Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Sals- og skjenkekontrollen

Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. juni 2014 kl. 12:11 av Bjørnar Dagstad
1. Tenestedefinisjon (tenestenr. 23310)

Sals- og skjenkekontrollen har som hovudoppgåve å drive kontroll med utøving av sals- og skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i dei kommunane som er tilslutta ordninga. Kontrollen gjeld også einskildløyve, jf. Alkohollova § 1-6, 3. ledd og ambulerande løyve jf. § 4-5.
Sjå elles kap. 4 om kva tenesta omfattar.
Kvam har samarbeid med følgjande kommunar om sals- og skjenkekontroll: Eidfjord, Fusa, Granvin, Jondal, Odda, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss.
Kvam herad er administrativt og økonomisk ansvarleg for tenesta.


2. Kven får tenesta:

Sals- og skjenkestader med salsløyve for øl / skjenkestader med skjenkeløyve for øl, vin og brennevin.
Kommunar som er tilslutta ordninga.


3. Korleis få tenesta:

Alle sals- og skjenkestader er ved lov underlagt kontroll. Løyvekommunen gjev melding om løyve med løyvevilkår til Sals- og skjenkekontrollen, som på eige initiativ set i verk kontroll med løyvet.
Alle nye løyvehavarar kan få veiledning frå sals- og skjenkekontrollen om dei ynskjer/har behov for det.
Medlemskommunane og løyvehavarane kan kontakte Sals- og skjenkekontrollen med spørsmål som gjeld alkohollova og serveringslova.


4. Kva omfattar tenesta:

Hovudoppgåve:

Kontroll med sals- og skjenkeløyve, jf. pkt. 1. Kvar sals- og skjenkestad skal ha minimum 1 kontroll pr. år, medan det i kvar kommune skal gjennomførast samla tal sals- og skenkeløyve x 3. Elles kontroll etter behov. Større skjenkestader vil få fleire kontrollar enn minstekravet.

Tilleggsoppgåver:
Sakshandsaming av alle søknader om sals- eller skjenkeløyve.
Sakshandsaming av søknader om serveringsløyve.
Rettleiing overfor kommunar (løyvemynde) og sals- og skjenkestader i spørsmål som gjeld t.d. søknad om løyve, sakshandsaming og avgifter for sal og skjenking.
Den einskilde løyvekommune er ansvarleg for tolking og praktisering av alkohollova i kommunen. Ved tvil, må Sals- og skjenkekontrollen ta naudsynte atterhald eller avklare spørsmålet med løyvekommunen.
Kurs og opplæring etter oppdrag frå medlemskommunane eller verksemdene.
Rettleiing i spørsmål som gjeld serveringslova.
Utarbeiding av rutinar for sakshandsaming og utarbeiding av søknadsskjema og andre skjema.
Gjennomføring av kunnskapsprøvar etter alkohollova og etablerarprøvar etter serveringslova.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette:

Sals- og skjenkekontrollen har ansvar for at alle kontrollørar som vert nytta, har naudsynt opplæring og kvalifikasjonar.
Sals- og skjenkekontrollen legg til grunn at samarbeid med kontrollstadane/kommunane og gjensidig utveksling av informasjon er det beste grunnlaget for å nå føremålet i alkohollova.
Kontrollørane skal ved avslutta kontroll legitimere seg (der det er naudsynt) og fylle ut kontrollskjema saman med representant frå sals- eller skjenkestaden. Kontrollørane skal elles ved høvisk framferd søkje å skipa eit best mogleg samarbeid mellom kontrollstaden og kontrolltenesta.
Kontrollar kan skje ope (t.d. ved førehandsvarsling) eller skjult – hovudregel (utan førehandsvarsel, i nokre høve med særskild innleigde/ukjente kontrollørar).
Ved konstatering av brot på sals- og skjenkereglane, skal Sals- og skjenkekontrollen snarast sende tilleggsrapport til løyvekommunen, som innan 1 veke frå kontrolldato skal vidaresende denne til vedk. verksemd med opplysning om at verksemda har ein frist på 2 veker til å kome med sine merknader til tilleggsrapporten.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar:

Den einskilde kommune har ansvaret for kontroll av løyve i eigen kommune, men betalar til Kvam herad for deltaking i sams kontrollordning etter ein avtalefesta fordelingsnøkkel.
Sals- og skjenkestaden betalar for kontrollen gjennom løyvekommunen si årlege innkrevjing av sals- og skjenkeavgifter etter eigen forskrift med heimel i alkohollova § 7-1.
Andre tenester – sjå kap. 4 – er, utan at anna er avtalt, utan kostnad for løyvehavar, med eitt unntak:
Gebyr for avlegging av kunnskapsprøve jf. alkohollova og etablerarprøve jf. serveringslova etter eigne forskrifter – p.t. kr. 300,- for kunnskapsprøvar og kr. 400,- for etablerarprøvar (pr. forsøk).


7. Heimelsgrunnlag for tenesta:

Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. § 1-9.
Forskrift av 11. des. 1997 nr. 1292 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. kap. 10: Kommunale kontrollutvalg, gjeven med heimel i alkohollova § 1-9.
Forvaltningslova
Offentleghetslova


8. Når ting ikkje fungerer:

Dersom du opplever å ikkje få den tenesta du har forventa eller dersom du har synspunkt på tenesta, ta kontakt med oppdragsgjevar for kontrollordninga, som er løyvekommunen din. Du kan også ta direkte kontakt med Sals- og skjenkekontrollen – sjå kap. 10: praktiske opplysningar.
Dersom tenesta har alvorlege manglar eller vert utført på eit vis som har alvorlege følgjer for deg eller verksemda, kan du klage – sjå pkt. 9.


9. Klage:

Klage i løyvesak vert å sende til løyvekommunen. Frist for klage: 3 veker etter at parten er gjort kjent med vedtaket.
Klage som gjeld arbeid utført av Sals- og skjenkekontrollen skal sendast til løyvekommunen. Klagen vert så sendt vidare til Kvam herad som er formelt ansvarleg for kontrollordninga.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Det vert arbeidd med å leggje ut informasjon frå Sals- og skjenkekontrollen på nettsida: www.skjenkekontrollen.com


11. Praktiske opplysningar:
Kontor: Kvam rådhus
Postadresse: Kvam herad v/eining for alkohol og servering, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
Telefon Kvam herad: 56 55 30 00. fax 56 55 30 01
Leiar for skjenkekontrollen: Nils Heradstveit.
Rågjevar: Bjørnar Dagstad
E-post: postmottak@kvam.kommune.no eller skjenkekontrollen@kvam.kommune.no


Kontaktpersonar i den einskilde kommune:

Kommune/heradSakshandsamarHovudtlf. dir. innval sakshands.
EidfjordBrynjulf Mugaas53 67 35 0553 67 35 00
FusaGunn Sissel Teigen56 58 01 0056 58 01 19
GranvinHalvard Bjørgo56 52 40 2156 52 40 01
JondalElse Oppedal53 66 95 0053 66 95 06
KvamNils Heradstveit900 69 00156 55 30 89
OddaBergey Oladottir53 65 40 0046 78 50 67
SamnangerMarianne Soleng 56 58 74 07Via hovudsentral
UllensvangTorbjørn Reisæter53 67 15 0053 67 15 01
UlvikHarald Johnsen56 52 70 0040 00 71 51
VaksdalTove Birkeland Folgerø53 04 56 74
VossJan Austrheim56 51 94 0056 51 96 51


Epost: bjodag@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.skjenkekontrollen.com




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no