukepleie er gratis.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 a
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med forvaltar-kontoret eller pleie og omsorgsleiar snarast, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på vedtaket eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom Pleie og omsorgstenesta ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller som gjeld helsepersonellet, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd/ vurdering der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Brosjyrar kan du finna på Rådhuset, Legekontor, Apoteket, i Pensjonist foreiningar og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad.
Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

Eining helse og omsorg: Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00.
Telefonnummer..56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no
Helse og omsorgsjef: 56 55 30 00/ 30 83 / 90 59 85 79
Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56
Pleie og omsorgsleiar: 56 55 86 00/ 8602, 90 68 10 38

Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no