Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | VAL | KVAM | PLAN | KOMMUNEPLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Fysioterapi på institutta

Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. mars 2013 kl. 11:04 av Torild Kveberg
1. Tenestedefinisjon: (teneste nr. 24120)

For å hjelpe personar med lidingar i muskel-, skjelett- og lungesystem. Den einskilde vil få undersøking, rettleiing og behandling av fysioterapeutane ved institutta.


2. Kven får tenesta

Alle som oppheld seg i Kvam som har behov for fysioterapi, primært etter tilvising frå lege/sjukehus.


3. Korleis få tenesta

Pasient eller behandlingsinstitusjon kan ta kontakt med instituttet der pasienten sjølv ynskjer å få fysikalsk behandling. Rekvisisjon frå lege er naudsynt bortsett frå til manuell terapeut.
Etter fagleg vurdering vil pasientar med akutt behandlingsbehov få tilbod om behandling innan 3-7 arbeidsdagar, elles innan 2 - 8 veker. Psykomotorisk fysioterapi er tidkrevjande og det er vanleg med noko lenger ventetid.


4. Kva omfattar tenesta

Kurativ behandling av muskel- og skjelettlidingar, nevrologiske lidingar, lungelidingar. Både individuelle og gruppebehandlingar blir gjeven. Dette gjeld og pasientar innan rehabilitering og habilitering..
Fysioterapitenesta har fysioterapeut med spesialkompetanse i psykomotorisk fysioterapi. Denne fysioterapeuten har kompetanse innan psykosomatisk og psykiatrisk fysioterapi, og kan ved hjelp av kroppslege tilnærmingsmåtar oppnå å betra pasientane si funksjonsevne, meistring og livsutfalding.
Det er og tilbod om behandling av fysioterapeut med spesialkompetanse i manuell terapi. Manuellterapeuten behandlar pasientar som har vondt i ryggen, bekkenet, brystveggen, nakken eller som har kjevesmerter eller hovudverk. Dessutan pasienter som har vondt i ledd, musklar, og/eller nerver i armer og bein etter slitasje eller skade.
Fysioterapitenesta har fysioterapeut som er spesialist i helse og miljø, d.v.s. forebyggende tiltak på individ og gruppenivå.
Fysioterapitenesta har fysioterapeut med vidareutdanning i lymfødem og kan gje lymfødembehandling.


5. Kva kan eg forventa av dei tilsette

At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.


6. Pris / kostnad / tilskotsordningar

Enkelte pasientgrupper får dekka alle utgifter til behandling frå Rikstrygdeverket, etter gjeldande reglar. Andre pasientgrupper har eigenbetaling, men deler av kostnaden vert dekka av Rikstrygdeverket.


7. Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om helse- og omsorgstjenester
Lov om folkehelse
Lov om helsepersonell
Forvaltningslova


8. Når ting ikkje fungerer

Ventelistene kan bli lengre enn i pkt. 3 ved sjukdom, permisjonar, feriar og kursverksemd. Ein vil så langt råd er prøva å tilby behandling hjå annan fysioterapeut/institutt i slike tilfelle.
Situasjonar i feriar: Så langt råd er, vil eit institutt i heradet vera ope i feriar.
Dersom du opplever at du ikkje får den hjelpa du treng, kan du ta kontakt med sjefsfysioterapeut snarast, sjå punkt 11.


9. Klage

Finn du grunn til å klage på innhaldet i tenesta eller på helsepersonellet som utfører tenesta, ta kontakt med sjefsfysioterapeut, sjå punkt 11.
Klagen må vere skriftleg og innehalda kva du er misnøgd med og kva du ynskjer annleis.
Dersom du ynskjer det, kan du få hjelp til å skriva ned klagen.
Dersom sjefsfysioterapeut ikkje imøtekjem ein klage som gjeld innhaldet i tenesta, eller på helsepersonellet som utfører tenesta, vert klagen sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland, for endeleg avgjerd.


10. Brosjyrar, anna/meir informasjon:

Du kan finna informasjon på Kvam herad si nettside: www.kvam.no


11. Praktiske opplysningar

Sjefsfysioterapeut. Helsebanken, Hardangerfjordvegen 650, 5610 Øystese
Tlf. 56553869 mob. 90176166
Strandebarm fysioterapi. Ope kvardagar Tlf 56 55 69 35
Hardanger fysioterapi. Ope kvardagar Tlf 56 55 14 23
Helsebanken fysioterapi. Ope kvardagar Tlf 56 55 48 77
Ålvik fysioterapi. Ope mån. ons. fred. Tlf.56 55 75 00
Norheimsund fysioterapi. Ope kvardager.mob.95166563
Adresser: Rådhuset Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer.56 55 30 00, Fax,56 55 30 01
E-post, postmottak@kvam.kommune.no
Ajourført 05.02.13 Ajourhaldet av sjefsfysioterapeut

Epost: Torild.Kveberg@kvam.kommune.no




ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no