Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Hjelp til rusmiddelavhengige

Utskriftsvenleg side Lagt ut 18. januar 2013 kl. 18:25 av Helga Sørhus
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 24300)

Hjelp til å koma bort frå misbruk av rusmidlar.


2. Kven får tenesta

Alle som oppheld seg i Kvam, som har behov for, og som ynskjer å arbeida med rusproblema sine.


3. Korleis få tenesta

Ta kontakt med NAV-kontoret og be om timeavtale for samtale med ein kontaktperson for å leggja fram situasjonen din.
Du vil verta innkalla til samtale så snart som råd, seinast innan 3 veker.
Dersom søknaden inneber spørsmål om økonomisk yting, vil du få eit vedtak. Av vedtaket går det fram:

Om søknaden er innvilga.
Om søknaden er avslått.

Det er høve til å søkja på nytt dersom situasjonen endrar seg.
Deretter vert det inngått avtale mellom deg og NAV-kontoret om kva hjelp du kan få og korleis vi kan samarbeida om dette.


4. Kva omfattar tenesta

Ei kartlegging av det i livssituasjonen din som er viktig i saka.
Råd og rettleiing om korleis du kan koma deg ut av den vanskelege situasjonen.
Behandlingsopplegg i heimemiljøet som til dømes kan vera oppfylgjing frå ruskonsulent, miljøarbeidar, lege, psykiatrisk sjukepleiar, støttekontakt, arbeidsgjevar.
Hjelp til å ta kontakt med andre i det offentlege hjelpeapparatet dersom du treng det.
Hjelp til å skaffa bustad.(jfr. Serviceerklæring om bustad til vanskelegstilte)
Hjelp til arbeid / aktivisering
Hjelp til treningskontakt/ støttekontakt (jfr. Serviceerklæring om støttekontakt)
Hjelp til å søkja plass i behandlingsinstitusjon.
Oppfylgjing frå kontaktperson i NAV under behandling i institusjonen.
Oppfylgjing frå kontaktperson i NAV etter at behandling i institusjonen er avslutta.
Rettleiing til pårørande
Tvangsinnlegging i institusjon i inntil 3 månader for undersøkjing og tilrettelegging av behandling. Vedtak om dette skal gjerast av Fylkesnemnda for Sosiale Saker i Hordaland, etter framlegg frå NAV Kvam.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast


6. Pris

Tenesta elles er gratis.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §§ 3-1, 3-2, 10.
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, bør du melda frå til leiar av NAV Kvam.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar av NAV Kvam.
Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom NAV-kontoret ikkje imøtekjem klagen, vert den sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Brosjyren "Når du vil ut av rusmiddelmisbruken".
www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

NAV-kontoret ligg i Tingbakken i Norheimsund, 1. etg.
Opningstid er måndag,tirsdag,onsdag, fredag kl. 9.00-15.00.
torsdag.......................kl.11.00 - 15.00
Adresse: Sandvenvegen 3, 5600 Norheimsund
Postboks 93, 5601 Norheimsund
Telefon: 53 04 48 73 Telefaks: 53 04 48 45
E-post: postmottak@kvam.kommune.no


Epost: helga.sorhus@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no