
|
Du er her: Startside / tenester /
Bustad til vanskelegstilte
|
Lagt ut 18. januar 2013 kl. 18:09 av Helga Sørhus
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon (teneste nr. 28110)
Hjelp til å skaffa mellombels eller varig bustad til personar som på eiga hand ikkje kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden.
2. Kven får tenesta
- Alle som oppheld seg i Kvam og som sjølv ikkje kan ivareta sine interesser på bustad-marknaden. Dette gjeld også bustader som er særleg tilpassa med hjelpe- og vernetiltak for dei som treng det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker. - Alle i som oppheld seg i Kvam og som ikkje har nokon stad å bu. Sosialtenesta forventar at einkvar nyttar ut dei høve ein måtte ha til mellombels bustad hjå familie eller vener.
3. Korleis få tenesta
Ta kontakt med NAV-kontoret og be om timeavtale med ein sakshandsamar.
4. Kva omfattar tenesta
a) Hjelp til å skaffe varig bustad:
Hjelp til å skaffa høveleg bustad anten ved å byggja ny bustad, kjøpa bustad eller inngå leigekontrakt med ein huseigar Hjelp til å ordna finansiering Råd og rettleiing om kva ordningar som finst. Du må sjølv bera kostnaden med finansiering av bustaden, men vil få hjelp til å søkja alle tilgjengelege støtteordningar frå Husbanken. For bygging / kjøp av bustad er ein avhengig av samarbeid med grunneigar, byggjefirma, Husbank og den lokale bank. I slike saker kan det såleis ta lang tid før alt er i orden, kanskje 2 - 5 år.
b) Hjelp til å skaffe mellombels bustad:
Hjelp til å gjera avtale med husvert, utleigehytte eller liknande om "tak over hovudet" minimum for 1 natt og inntil det lukkast å finna permanent bustad. Hjelp til å betala kostnaden dersom du ikkje har pengar sjølv. Hjelp til å prøva skaffa meir varig bustad. Dersom du er utan stad å bu, vil få svar på søknaden same dag.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris
Tenesta er gratis.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen §§ 15 og 27. Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, bør du melda frå til leiar av NAV Kvam.
9. Klage
Du kan klaga på NAV-kontoret sitt arbeid dersom du ikkje er nøgd. Klagen må vera skriftleg og skal sendast til NAV Kvam. Du kan få hjelp til å skriva ned klagen dersom du ynskjer det. I klagen skal du skriva kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom NAV-kontoret ikkje imøtekjem klagen, skal den sendast over til Klagenemnda i kommunen.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Husbanken sine brosjyrer om lån og tilskottsordningar www.husbanken.no www.kvam.no
11. Praktiske opplysningar
NAV-kontoret ligg i Tingbakken i Norheimsund, 1.etg. Opningstid er måndag,tirsdag,onsdag,fredag kl. 9.00 - 15.00 torsdag kl. 9.00 - 15.00 Adresse: Sandvenvegen 3, 5600 Norheimsund Postboks 93, 5601 Norheimsund Telefon: 53 04 48 73 Telefax: 53 04 48 45 E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Epost: helga.sorhus@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|
|
 |
 |
| |
 |
ARILD M. STEINE RÅDMANN
 |
ASBJØRN TOLO ORDFØRAR
 |
|
|
| |
|
|