

|
Fredag 24.05.2013:
20:00 PREMIERE: Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|  | Laurdag 25.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Open dag med loppemarknad..
Storeteigen venelag og Bygdagnist inviterer alle til open dag på Storeteigen med stor loppemarknad og ulike aktivitetar og kulturinnslag på tunet.
Program:
Kl 10: Marknaden opnar
Kl 18: Marknaden
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
13:00 Symjing for alle..
Frå måndag 15. oktober 2012 vart det innført betaling for badande:
Born: Einskildbillett kr 25,- / sesongkort kr 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr 50,- / sesongkort kr 400,-
Ein betalar ikkje kont
14:00 Kakaokonsert..
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg k
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
ØIL-barnedisco..
Roger Vassnes.
20:00 Champions League Finale..
Kl 20.30 Bayern Munchen - Dortmond.
|  | Sundag 26.05.2013:
11:00 Klubbmeisterskap - årsmøte..
Klubbmeisterskap og årsmøte. Klubbmeisterskapet går over 6 seriar.
.
11:00 Friluftsgudsteneste på Åse i Strandebarm..
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KRIK. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552.
14:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
19:00 Kveldsgudsteneste i Øystese kyrkje..
S.pr. Lars Arne Vik. Song av Norheimsund og Øystese ungdomskor. Nattverd. Offer til ungdomskoret..
19:00 BRANN - Sarpsborg..
Kl 19. Seriekamp.
20:00 Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Gjeldsrådgjeving
|
Lagt ut 4. februar 2013 kl. 16:26 av Helga Sørhus
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon ( kostra 24200)
Gjeldsrådgjeving er tilbod til enkeltpersonar om ei særskilt rådgjeving for å få kontroll over økonomien. Gjeldsrådgjeving er frivillig og skal vera prøvd før ein kan søkja Namsmannen om gjeldsforhandling etter Gjeldsordningslova.
2. Kven får tenesta
Privatpersonar med alvorlege gjeldsproblem, - ikkje personar der gjelda er knytta til næringsverksemd som er i drift (ikkje avslutta).
3. Korleis få tenesta
Ta kontakt med NAV-kontoret og be om timeavtale med ein sakshandsmar. Du vil få timeavtale i løpet av 1-3 veker. Du vil få vedtak på om du har rett på slik teneste eller ikkje, og kan klaga på det dersom du er usamd. Du må ta med alle papir som syner inntekt, gjeld og ubetalte rekningar. Det vert stilt krav om at du møter til avtalar og utfører dei oppgåver me vert samde om. Utan at du deltek, vil dette arbeidet ikkje føra fram.
4. Kva omfattar tenesta
Gjeldsrådgjevar vil, i samarbeid med deg, setja opp ein oversikt over økonomien med alle dine ubetalte krav. Gjeldsrådgjevar sender brev til alle kreditorane med framlegg om ein nedbetalingsplan du er i stand til å klara, og gjerne framlegg om å få sletta ein del av kravet. ("frivillig gjeldsordning") Dersom ein av kreditorane ikkje godtek dette, kan gjeldsrådgjevar senda saka over til namsmannen for søknad om "Gjeldsordning etter gjeldsordningslova".
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris
Tenesta er gratis.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersonar Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 17. Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiar av NAV Kvam.
9. Klage
Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta, ta kontakt med leiar av NAV Kvam. Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen. Dersom NAV- kontoret ikkje imøtekjem klagen, vert den sendt vidare til klagenemnda i kommunen for vurdering der.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon
Forbrukerrådet "Når gjelden blir for stor" www.kvam.no
11. Praktiske opplysningar
NAV-kontoret ligg i Tingbakken i Norheimsund, 1. etg. Opningstid er måndag,tirsdag,onsdag,fredag kl. 9.00 - 15.00 torsdag kl. 11.00 - 15.00 Adresse: Sandvenvegen 3, 5600 Norheimsund Postboks 93, 5601 Norheimsund Telefon: 53 04 48 86 Telefaks: 53 04 48 45 E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Epost: helga.sorhus@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|