Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Trygde- og omsorgsbustad

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. juli 2014 kl. 10:49 av Åslaug Bøhn Botnen
1. Tenestedefinisjon: (nr.:26200 drift og tilsyn av trygde og omsorgsbustader )

Helse og omsorgstenesta kan tilby leige av trygde- og omsorgsbustader for personar som har trong for tilrettelagt husvære grunna alder, funksjonshemming eller av andre årsaker


2. Kven får tenesta

Personar som grunna funksjonshemming har trong for tilrettelagt husvære


3. Korleis få tenesta

Søknad om leige av trygde- og omsorgsbustad skal rettast til avdeling Stab og forvaltning i helse og omsorg, (sjå pkt. 11.)
Søknadsskjema kan du få ved å kontakta forvaltarkontoret, pleie og omsorgsleiar eller fellessekretariatet på rådhuset. Evt. muntleg henvendelse til dei.
Sakshandsamar kjem på heimebesøk innan 14 dagar for å vurdera hjelpebehov ditt.
Du vil snarast og seinast innan 14 dager få tilsendt vedtak. Av vedtaket går det fram:

- Om du får tildelt trygde- og omsorgsbustad straks
- Om du står på venteliste
- Om søknaden er avslått. Det er høve til å søkja på nytt, om situasjonen endrar seg.






4. Kva omfattar tenesta

Utleige av husvære, særleg tilrettelagt for funksjonshemma:
Ålvik trygde- og omsorgsbustader (20 omsorgsbustader og ft.6 trygdebustader)
Øystese trygde- og omsorgsbustader (31 omsorgsbustader i bufellesskap på Mikkjelsflaten,10 trygdebustader og 19 bustader i bufelleskap for psykisk utviklingshemma
Omsorgsbustader i Strandheim a/s ( 8 husvære )og Merwyn (8)
Norheimsund trygde- og omsorgsbustader ( 32 omsorgsbustader i bufellesskap i Tolo omsorg, 5 omsorgsbustader ved Toloheimen, 24 trygdebustader ved Toloheimen og 4 bustader i bufellesskap for psykisk utviklingshemma ),
Tørvikbygd aldersbustadlag ( 9 husvære der Kvam herad har tildelingsansvar for 3 av husværa )
Strandebarm trygde- og omsorgsbustader (7 omsorgsbustader og 6 trygdebustader )


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Husleige etter kommunale satsar. Husleiga blir regulert 1.mai kvart år i samsvar med vedtak i Kvam heradstyre.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Pasient og brukarrettighetslova § 2-1 a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-7
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Dersom du opplever at du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med forvaltar-kontoret eller pleie og omsorgsleiar snarast, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i vedtaket, ta kontakt med forvaltarkontoret eller pleie og omsorgsleiar, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom helse og omsorgstenesta ikkje imøtekjem klagen vert den sendt vidare til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg avgjerd der.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Aktuelle brosjyrar kan du finna pi Fellesekretariatet, Rådhuset, Legekontor, Apoteket, i Pensjonist foreiningar og på Institusjonane til pleie og omsorg i Kvam herad.
Du kan og finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

Eining helse og omsorg: Rådhuset, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider kvardagar: 0900 – 1500.
Telefonnummer 56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Helse og omsorgsjef: 56 55 30 00/ 3093 / 90 59 85 79
Avdeling Stab og forvaltning :Toloheimen,Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund . 56 55 86 00/ 77 12 / 99 54 88 56
Pleie og omsorgsleiar: 56 55 86 00/8602 / 90 68 10 38

Epost: aaslaug.boehn.botnen@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann

ASBJØRN TOLO ORDFØRAR Asbjørn Tolo  ordførar


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no