

|
Sundag 19.05.2013:
14:00 Delvis open bowlinghall..
Ring Helge på 41163274 viss du vil bowle mellom kl 14 og 18 i dag. Vêret er for fint til å sitje på vakt i hallen og vente på gjester som kanskje ikkje kjem..
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles



20:00 Star Trek..
Den banebrytende regissøren J.J. Abrams gir deg sommeren 2013 en eksplosiv actionthriller som bygger videre på Star Trek-universet.
Når mannskapet på Enterprise kalles tilbake hjem, oppdager de at
|  | Måndag 20.05.2013:
11:00 Friluftsgudsteneste på skuleplassen på Fykse ..
S.pr. Lars Arne Vik. Øystese sundagsskule. Mannskoret Laudamus og Heims musikklag tek del. Offer til 1.Sjøspeidargruppe..
11:00 Sundagsskuleavslutning på Fykse skule..
Me deltar på friluftsgudstenesta på skuleplassen på Fykse, og grillar etterpå!.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|  | Tysdag 21.05.2013:
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Ålvik..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Bustad- og husbanksaker
|
Lagt ut 4. januar 2012 kl. 16:20 av Helga Sørhus
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon ( tenestenr. 31030)
a) Kommunal godkjenning av private byggjeprosjekt der det vert søkt lån i Husbanken.
Søknad om lån /kvalitetstilskot til oppføring av bustad med livsløpstandard Avgjerd: Husbanken
b) Forvaltning av Husbanken sine ordningar til fordeling i Kvam
* Søknad om lån til omfattande utbetring av bustad. Avgjerd: Husbanken
* Søknad om utbetringstilskot/utbetringslån, mindre utbetring (skjema K-blankett 321N) Avgjerd: Kvam herad
* Søknad om Startlån og/eller etableringstilskott. Dette er ordningar som skal bidra til at husstandar som har vanskar med å skaffa seg eigen bustad skal få høve til å etablera seg og bli buande i nøkterne og gode bustader. Kan nyttast til kjøp, bygging, refinansiering og utbetring
Skjema HB 7.S.13 Avgjerd: Kvam Herad
* Søknad om bustønad
Skjema HB 9.S.01N. Avgjerd: Husbanken
2. Kven får tenesta
Punkt a: Husbyggjarar som søkjer lån i Husbanken Punkt b: Alle som bur i Kvam. Ordningane er økonomisk behovsprøvde, dvs. er retta mot husstandar med svak økonomi. Frå 1. juli 2009 er det vedtatt at alle personar over 18 år som er folkeregistrert i Noreg, kan søkja om bustønad, også studentar med born. Bustønad skal ikkje kunne gjevast til studentar utan born og militære/sivilt tenestepliktige. Studentar kan likevel søkja når dei deltek som eit ledd i arbeidskvalifisering.
Finansieringskravet skal fjernast for alle bustader. Det vil sei at det ikkje er krav til at bustaden har finansiering frå Husbanken eller Innovasjon Norge for nokre grupper. Elles skal bustaden vere godkjent for bruk heile året og vere ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og ha funksjonalitet for kvile og matlaging i tillegg til eige toalett/bad.
3. Korleis få tenesta
Punkt a) Skriftleg søknad på fastsett skjema til Kvam herad Søknadsskjema kan ein få på Rådhuset, NAV-kontoret eller på Husbanken si internettside husbanken.no. Punkt b) Send skriftleg søknad på fastsett skjema til Kvam herad, eller ta kontakt og be om timeavtale med sakshandsamar: * startlån: Helene Hushagen * tilskott/ lån til etablering og tilpassing av bustad: Mari Jervell Du vil få timeavtale i løpet av 1-3 veker Søknader som skal avgjerast av kommunen vert handsama så snart som råd. Søknader som skal avgjerast av Husbanken har 1 mnd. sakshandsamingstid der + den tida det tek for kommunen å innhenta nødvendig informasjon / dokumentasjon i saka. Du får skriftleg vedtak. Bustønad vert utbetalt 1 gong pr. månad. Søknadsfrist er den 14. i kvar månad.
4. Kva omfattar tenesta
Hjelp til utfylling av søknadsskjema Sakshandsaming i dei saker der kommunen har avgjerdsmynde Vidaresending til Husbanken i saker der Husbanken har avgjerdsmynde
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Tenesta er gratis.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Husbanken sine reglar og retningsliner. Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, jfr.pkt.b, kan du ta det opp med leiar av NAV Kvam eller Einingsleiar for Helse og Velferd.
9. Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket under punkt b, ta kontakt med sakshandsamar. Klagen må vera skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skriva ned klagen. Dersom klagen ikkje vert imøtekommen, vert den sendt vidare til Klagenemnda i kommunen for vurdering der.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon
Brosjyre "Lån til kjøp av bustad" Brosjyre "Lån til utbetring" Brosjyre "Etableringslån" Brosjyren "Bustønad" www.husbanken.no www.kvam.kommune.no
11. Praktiske opplysningar
Saker som gjeld bustønad og startlån: vend det til kontor i Rådhuset. Opningstid er måndag - fredag kl. 9.00 – 15.00. Adresse: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Telefon: 56 55 30 00 Telefax: 56 55 30 01 E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Saker som gjeld utbetringslån/ tilskot og etableringstilskot: vend det til NAV-kontoret i Tingbakken i Norheimsund, 1.etg. Adresse: Sandvenvegen 3, 5600 Norheimsund Postboks 83 5601 Norheimsund Telefon: 53 04 48 65 / 53 04 48 73 Telefax: 53 04 48 45
Epost: helga.sorhus@kvam.kommune.no
Heimeside: http://www.husbanken.no
|
|
|
|  |

|