Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Skulehelsetenesta

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. oktober 2013 kl. 14:06 av Torill B. Høyland
1. Tenestedefinisjon (teneste nr. 23200 og nr. 23201)

Helseundersøking, helseopplysing vaksinasjon m.m. for elevar i grunnskulen og i vidaregåande skule. Helsestasjon for ungdom.


2. Kven får tenesta

Barn og ungdom i aldersgruppa 6-20 år.


3. Korleis få tenesta

Helsesøster har fast kontortid/trefftid på dei største skulane.
Foreldre/barn/ungdom tek sjølv kontakt ved behov.
Helsestasjon for ungdom har åpent kvar torsdag frå kl.1430-1630.Stad; Helsestasjonen i Norheimsund,Tingbakken.


4. Kva omfattar tenesta

Skulehelsetenesta omfattar fylgjande rutinekontrollar:

1. klasse: Informasjon i klassen med utdeling av helseskjema.
2. klasse: Helseundersøkjing og polio/kikhoste/difteri/stivkrampe-vaksine.
6. klasse: Meslinger, kusma, røde hunder(MMR-vaksine)
7. klasse: Vaksine mot livmorhalskeft, til jenter (HPV-vaksine)
8. klasse: Helseundersøkelse.
9. klasse: Jentegrupper ved Kvam ungdomskule, undervisning i samliv og seksualitet.
10. klasse: Difteri, stivkrampe og polio vaksine ( Fra årskullet født 1998)




Opplysningar om helse, kosthald, rusmidlar/røyking, samliv/prevensjon, og andre emne vert teke opp med elevar, enkeltvis eller i grupper.
Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale einingar ved behov.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysas


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tenesta er gratis


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Helse-og omsorgslova med merknader og forskrifter. Folkehelselova.Forvaltningslova
Helsepersonell-lova
Pasientrettighetslova


8. Når ting ikkje fungerar

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiande helsesøster.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med leiande helsesøster, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom leiande helsesøster ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller helsepersonellet som utfører tenesta vert klagen sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland, for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:.

Brosjyrar om helsestasjon for ungdom skal verta delte ut til alle elevar ved ungdomskulen og vidaregåande skulen. Dei skal og liggja på helsestasjonen.
Trefftid/kontortid kan variere frå år til år.

11.Praktiske opplysninger:

Øystese helsestasjon, tlf. 56553859. / 91711245
Skulehelsetenesta i Øystese, tlf. 97141271
Norheimsund helsestasjon, tlf. 56553460.
Skulehelsetenesta i Norheimsund: 97141271
Ålvik helsestasjon og skulehelseteneste tlf. 56557170./ 91711245
Strandebarm helsestasjon og skulehelseteneste, tlf. 56556934./48279566



Ajourholdt 09.10.2013 av Leiande helsesøster.

Epost: torill.hoyland@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no