Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Heimetenester

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:58 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr.:25400)

For å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege kan pleie og omsorgstenesta i Kvam Herad gje tilbod om heimetenester til dei som bur i eigen heim, i trygdebustad eller i omsorgsbustad.


2. Kven får tenesta

Personar som treng hjelp for å klara seg i eigen heim


3. Korleis få tenesta

Søknad om heimetenester skal rettast til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg, (sjå pkt. 11.) Søknadsskjema kan du få ved å kontakta Stab og forvaltarkontoret, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på rådhuset. Du kan også munnleg ta kontakt med dei.
Sakshandsamar kjem på heimebesøk innan 14 dagar for å vurdera hjelpebehov ditt.
Du vil snarast og seinast innan 14 dager få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram:

- Om søknad er innvilga, kor mykje hjelp, kva type hjelp og kor lenge du får hjelp.
- Om søknad er avslått. Det er høve til å søkja på nytt, dersom situasjonen endrar seg






4. Kva omfattar tenesta

praktisk bistand og opplæring, herunder brukarstyrt personleg assistanse
Du kan få hjelp til:

Golvvask og støvsuging (rom i dagleg bruk som stove, kjøkken, soverom, bad og gang)
Vask av toalett, dusj og badekar
Vask av vindauga når tilhøva er lagt til rette for det ( 2 gonger pr. år)
Oppvask og klesvask
Skifting av sengetøy
Det vanlege timetal ved tildeling av heimehjelp er 1,5-2 timar annakvar veke.
Tenesta vert vanlegvis ikkje ytt i helger, på høgtidsdagar eller dagar du som brukar er bortreist




Husmorvikarhjelp ( hjelp til barnefamiliar )
Du kan få hjelp til :

Reinhaldsoppgåver ( sjå under punktet praktisk bistand )
Barnepass og andre omsorgsoppgåver
Tenesta vert vanlegvis ikkje ytt i helger eller på høgtidsdagar




Omsorgsløn / familiepleiestønad
Personar som har omfattande omsorgsoppgåver kan søkje om støtte til dette

Forplikting for brukar:
For å få innvilga praktisk bistand (heimehjelp) må det finnast utstyr i heimen slik at heimehjelpar kan få utført arbeidet sitt på ein mest mogeleg effektiv måte: Støvsugar, langkost/mopp, klutar, miljøvennlege reinhaldsmidlar og vaskemaskin.
Dersom brukar ikkje skal vera heime til avtalt tid, må det straks meldast frå til aktuell gruppeleiar eller pleie og omsorgsleiar. Det vert ikkje ytt hjelp i heimen dersom brukar ikkje er tilstades.
Brukaren pliktar å vera samarbeidsvillig med den som skal yte tenesta.



5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si .
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Det er eigenbetaling for praktisk bistand ( heimehjelp) etter statlege og kommunale satsar. Brukar betalar eit abonnement, prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt. Brukar får tilsendt rekning kvar månad. Maksimal timepris for praktisk bistand (heimehjelp) er sett til kr.336,- pr. time pr. 01.01.2014.
Det er eigne betalingssatsar for husmorvikarhjelp. Praktisk bistand og opplæring til personleg stell og eigenomsorg er gratis.
Omsorgsløn vert utbetalt månadleg med satsar inntil 50 % heimehjelpsløn.
Pleie og omsorgsleiar har til ei kvar tid høve til å vurdere om tenesta skal ytast utan eigenbetaling.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 b
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med soneleiarkontoret snarast, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom Pleie og omsorgstenesta ikkje imøtekjem klagen vert den sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Aktuelle brosjyrar kan du finna på Rådhuset, Legekontor, Apoteket, i Pensjonist foreiningar og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad.
Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

Eining helse og omsorg: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00
Telefonnummer 56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Helse og omsorgsjef: 56 55 30 00/ 30 93 / 90 59 85 79
Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56
Pleie og omsorgsleiar: 56 55 86 00/ 86 02 /
90 68 10 38


Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no