Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Barnevern - tiltak i familien

Utskriftsvenleg side Lagt ut 14. oktober 2016 kl. 10:45 av Torill Svendsen
1. Tenestedefinisjon.

Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Barnevernets hovedoppgave er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.


2. Kven omfattar barnevernstenesta

Barnevernstenesta skal sette i verk tiltak overfor barn/ungdom under 18 år som oppheld seg i Kvam der barna/ungdomen
- av ulike årsaker ikkje får den oppfølginga og omsorga dei treng i heimen sin og at det kan skada deira helse og utvikling,
- er sjuke, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande og ikkje får behandling eller opplæring,
- blir utsett for vold eller seksuelle overgrep.

Barnevernstenesta skal søke å avdekke omsorgssvikt, åtferds-, sosiale og emosjonelle problem, og sette i verk tiltak i forhold til dette, så tidleg at barn unngår å få varige problem.

Ungdom mellom 18-23 år kan, dersom han/ho samtykkjer til det, og tiltaket er iverksett før han/ho fylte 18 år, fortsatt ha tiltak frå barnevernstenesta.


3. Korleis få tiltak frå barnevernstenesta

Melding til barnevernstenesta kan formidlast skriftleg eller munnleg. Melding kan gjevast av familien, barnet sjølv eller andre privatpersonar. Offentleg tilsette har plikt til, og utan hinder av teieplikt, å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling. Offentleg tilsette skal levere ei skriftleg melding, og om mogleg (unntak ved vold og overgrep) informere føresette om meldinga til barnevernet.

Ei melding til barnevernstenesta vert gjennomgått innan 1 veke. Det skal konkluderast anten med at meldinga vert lagt bort eller at forholda rundt barnet skal undersøkjast nærare.

Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månader. Det vert innhenta opplysningar om barnet, familien og miljø, men skal ikkje gjerast meir omfattande enn alvoret i saka tilseier. Det skal leggjast vekt på å hindra at kunnskap om undersøkinga vert spreidd unødig.

Undersøkinga kan føra til henlegging av saka eller til vedtak om tiltak, herunder hjelpetiltak eller flyttetiltak. Eit flyttetiltak skal kun setjast i verk dersom det ikkje kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak i heimen. Barnevernet skal legge avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Herunder skal det legges vekt på å gi barnet stabil og god voksenkontakt og kontinuitet i omsorgen.

Hjelpetiltak vert vanlegvis gjennomført i samråd med barnet/ familien, men kan i særlege tilfelle påleggjast foreldra.


4. Hjelpetiltak frå barnevernstenesta

Familieveiledning
Familieråd
Støttekontakt / fritidsaktivitet
Plass i barnehage
Avlastingstiltak i heimen
Besøksheim
Støttefamilie
Leksehjelp
Hjelpa til slik at ungdom får tilbod om utdanning, arbeid eller høve til å bu utanfor heimen
Råd og rettleiing av saksbehandlar
Heimebaserte tenester frå Kvam familiesenter
Tilsyn i heimen
Miljøarbeid i heimen
Midlertidig flytting av barn i fosterheim


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

- Å bli møtt med respekt.
- Å bli sett, høyrt, støtta og verdsett.
- Å bli involvert og får medverknad i avgjerder.
- Å få hjelp på ein føreseieleg måte.
- Å bli møtt med ein heilskapeleg tankegang.
- At reglane om teieplikt vert overheld.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tiltak som barnevernet sett i verk vert dekka av det offentlege.

Når barnet vert plassert utanfor heimen i fosterheim eller institusjon, kan foreldre bli pålagt barnebidrag i samsvar med bidragsfuten sine vanlege retningsliner.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om barneverntjenester
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
Lov om barn og foreldre § 43 a.


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med barnevernleiar eller Fylkesmannen i Hordaland.


9. Klage

Vedtak om tiltak frå barnevernet eller avgjersle tatt av fylkesnemnda kan klagast inn for ny prøving, jfr. fvl. § 28.

Finn du grunn til å klaga på vedtak, ta kontakt med barnevernleiar.Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelpa til med å skriva ned klagen. Dersom barneverntenesta ikkje imøtekjem klagen, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Brosjyre "Barnevernet til barnets beste".
www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Opningstid er måndag - fredag kl. 9.00 - 15.00.

For samtale kan du henvenda deg på telefon eller ved å henvenda deg direkte resepsjonen på rådhuset eller barnevernstenesta for nærare avtale med leiar eller barnevernkonsulent.

Postadresse: Barnevernstenesta i Kvam, Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 30 00/56 55 30 50
E-post: postmottak@kvam.kommune.no /
torsve@kvam.kommune.no

Tilsette i barneverntenesta:

May Lysen Stenberg: Merkantil
Torill Svendsen: Barnevernsleiar
Kjersti Kloløck: Barnevernkonsulent / Stedfortredar
Ingelin Karlsøen: Barnevernkonsulent
Inger Dysvik: Barnevernkonsulent /fosterheimsansvarleg
Torunn Litlebø: Barnevernkonsulent
Mari Arnesen: Barnevernkonsulent
Birte Brakestad: Barnevernkonsulent
Kari Tveitarås: Vikar for barnevernkonsulent
Ingunn Mo: Avdelingsleiar EMF
Ingvill Nygård: Miljøarbeider


Epost: torsve@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.kvam.no



Legevakt 116117


ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no