Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Svangerskapsomsorg ved jordmor

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. oktober 2013 kl. 13:58 av Torill B. Høyland
1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)

Svangerskapsomsorg er eit tilbod der lege og jordmor gjennomfører kontroll og tilsyn for å medverka til at svangerskap og fødsel vert gjennomført på ein trygg måte for mor og barn.
Sikre mor si somatiske og psykiske helse og hennar sosiale velvære blir best mogeleg ivareteke.


2. Kven får tenesta

Tilbod til alle gravide i Kvam herad.


3. Korleis få tenesta

Ved å ta kontakt med fastlege, som tilviser til jordmor
Ved å ta kontakt direkte med jordmor, som har faste dagar ved helsestasjonen i Norheimsund.


4.Kva omfattar tenesta

Svangerskapskontroll av gravide etter fastsett skjema.
Svangerskapskurs, i hovudsak til 1. gongs- gravide.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Tenesta er gratis


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om helsepersonell .Pasientrettighetslova
Helse-og omsorgslova med merknader og forskrifter.
NOU 1984:17 Perinatal omsorg i Norge- helseombud blant svangre og fødande Kvinner samt nyfødde barn.
Rundskriv IK-nr.22/95. jordmortenesta- obligatorisk delteneste i Kommunehelsetenesta.
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiande helsesøster.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med leiande helsesøster, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom leiande helsesøster ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller helsepersonellet som utfører tenesta vert klagen sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland, for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:.

Brosjyrar får du på legesentra og hjå jordmor.

11. Praktiske opplysningar

Jordmor er å treffa ved:


Norheimsund helsestasjon, kvar mandag, torsdag og annakvar tirsdag. Tlf.56 55 34 63.
Mob. 99 15 90 83



Ajourholdt 11.02.2013, Leiande Helsesøster.

Epost: torill.hoyland@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no