Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Korttidsplass i institusjon

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:28 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr.:25300)

For å hjelpa personar som kan ha behov for ekstra pleie og omsorg i ein kortare periode kan omsorgstenesta i Kvam herad gje tilbod om plass på korttidsavdelinga på Toloheimen.


2. Kven får tenesta

Personar som har behov for ekstra omsorg og hjelp i ein kortare periode.


3. Korleis få tenesta

Søknad om korttidsplass skal rettast til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg, sjå oversikt pkt. 11. Søknadsskjema kan du få ved å kontakta forvaltarkontoret, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på rådhuset evt. muntleg kontakt med dei.
Dersom du ikkje alt er brukar av tenester innan pleie og omsorg, kjem sakshandsamar på heimebesøk snarast råd og seinast innan 14 dagar og føretek fagleg vurdering av behovet. Tildeling av plass etter fagleg vurdering skjer i inntaksmøte som vert halde kvar veke.
Du vil snarast, og seinast innan 14 dagar etter inntaksmøtet, få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram:

Om du har fått plass straks
Om du står på venteliste
Om søknad om plass er avslått Det er høve til å søkja på nytt dersom situasjonen endrar seg



Søknad på korttidsopphald kan også koma frå sjukehuset etter eit sjukehusopphald.


4. Kva omfattar tenesta

Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet. På Toloheimen er det sjukepleier på vakt heile døgnet.Det er redusert bemanning i helger og på høgtidsdagar.
Etter fagleg vurdering av individuelle behov:

Innan kl 11.00, hjelp til morgonstell med personleg hygiene og påkledning.
Hjelp til å stå opp/leggje seg etter eige ynskjer om tidspunkt.
Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk
Hjelp ved forflytting
Tilsyn og fagleg vurdering etter behov
Hjelp ved måltida.
Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middag, kaffimat og kvelds. Ved behov tilrettelagt mat: mosa mat, ulike diettar m.m.
Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det
Hjelp ved kveldsstell med personleg hygiene og avkleding.
Hjelp til å leggja seg, spesielle ynskje om tidspunkt vert imøtekome.
Vask av merka privat tøy
Hjelp ved ulike medisinske tiltak som t.d.; medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking, blodtrykks kontroll, m.m.
Regelmessig tilsyn av tilsynslege og elles legetilsyn etter fagleg vurdering.
Kontakt med spesialist, helsetenesta og tannhelsetenesta ved behov og ynskje.
Tilbod om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering. ADL-trening.
Hjelp til tilrettelegging ved utskriving til heimen
Tilbod om personleg tilpassa tekniske hjelpemidlar og medisinsk utstyr (t.d. rullestol)



Etter ynskje:

Aktivitetstilbod i avdelinga.
Felles arrangement som: gammaldans, song og musikk, evt. felles turar.
Formidle samtale med prest, felles andakt kvar 14.dag.
Formidle kontakt med familie.
Hjelp til ein verdig livsavslutning i nært samarbeid med familie, lege og evt. prest.






5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si .
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Eigenbetaling etter faste statleg satsar, kr 142,- pr. døgn pr. 01.01.2014.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 c
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på etter vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for avdelinga eller pleie og omsorgsleiar snarast, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i vedtaket eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med avdelingsleiar, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom Pleie og omsorgstenesta ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.

10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Aktuelle brosjyrar kan du finna på Rådhuset, Legekontor, i Pensjonist foreiningar og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad.
Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Eining helse og omsorg : Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00
Telefonnummer..56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no.
Helse og omsorgsjef: 56 55 30 00/ 30 93, 90 59 85 79
Pleie og omsorgsleiar: 56 55 86 00/ 86 02, 90 68 10 38, adr. Toloheimen
Leiar Kvam rehabiliterings og behandlingsavdeling : tlf 56 55 86 00/ 86 06, 97 42 32 86

Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no