Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Langtidsplass i institusjon

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:48 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr.:25300)

For å hjelpa personar som ikkje klarer å ta omsorg for seg sjølv av fysiske eller psykiske årsaker, kan omsorgstenesta i Kvam herad gje tilbod om langtidsplass i institusjon på:

Toloheimen 16 langtidsplasser, inkl. 8 plasser på avdeling Firkløveren
Øysteseheimen 22 langtidsplasser
Strandebarmsheimen 13 langtidsplasser






2. Kven får tenesta

Personar som har behov for døgnkontinuerlig omsorg og hjelp grunna fysisk eller psykisk nedsett helsetilstand.


3. Korleis få tenesta

Søknad om langtidsplass skal rettast til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg,(sjå pkt. 11.) Søknadsskjema kan du få ved å kontakta forvaltarkontoret, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på rådhuset evt. muntleg kontakt til dei.
Dersom du ikkje alt er brukar av heimetenester innan pleie og omsorg, kjem sakshandsamar på heimebesøk snarast råd og seinast innan 14 dagar og føretek fagleg vurdering av behovet. Tildeling av plass etter fagleg vurdering skjer i inntaksmøte som vert halde kvar veke.
Du vil snarast, og seinast innan 14 dagar etter inntaksmøtet, få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram:

Om du har fått plass straks
Om du står på venteliste
Om søknad om plass er avslått. Det er høve til å søkja på nytt, dersom situasjonen endrar seg.






4. Kva omfattar tenesta

Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet, på Toloheimen og Øysteseheimen er det sjukepleier på vakt heile døgnet, på Strandebarmsheimen er det sjukepleiar dag og kveld( heimevakt natt). Det er redusert bemanning i helger og høgtids dager.
Etter fagleg vurdering av individuelle behov:

Innan kl 11.00, hjelp til morgonstell med personleg hygiene og påkledning .
Hjelp til å stå opp/leggje seg etter ynskjer om tidspunkt.
Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk
Hjelp ved forflytting
Tilsyn og fagleg vurdering etter behov
Hjelp ved måltids situasjonar.
Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middag, kaffimat og kvelds. Ved behov tilrettelagt mat: mosa mat, ulike diettar m.m.
Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det
Hjelp ved kveldsstell med personleg hygiene og avkledning. Hjelp til å leggja seg, spesielle ynskje om tidspunkt vert imøtekome.
Hjelp til dusj/bad minimum kvar 14 dag, også sengeskift.
Vask av merka privat tøy i institusjonen.
Tilbod om hårstell/klipp, neglestell og fotstell.
Hjelp ved ulike medisinske tiltak som:
medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking,
blodtrykks kontroll, m.m.
Regelmessig tilsyn av tilsynslege og elles etter fagleg vurdering.
Kontakt med spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta ved behov og ynskje.
Tilbod om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering. ADL-trening.
Tilbod om personleg tilpassa tekniske hjelpemidlar og medisinsk utstyr (t.d. rullestol)


Etter ynskje:

Aktivitetstilbod i avdelinga.
Felles arrangement som: gammaldans, song og musikk, evt. felles turar.
Formidle samtale med prest. Felles andakt kvar 14.dag.
Formidle kontakt med familie.
Dersom ikkje pårørande har høve til dette: tilrettelegging ved feiring av "store dagar", hjelp ved innkjøp av kler og andre personlege ting, hjelp til økonomistyring av lommepengar.
Hjelp til ein verdig livsavslutning i nært samarbeid med familie, lege og evt. prest.






5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Eigenbetaling etter faste statlege satsar.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 c
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar snarast, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på vedtaket eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom Pleie og omsorgstenesta ikkje imøtekjem klagen, vert den sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland, for vurdering og endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Brosjyrar kan du finna på Rådhuset, Legekontor, i Pensjonist foreiningar og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad.
Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Eining helse og omsorg : Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00
Telefonnummer..56 55 30 00, Fax, 56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no
Helse og omsorgsjef: 56 55 30 00/ 30 93, 90 59 85 79
Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56
Pleie og omsorgsleiar: 56 55 86 00/ 86 02, 90 68 10 38


Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no