Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Transportordning for funksjonshemma

Utskriftsvenleg side Lagt ut 18. januar 2013 kl. 18:13 av Helga Sørhus
1. Tenestedefinisjon (tenestenr. 23420)
  • Transportordninga gir funksjonshemma høve til å nytta drosje til redusert pris, hovudsakleg til fritidsreiser, men i nokre høve også til arbeidsreiser.
    Transportordninga er ei Fylkeskommunal ordning som vert administrert av Kvam Herad.


    2. Kven får tenesta
  • Personar som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming er ute av stand til, eller har store vanskar med, å nytta vanleg rutegåande transport.
  • Ordninga kan berre unntaksvis nyttast av personar med plass i institusjon eller av personar som har fått stønad gjennom Folketrygda til kjøp av bil.


    3. Korleis få tenesta
  • Send søknad om ”Transportordning for funksjonshemma” til Kvam herad (skjema får du på rådhuset)
  • Legeerklæring på fastsett skjema skal fylgja søknaden. (legen har skjemaet, - eller du kan få det på rådhuset)
  • Du vil først få ei skriftleg melding om at søknaden er motteken og vert sendt vidare til legenemnda v/ Samferdselsetaten i Fylkeskommunen for avgjerd.
    På grunn av at talet på brukarar av ordninga til ei kvar tid er avgrensa til 3,4% av folketalet i Kvam (pr. 01.01.09 utgjer det 283 brukarar), kan det henda du må stå på venteliste ei tid sjølv om du er godkjend som brukar.
  • Når det er ledig plass for deg i Transportordninga, vil du få tilsendt vedtak der det går fram at søknaden er innvilga. Du må då senda inn passfoto, og får deretter tilsendt eit verdikort med fasatsett sum pr. halvår. Det vert sett inn ny sum på kortet kvart halvår. - Når du skal betala for drosjeturen, registrerer drosjesjåføren reisa på kortet ditt, og du betalar sjølv eigenandelen for turen.
    - Dersom søknaden er avslått, vil du få brev om dette frå Samferdslekontoret i Fylkeskommunen. Det er høve til å søkja på nytt, dersom situasjonen endrar seg.


    4. Kva omfattar tenesta
  • Høve til å nytta drosje, tilsvarande summen på verdikortet.
  • Verdikortet kan du nytta til fleire korte drosjeturar eller færre lengre turar.
  • Brukarløyve til Transportordninga vert innvilga for 4 eller 2 år om gongen. Brukarar over 80 år får livsvarig godkjenning.


    5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
  • At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
  • At dei held teieplikta si
  • At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


    6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
  • Eigenbetaling tilsvarande minst 15% av det drosjeturen kostar.


    7. Heimelsgrunnlag for tenesta
  • Stortingsmelding nr. 92 (1984-85)
  • Vedtak 406/00 i Fylkesutvalet i Hordaland
  • Forvaltningslova


    8. Når ting ikkje fungerer
  • Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, kan du melda frå til Einingsleiar for helse- og velferd.


    9. Klage
  • Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta, ta kontakt med Samferdslekontoret i Fylkeskommunen eller sakshandsamar på Kvam Rådhus.
  • Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
  • Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
  • Klagen skal sendast til Samferdselsseksjonen i Hordaland Fylkeskommune der Klagenemnda fattar endeleg vedtak i saka.


    10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
  • ”TT-HANDBOK” – transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Utgitt av Hordaland Fylkeskommune 01.03.2009.
  • www.kvam.kommune.no


    11. Praktiske opplysningar
  • Sakshandsamar held til på rådhuset.
  • Opningstid er måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.
  • Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
  • Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01
  • E-post: postmottak@kvam.kommune.no


    Epost: helga.sorhus@kvam.kommune.no




  • ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

    ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


    FACEBOOK  Facebook

    Godkjent HTML 4.01 Transitional
    Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no