

|
Laurdag 25.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Open dag med loppemarknad..
Storeteigen venelag og Bygdagnist inviterer alle til open dag på Storeteigen med stor loppemarknad og ulike aktivitetar og kulturinnslag på tunet.
Program:
Kl 10: Marknaden opnar
Kl 18: Marknaden
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
13:00 Symjing for alle..
Frå måndag 15. oktober 2012 vart det innført betaling for badande:
Born: Einskildbillett kr 25,- / sesongkort kr 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr 50,- / sesongkort kr 400,-
Ein betalar ikkje kont
14:00 Kakaokonsert..
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg k
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
ØIL-barnedisco..
Roger Vassnes.
|  | Sundag 26.05.2013:
11:00 Klubbmeisterskap - årsmøte..
Klubbmeisterskap og årsmøte. Klubbmeisterskapet går over 6 seriar.
.
11:00 Friluftsgudsteneste på Åse i Strandebarm..
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KRIK. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552.
14:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
19:00 Kveldsgudsteneste i Øystese kyrkje..
S.pr. Lars Arne Vik. Song av Norheimsund og Øystese ungdomskor. Nattverd. Offer til ungdomskoret..
19:00 BRANN - Sarpsborg..
Kl 19. Seriekamp.



20:00 Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|  | Måndag 27.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Økonomisk sosialhjelp
|
Lagt ut 18. januar 2013 kl. 17:56 av Helga Sørhus
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr. 28111)
Økonomisk sosialhjelp skal sikra at alle har tilstrekkelege midlar til livsopphald, slik at den som ikkje sjølv kan syta for dette likevel har eit minimum av økonomisk tryggleik. Økonomisk sosialhjelp kan i tillegg ytast til personar som treng det for å koma over eller tilpassa seg ein vanskeleg livssituasjon.
2. Kven får tenesta
- Alle som oppheld seg i Kvam og som ikkje kan sørgje for sitt livsopphald gjennom arbeid eller økonomiske rettar, t.d. frå folketrygda eller forsytar (foreldre / ektefelle / sambuar). Alle eigne mogelegheiter eller andre hjelpeordningar skal utnyttast fullt ut før ein har rett til stønad. - Alle som oppheld seg i Kvam og som er i ein særleg vanskeleg livssituasjon
Det er krav om at du dokumenterer inntekter og utgifter siste månader, eventuell formue og anna som sosialkontoret finn nødvendig for sakshandsaminga. Det kan stillast vilkår for utbetaling av sosialhjelp. Vilkåret skal ha nær samanheng med det saka gjeld, t.d. at du må melda deg som arbeidssøkjar dersom du er utan arbeid, eller forhandla med bank om utsett betaling på lån dersom dette er medverkande årsak til vanskane.
3. Korleis få tenesta
- Skriftleg søknad (Skjema "Søknad om økonomisk stønad"). Søknaden skal sendast til NAV Kvam. - eller ta kontakt med NAV-kontoret og be om timeavtale for samtale med ein sakshandsamar. Sakshandsamingstid er frå 1 til 3 veker. Dersom sosialtenesta får forståing for at det hastar svært, kan saka avgjerast same dag Du vil få skriftleg vedtak. Av vedtaket går det fram: Om søknaden er innvilga. Om søknaden er avslått.
Det er høve til å søkja på nytt dersom situasjonen endrar seg Er du innvilga stønad, vil denne verta overført til din bankkonto eller til kreditor innan 2 dagar.
4. Kva omfattar tenesta
- Ei kartlegging av din økonomi og det i din livssituasjon som er viktig for saka. - Utbetaling av økonomisk stønad,- overført til deg eller til kreditoren. - Hjelpa vert vanlegvis gitt som bidrag, men kan gjevast som lån dersom det er venta at du innan kort tid vil koma i ein betre økonomisk situasjon. - Råd og rettleiing om korleis du kan koma deg ut av den vanskelege situasjonen - Hjelp til å ta kontakt med andre instansar, dersom du treng det.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Tenesta er gratis.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 18, § 19 og § 20 Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, bør du melda frå til leiar i NaV Kvam.
9. Klage
Du kan klaga på sosialtenesta sitt vedtak dersom du ikkje er nøgd. Klagen må vera skriftleg og skal sendast til NAV Kvam. NAV-kontoret kan hjelpa deg å skriva ned klagen dersom du ynskjer det. I klagen skal du skriva kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom Nav Kvam ikkje imøtekjem klagen, vert den sendt til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Brosjyra "Når alt anna er prøvd". www.kvam.no
11. Praktiske opplysningar
NAV-kontoret ligg i 1. etg i Tingbakken i Norheimsund. Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00. Adresse: Sandvenvegen 3, 5600 Norheimsund Postboks 93, 5601 Norheimsund Telefon: 81581000 Telefax: 53 04 48 45 E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Epost: helga.sorhus@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|