Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Rehabiliteringsopphald

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:58 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr. 24123)

Rehabilitering er eit samordna tilbod av dei tenester du treng dersom du er ramma av alvorleg sjukdom eller skade.


2. Kven får tenesta

Rehabiliteringsopphald er eit tilbod til vaksne (18+).
Rehabiliteringsarbeidet skal vera eit målretta arbeid for å betra livskvaliteten hos brukaren ved å samordna tilbod og støttefunksjonar.
Mottakarar av rehabilitering i Kvam skal få rett hjelp til rett tid av personell med rett kompetanse.
I rehabiliteringsprosessen er DU hovudpersonen, og din innsats er avgjerande for korleis du skal fungera i din nye kvardag.
Me vil samarbeide og støtta deg i din eigeninnsats for å nå flest mogleg av dine mål, slik at du kan halda fram med å bu i eigen bustad.


3. Korleis få tenesta
Søknad om opphald ved avdelinga må koma frå legen din.
Eit tverrfagleg team vil vurdera søknaden din.
Tildeling av plass skjer etter fagleg vurdering av behov i inntaksmøte som vert halde kvar veke.
Du vil snarast og seinast innan 14 dagar få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram:

- Om du har fått plass straks
- Om du står på venteliste
- Om søknaden er avslått. Det er høve til å søkje på nytt dersom situasjonen endrar seg.


Søknad kan også koma frå sjukehus etter sjukehusopphald.



4. Kva omfattar tenesta

Omsorg og tverrfagleg kompetanse heile døgnet.
Me vil møta deg med:

- Fagleg vurdering av dine individuelle behov .
- Ein tenkjemåte som set deg og din situasjon i sentrum.
- Ei tverrfagleg vurdering av hjelpebehov frå:

* Avdelingsleiar
* Lege
* Sjukepleiar
* Ergoterapeut
* Fysioterapeut



Eit nært samarbeide med Kvam Hjelpemiddellager
Godt utstyrt treningslokale
Einerom med bad/ toalett og felles stove/ kjøkken






5. Kva kan eg forvente av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si .
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Eigenbetaling etter faste statlege satsar. Kr 142.- pr døgn pr 1.1.2014.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 c
Forvaltningslova
Rehabiliteringsplan for Kvam herad, HST – sak 69/00, som byggjer på Stortingsmelding 21.


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa har krav på etter vedtaket, kan du ta kontakt med avdelingsleiar på Rehabiliteringsavdelinga.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i vedtaket eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med leiar for tenesta, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen
Dersom avdelingsleiar ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta eller helsepersonellet som utfører tenesta, vert klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon

Du kan finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.kommune.no


11. Praktiske opplysningar

Rehabiliteringsavdelinga er ein del av Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling lokalisert på Toloheimen, tlf. 56 55 86 20
Leiar i avdelinga er å treffa på tlf.56 55 86 06/ 97 42 32 86.
Hjelpemiddellageret tlf. 56 55 69 11 ( mandag-onsdag-fredag 9-12 ) eller mobil 99 54 88 51.
Eining helse og omsorg: Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 09.00 – 15.00
Telefonnummer 56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no
Helse- og omsorgssjef, tlf. 56 55 30 93
Pleie og omsorgsleiar, tlf. 56 55 86 00/ 8602, 90 68 10 38
Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56

Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no