

|
Laurdag 25.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
10:00 Open dag med loppemarknad..
Storeteigen venelag og Bygdagnist inviterer alle til open dag på Storeteigen med stor loppemarknad og ulike aktivitetar og kulturinnslag på tunet.
Program:
Kl 10: Marknaden opnar
Kl 18: Marknaden
11:00 Inggard Rosseland - grafikaren..
Galleri Puls viser ei utstilling med Inggard Rosseland
sin kunst.
Den nye boka om Inggard Rosseland skriven av Reidar Storaas er til sals i galleriet.
Inggard Rosseland kom opphavleg frå Aksnes
13:00 Symjing for alle..
Frå måndag 15. oktober 2012 vart det innført betaling for badande:
Born: Einskildbillett kr 25,- / sesongkort kr 200,-
Vaksne: Einskildbillett kr 50,- / sesongkort kr 400,-
Ein betalar ikkje kont
14:00 Kakaokonsert..
Kakaokonsertane i Kabuso er familievenlege arrangement med avslappa og hyggjeleg stemning.
Elevar frå ulike kulturskular presenterer eit variert program, og i kaféen er det høve til å nyta herleg k
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
ØIL-barnedisco..
Roger Vassnes.
|  | Sundag 26.05.2013:
11:00 Klubbmeisterskap - årsmøte..
Klubbmeisterskap og årsmøte. Klubbmeisterskapet går over 6 seriar.
.
11:00 Friluftsgudsteneste på Åse i Strandebarm..
S.pr. Lars Arne Vik. Offer til KRIK. Kyrkjeskyss: Tlf. 905 82 552.
14:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
19:00 Kveldsgudsteneste i Øystese kyrkje..
S.pr. Lars Arne Vik. Song av Norheimsund og Øystese ungdomskor. Nattverd. Offer til ungdomskoret..
19:00 BRANN - Sarpsborg..
Kl 19. Seriekamp.



20:00 Fast & Furious 6..
Dom, Brian og Hobbs og resten av Fast & Furious-gjengen er tibake i Fast & Furious 6 - den mest actionfylte av alle filmene i serien hittil. Denne gangen må de samle teamet sitt i London for å bekjemp
|  | Måndag 27.05.2013:
10:00 Kvam bibliotek - Norheimsund..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
12:00 Kvam bibliotek - Øystese..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
14:30 Vestlandsutstillinga 2013 - tegnNEARFAR..
I år syner utstillinga utvalde bidrag med tema
kor ein er.
Kurator: Kjetil Berge
Kunstnarar:
Thora Dolven Balke - Daniel Bell - Merete Christensen - Vania Cunha - Al Greenall - Anders Kjelles
15:00 Kvam bibliotek - Strandebarm..
Kvam bibliotek har bøker, aviser, tidsskrift, teikneseriar, lydbøker, digitale spel, offentleg informasjon, kommunal informasjon, internett, trådlaust nettverk, lokalhistoriske kjelder, musikk og film
18:00 Open bowlinghall..
Opningstidene er sundag 14 - 21 og måndag til torsdag kl 18 - 21. Pensjonistbowling onsdag kl 11 - 13. I juni og juli vert det ope berre på bestilling.
.
|
|
Du er her: Startside / tenester /
Helsestasjon
|
Lagt ut 11. februar 2013 kl. 09:53 av Torill B. Høyland
|
|
|
|
1. Tenestedefinisjon(teneste nr. 23200)
Born frå 0-5 år og deira foreldre, får tilbod om helseteneste gjennom helsestasjonen, ved målretta helseundersøkingar, vaksinasjon, foreldre-rettleiing og helseopplysning.
2. Kven får tenesta
Helsestasjonen er eit tilbod til alle barnefamiliar med barn frå 0-5 år. Alle innbyggjarar har dessutan høve til å få reisevaksinasjon. Influensavaksine vert gjeve til personar i risikogruppe.
3. Korleis få tenesta
Helsestasjonen får melding om alle nyfødde frå fødeavdeling. Helsesøster tek så kontakt og tilbyr heimebesøk innan to veker etter fødselen. Nytilflytta tek sjølv kontakt med helsestasjonen.
4.Kva omfattar tenesta
Helsestasjonen er eit tilbod til alle barnefamiliar der dei vil få rettleiing av helsesøster, lege og eventuelt fysioterapeut. Me fylgjer barna si utvikling gjennom dei fyrste åra, og helsestasjonsprogrammet er slik:
Heimebesøk, innan 10 dager etter fødselen. Helsesøster avtalar då vidare konsultasjon. 6 vekers kontroll med helsesøster/lege. 3 mnd. kontroll med helsesøster/lege. 4 mnd. med helsesøster 5 mnd. med helsesøster 6 mnd. med helsesøster/lege. 7/8 mnd. med helsesøster 10 mnd. med helsesøster 12 mnd. med helsesøster/lege. 15 mnd. med helsesøster 18 mnd. med helsesøster 2,5 år, med helsesøster/lege. 4 år. med helsesøster 5 år med helsesøster/lege.
Fleire konsultasjonar ved behov. Legen tilviser til andre instansar ved behov. Helsestasjonen tilbyr vaksiner og tek opp tema som er aktuelle på ulike alderstrinn. I einskilde situasjonar tilbod om å vera med i grupper. Barnet må møta til avtalt time. Dersom dette ikkje let seg gjennomføra, må helsestasjonen få melding. Brukar som ikkje gir beskjed, må rekna med ventetid. Dersom det er ynskje om å snakke med helsesøster utanom avtalt tid, kontakt helsestasjonen.
5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte At dei held teieplikta si. At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
6. Pris / kostnad / tilskotsordningar
Tenesta er gratis. Unnatak er reisevaksine og influensavaksine, som brukar sjølv må betala.
7. Heimelsgrunnlag for tenesta
Helse-og omsorgstenestelova med merknader og forskrifter.Folkehelselova.Pasientrettighetslova og helsepersonell-lova Forvaltningslova
8. Når ting ikkje fungerar
Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med leiande helsesøster.
9. Klage
Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med leiande helsesøster, sjå punkt 11. Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen. Dersom leiande helsesøster ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller helsepersonellet som utfører tenesta vert klagen sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland, for endeleg avgjerd der.
10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:.
Informasjon/brosjyrar om diverse helsetema får du på helsestasjonen.
11. Praktiske opplysningar
Spørsmål kan rettast til din helsestasjon: Øystese helsestasjon v/ leiande helsesøster, Helsebanken, 5610 Øystese. Tlf. 56 55 38 59 Mob. 91711245 Faks 56 55 38 60 Norheimsund helsestasjon, Tingbakken, 5600 Norheimsund. tlf. 56 55 34 60 Mob.48279566 Strandebarm helsestasjon, 5630 Strandebarm, tlf. 56 55 69 34 Mob. 48279566 Ålvik helsestasjon, 5614 Ålvik. tlf. 56 55 71 70 Mob. 91711245 Ajourhelde 11.02.2013 av leiande helsesøster.
Epost: toho@kvam.kommune.no
|
|
|
|  |

|