Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Barnevern

Utskriftsvenleg side Lagt ut 13. oktober 2016 kl. 16:33 av Torill Svendsen
1. Tenestedefinisjon for serviceerklæringa.

Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og ungdom som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg i rett tid.
Dersom det ikkje er mogleg å avhjelpe barnet sine behov eller endre forholda i heimen ved hjelpetiltak, kan barnevernstenesta, med eller utan samtykke frå foreldre, flytte barnet ut av heimen. Barn som ikkje kan bu heime skal fortrinnsvis få bu i fosterheim. Institusjonstiltak kan vere aktuelt der det vert vurdert som det beste alternativet for barnet/ungdomen.


2. Kven omfattar barnevernstenesta

Barnevernstenesta skal sette i verk tiltak overfor barn/ungdom under 18 år som oppheld seg i Kvam der barna/ungdomen
- av ulike årsaker ikkje får den oppfølginga og omsorga dei treng i heimen sin og at det kan skada deira helse og utvikling,
- er sjuke, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande og ikkje får behandling eller opplæring,
- blir utsett for vold eller seksuelle overgrep.

Barnevernstenesta skal søke å avdekke omsorgssvikt, åtferds-, sosiale og emosjonelle problem, og sette i verk tiltak i forhold til dette, så tidleg at barn unngår å få varige problem.

Ungdom mellom 18-23 år kan, dersom han/ho samtykkjer til det, og tiltaket er iverksett før han/ho fylte 18 år, fortsatt ha tiltak frå barnevernstenesta.


3. Korleis kome i kontakt med barnevernstenesta

Melding til barnevernstenesta kan formidlast skriftleg eller munnleg. Melding kan gjevast av familien, barnet sjølv eller andre privatpersonar. Offentleg tilsette har plikt til, og utan hinder av teieplikt, å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling. Offentleg tilsette skal levere ei skriftleg melding, og om mogleg (unntak ved vold og overgrep) informere føresette om meldinga til barnevernet.


4. Kva omfattar barnevernstenesta

Ei melding til barnevernstenesta vert gjennomgått innan 1 veke. Det skal konkluderast anten med at meldinga vert lagt bort eller at forholda rundt barnet skal undersøkjast nærare.

Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månader. Det vert innhenta opplysningar om barnet, familien og miljø, men skal ikkje gjerast meir omfattande enn alvoret i saka tilseier. Det skal leggjast vekt på å hindra at kunnskap om undersøkinga vert spreidd unødig.

Undersøkinga kan føra til henlegging av saka eller til vedtak om tiltak, herunder hjelpetiltak eller flyttetiltak. Eit flyttetiltak skal kun setjast i verk dersom det ikkje kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak. Barnevernet skal legge avgjerande vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Herunder skal det legges vekt på å gi barnet stabil og god voksenkontakt og kontinuitet i omsorgen.

Barnevernstenesta kan sette i verk ulike typer hjelpetiltak. Hjelpetiltak inneber at foreldre har samtykka til tiltak. Døme på hjelpetiltak er familieveiledning, avlastning- eller støttetiltak, familieråd, barnehageplass, leksehjelp, miljøarbeid i heimen osv.

Dersom barnvernstenesta fremmer sak om å overta omsorgen for eit barn overfor fylkesnemnda vil foreldra, barn og 15 år og barnevernet la seg representera av kvar sin advokat.

Fylkesnemnda gjer vedtak om kven som skal ha omsorg for barnet framover, foreldra eller barnevernet. Dersom barnevernet overtar omsorga, skal fylkesnemnda avgjere kvar barnet skal bu og kor mykje samvær barnet skal ha med foreldra og evt. søsken.
Fylkesnemda skal også avgjere om ungdom skal opphalde seg på institusjon for behandling og hjelp.

Dersom barn er utan omsorg eller det er fare for at barnet kan bli vesentleg skadelidande ved å bli verande i heimen, kan barnevernet gjera mellombels hastevedtak om å flytta barnet ut av heimen. Slikt vedtak skal innan 48 timar godkjennast eller opphevast av leiaren i fylkesnemnda.

Barnevernstenesta har ansvar for at det vert ført tilsyn med barn som bur i fosterheim og at fosterforeldre får rettleiing. Barnevernstenesta skal følgje nøye med i utviklinga til barnet og syta for at det får den omsorg og behandling som er nødvendig.
Barnevernstenesta skal bidra til at det vert tilrettelagd trygge og gode samvær mellom barnet og foreldra, og eventuelt søsken. Barnevernstenesta har vidare eit ansvar for å følgje utviklinga til foreldra, som skal få tilbod om rettleiing og oppfølging. Fylkesnemnda skal oppheve eit vedtak om omsorgsovertaking når det vurderast sannsynleg at foreldrene kan gi barnet forsvarleg omsorg, dersom dette ikkje fører til alvorlege problem for barnet.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

- Å bli møtt med respekt.
- Å bli sett, høyrt, støtta og verdsett.
- Å bli involvert og får medverknad i avgjerder.
- Å få hjelp på ein føreseieleg måte.
- Å bli møtt med ein heilskapeleg tankegang.
- At reglane om teieplikt vert overheld.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tiltak som barnevernet sett i verk vert dekka av det offentlege.

Når barnet vert plassert utanfor heimen i fosterheim eller institusjon, kan foreldre bli pålagt barnebidrag i samsvar med bidragsfuten sine vanlege retningsliner.


7. Heimelsgrunnlag for barnevernstenesta

Lov om barneverntjenester
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
Lov om barn og foreldre § 43 a.


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med barnevernleiar eller Fylkesmannen i Hordaland.


9. Klage

Vedtak om tiltak frå barnevernet eller avgjersle tatt av fylkesnemnda kan klagast inn for ny prøving, jfr. fvl. § 28.
Klage på vedtak frå barnevernstenesta skal sendast vidare til fylkesmannen dersom tenesta ikkje omgjer vedtaket etter å ha mottatt klagen.
Finn du grunn til å klage på vedtaket frå fylkesnemnda, ta kontakt med advokaten din. Klage på vedtak gjort av fylkesnemnda vert handsama og avgjort av Heradsretten. Deretter er det vidare høve til å prøve saka inn for Lagmannsretten og Høgsterett.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Opningstid er måndag - fredag kl. 9.00 - 15.00.

For samtale kan du henvenda deg på telefon eller ved å henvenda deg direkte resepsjonen på rådhuset eller barnevernstenesta for nærare avtale med leiar eller barnevernkonsulent.

Postadresse: Barnevernstenesta i Kvam, Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefon: 56 55 30 00/56 55 30 50
E-post: postmottak@kvam.kommune.no /
torsve@kvam.kommune.no

Tilsette i barneverntenesta:
May Lysen Stenberg: Merkantil
Torill Svendsen: Barnevernsleiar
Kjersti Kloløck: Barnevernkonsulent / Stedfortredar
Ingelin Karlsøen: Barnevernkonsulent
Inger Dysvik: Barnevernkonsulent /fosterheimsansvarleg
Torunn Litlebø: Barnevernkonsulent
Mari Arnesen: Barnevernkonsulent
Birte Brakestad: Barnevernkonsulent
Kari Tveitarås: Vikar for barnevernkonsulent
Ingunn Mo: Avdelingsleiar EMF
Ingvill Nygård: Miljøarbeider



Epost: torill.svendsen@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.kvam.no



Legevakt 116117


ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no