Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Støttekontakt

Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. februar 2014 kl. 09:43 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 23420)

Støttekontakt er ei teneste som skal gi hjelp til meiningsfull fritid, sosialt samvær og vennskapleg rådgjeving og hjelp.


2. Kven får tenesta

Personar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller av andre årsaker.
Både born, vaksne og eldre.


3. Korleis få tenesta

Send skriftleg søknad til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg, der du skriv litt om årsak til at du ynskjer støttekontakt og kva du ynskjer å nytta denne til. Søknadsskjema er å finne på Kvam herad si heimeside. Du kan få tilsendt skjema ved å kontakte forvaltarkontoret, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på Rådhuset.
Det kan ta inntil 3 veker før søknaden din vert handsama.
Dersom tenesta ikkje kjenner tilstrekkeleg til situasjonen din frå før, vil me etter avtale med deg kontakta andre i hjelpeapparatet som kjenner til situasjonen din og be om uttale vedkomande behov for støttekontakt-teneste.
Du vil få eit skriftleg vedtak. Av vedtaket går det fram:

- Om søknaden er innvilga.
- Om søknaden er avslått.
Det er høve til å søkja på nytt dersom behovet endrar seg

Dersom du vert innvilga støttekontakt, vil sakshandsamar finne ein person til oppgåva.
Dette vert gjort i samråd med deg, slik at det vert ein person du kan samarbeida med.
Tidspunkt for iversetjing vert avklara med deg og aktuell støttekontakt.


4. Kva omfattar tenesta

Delta på aktivitetar eller andre ting du ynskjer å gjera saman med støttekontakten.
Tilbod om tilrettelagde aktivitetar, der støttekontakten samarbeider med fritidsleiar på kulturkontoret.
Samvær vanlegvis 1 gong pr. veke.
Antal timar vert fastsett ut frå ei individuell vurdering av din situajson, men tenesta har fylgjande rettleiande norm:
Born og ungdom: Inntil 5 timar pr. veke
Vaksne som bur åleine: Inntil 4 timar pr. veke.
Vaksne i bufellesskap: Inntil 2 timar pr. veke
Støttekontakten skal ha rettleiing 1 time pr. månad.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


6. Pris

Tenesta er gratis.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr.6 b
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du ikkje er nøgd med det tilbodet du får, kan du melda frå til sakshandsamar eller forvaltarkontoret.
Dersom du ikkje er nøgd med det arbeidet støttekontakten gjer, kan du kontakta sakshandsamar og leggja fram saka der og be om annan støttekontakt.


9. Klage

Dersom du vil klage på vedtaket, ta kontakt med forvaltarkontoret.
Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom Kvam herad ikkje imøtekjem klagen, vert den sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Brosjyren "Å vera støttekontakt".
www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56
Helse og omsorgsjef : 56 55 30 00/3093/ 90 59 85 79
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Denne serviceerklæringa er ajourført 27.02.2014

Epost: aabb@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no